Amerika-Brev.

 
Chicago, 17de Jan. 1878.
 
Kor reint rart det er fyr ein norsk Bondemann, strakst han kjem til dette Land! Det er ikkje berre Landet, som er ulikt alt, han hev set fyrr. Det er likeins med Folket. Alle Menniskjor bera seg aat imot honom plent som var han Likemann deira. Han er i Fyrstningen mest bljug af detta, og annat er ikkje ventandes, for heima i det kjære Norge hev han heile sitt Liv voret van ved, at "danade" Folk held seg ifraa honom i alt.
 
Aa ja, dei minnast det so væl, dei norske Farmarane her, og dei svalla um det stundom fyr Moro, Det er ikkje mange Dagarne sidan eg høyrde ein av deim sagde: "Eg vilde ikkje vera Bonde i Noreg atter fyr aldri saa godt, og væl det, so lengje det er paa gamle Maaten der. Jai meg, fyr nokre Kruslingar me vaaro. "Storfolket" raadde, og som dei hullad, so dansad me – og Gud naade den, som slog seg stiv i Nakken! Dei vaaro danade Menniskjor maavita, og me vaaro berre raabarkade Bøndar. Skulde me verta danade, so laut me leggja av Tungemaalet vaart og Vaadmaalstrøya. Men Klædeskjolen fell for dyr, og Tungemaalet sat for fast. Og so vart det aldri onnorleids. Storfolket i Bygdi var fyr seg, og me fyr oss; dei gjorde Nar av oss og me av deim, naar dei ikkje saag elder høyrde det. Dei laut hava sin serskilde Baas i Kjyrkja, og ein Bondelaut ikkje koma nære. Eg trur, hadde ein Storkar og ein Bonde voret læste inne saman i eit Rum heile Dagen, dei vilde aldri sagt Ordet til hinannan. Storkaren var for god, og Bonden laut ikkje vera nasavis. Skulde me koma nær Storkaren, so laut det vera med Huva i Hondi, um det so var midt paa Vegjen paa kaldaste Vinteren. Talad me til honom paa vaart eiget Maal, so skjynad han oss ikkje, elder han smilte svivyrdeleg og tok upp atter det, me sagde, paa sitt Bymaal.
 
"Men her era me Bøndar alle og Storkarar alle. Hev du Vit i Hovudet og ber deg høveleg, so kann du tala med kven du vil og gaa kor du vil, og ingen finnst aat deg fyr det, endaa Hondi er hard og brun og Bunaden grov og uvand."
 
Ein annan Farmar sa: "Eg var reint fortullad, fyrste Gongen eg kjøyrde paa Jarnvegjen her i Landet. Eg hadde kaupt Billet til ringaste Vogni. Ein Jarnvegs-Mann synte meg inn i ei Vogn, som var so gjild med glimande Maaling og sylvblanke Handtak og Putesætor med raud Plyds, at eg steig attende – eg tenkte, ho er fyr Storfolket, den, og ikkje fyr Bøndar. Eg saag ogso nokre fine Karar derinne, dei sat og røykte Cigar. Eg gjekk daa burt og stakk Hovudet in i ei onnor Vogn, men ho var endaa meir glimande og gjild, for ho var nyare enn hi. So gjekk eg fram til ei Vogn, som liknad meir paa dei norske, og vilde inn der. Nei, der vilde dei ikkje hava meg, dei hadde berre Kistor og Kassor der. Soleids gjekk eg og tumlad, til det ringde, og Vognarne skulde gaa. Daa tok ein Jarnvegsmann meg i Armen og kjøyrde meg inn i blankaste og greskaste Vogni, og peikad paa ein av dei gjilde, mjuke Sofaom. Aa ja, eg sette meg ned og strauk Huva av meg. So fint Hus hadde eg aldri voret i fyrr, og so mjukt hadde eg aldri setet fyrr. Men bid no, tenkte eg, til Mannen kjem fyr aa sjaa paa Billetten, daa lyt du nok pakka deg herifraa. Aa nei, Mannen kom, saag paa Billetten, tok Hatten min, stakk ein Lepp under Bandet og sette han paa Hovudet mit, radt nedyver Øyrom. Ja der sat eg. Vogni vart full av Folk av alle Slag. Prata gjorde dei og log, men ikkje myket høgt, og daa det leid paa, kom ei aldrug, fin Kona og sette seg jamsides meg."
 
Kjem ein inn paa Kontoret til ein Embættsmann, so er der inga Heksing og Gleksing og tverteSvar. Dei beda deg sitja ned, og tala venlegt og fint til deg, men greit og beintfram. Kjem du inn i ei Krambud elder eit Posthus elder ei Hotelstova, so kann du gaa der og staa der og sitja der og prata med Kjenningar so lengje, som du vil, og ingen grin aat deg fyr det, og den eine er likso god som den andre, so lengje han fører seg pynteleg.
 
