Det norske Samlag.

 
- 1878, 9de Aaret. –
 
Samlaget hev til Fyremaal aa hjelpa fram den norske Bokavlen, og gjev ut Bøker baade paa Landsmaal og i Bygdarmaal.
 
Den, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Krunor Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og, fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut, fritt sende med Posten. Ein melder seg i Brev til "Rekneskapsføraren fyr det norske Samlaget (Lærar Johanson, Rusløkvegen 44) Kristiania," og maa med det same senda Aarspengarne.
 
Dei, som no skriv seg og bitalar med same, fær fritt ikring 8 Bøker elder Hefte (af Aasen, Vinje, Janson m. fl.), so langt Upplaget rekk, -umframtdei nye Bøkerne, som kjem ut i Aar.
 
Av dei Bøker, som truleg er ventande i 1878, skal me nemna: Norske Fornkvæde og Folkekvisur I; Dikt av Jørn Telnæs; Norske Eventyr ved Kristofer Janson; Soga um Magnus GOde, Harald Haardraade, Olav Kyrre og Magnus Barfot (Snorre III); Gudelege Smaabøker II o. m. – Ein fær og fritt til-seg-sendt Maanadsskrift "Fraa By og Bygd," som kjem ut i Bergen.
 
Paa 6 bitalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likaeins vert Ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og bitalar fyr 6