I eit slikt demokratiskt Samfund maa det vera lett fyr ein Nykomar aa læra aa kjenna Landsens Stell og Skjikk i Politikken og alt annat. Den eine hev lett fyr aa læra av den andre, og hev han god Vilje og strævar ærlegt, so kann han faa so stor Magt og Heider, som han er verd og evlar, anten han er Bonde elder Storkar. Men ein lyt vera vaken og halda seg fram. Det er Raad til aa krjupa i Kraa her i Landet ogso, og ingen Ting læra og ingen Ting gjera til Landsens samfelde Styre og Framgang. Den norske Nykomaren lyt taka seg i Vare fyr detta. Det er ikkje fritt fyr, at Nordmennarne her i Landet hava haldet seg litet for myket fyr seg sjølv, lært for litet af Landsens Stell, havt for litet aa segja i Landsens Styre og fenget for liten Deild i Landsens gode Ting. Det var mange Ting, som veldde detta. Fyr aa faa billegt Land, laut dei fara langt ut paa Præriarne elder inn i Skogarne. Der hadde dei ikkje nokot vidare Samlag med Amerikanarom. Dei Norske krullad seg jamnast i Hop i ei Bygd elder Grend fyr seg sjølv. Detta var naturlegt. Landsmenn vil gjerna halda saman midt i eit framande Land. So kom dei til aa liva myket paa gamal Vis, tala sit eiget Heimemaal, tenkja berre paa si eiga vesle Grend og lata alt utanfyr denna vera framande og uvedkomande.
 
Detta var godt fyr ein Ting. Dei fekk Tid til aa kurra seg i Landet og vart ikkje sporlaust gløypte upp av det framande. Dei kunde sjaa paa detta, tenkja paa det, freista det eit Stykkje um Senn og taka upp det, som dei syntest dugde. Og dei kunde halda paa det, som var godt og umissande av det Norske. Og betre enn alt, dei kunde halda paa si lutherske Tru, faa i Stand Meinigheiter, byggja Kjyrkjor og halda seg Prestar.
 
Berre dei no gjekk den rette Millomvegjen og ikkje gjorde korkje for litet elder for myket av det eine elder det andre. No synte det seg, kor tvibrengt og leit det var aa hava tvo Maal, eit til Heimebruk og eit i Bøkom og i Kjyrkja. Det vart for mange Maal aa dragast med. Engelsken laut lærast, um det norske Folket skulde faa nokon Framgang i Landet. Men Dansk-Norsken laut ogso lærast av Borni fyre Trui si Skuld. Og Norsken, Morsmaalet, kunde Nybyggjingarne ikkje verta kvitt, um dei vilde. Mest alle av deim kunde ikkje meir enn som lesa Dansk-Norsken, og slo laut Norsken vera Heimemaalet liksom i Norge. Hadde det no ikkje voret fyre Trui si Skuld, elder hadde dei havt norske Bøkar og Prestar, som kunde preikat paa Norsk, og sjølv voret tamde til aa lesa Norsk og ikkje voret upplærde til aa mismæta sitt eiget Morsmaal, so hadde dei gjevet Dansk-Norsken ein god Dag. Men no laut dei dragast med honom. Dei fekk seg Prestar, lærde, gjilde Prestar fraa Norge; dei talad Dansk-Norsk og takkade Gud, at det ikkje var nokot norsk Maalstræv elder Landsmaal her i Landet. Folket laut hava Religionsskular nokre Vikor i Aaret. Der laut Borni brengjast til aa læra Dansk-Norsken fyr aa verta komfirmerte, plent som i Norge. Men Borni hadde ingen Hug paa Dansk-Norsken, dei hadde Hug paa Engelsken. So laut dei skræmast. Det saag stygt ut til at dei skulde verta for amerikanske og ikkje meir lesa dei dansk-norske Postillarne og høyra paa dei dansk-norske Preikorna. So laut Engelsken og "det amerikanske Væsen" gjerast til ei Skrymsla, ein faarleg Ting, som ein laut agta seg fyre, so at ein ikkje miste Trui og Saali si. Og so laut ein daa endelega halda paa "den norske Nationaliteten," som var myket betre enn alle andre Nationalitetar, og hadde ein "pugat" Barnelærdomen paa Dansk-Norsk, so var ein sikker.
 
Aa ja, mange av Ungdomen lærde Dansk-Norsk, era "nationale" og kunna ikkje Engelsk til Gagns. Men mange braut laus, daa dei var konfirmerte, snudde Ryggen til Dansk-Norsken og Kjyrkja og vart amerikanske. Dei kom jamnan væl fram i Verdi, dei fekk gode Tenestor, vart "Business"-Menn og jamvæl Embætsmenn. "Gode Lutheranerar" vart dei ikkje, og difyre ser det rette norske nationale (dansk-norske), lutherske Folk paa deim som fallne og "fortabte" Landsmenn, som hava latet "forføra" seg av "det amerikanske Væsen." Her kann ein sjaa, kvat den dansk-norske Tvangstrøya hev gjort her i Landet.
 

 

Frå Fedraheimen 16.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum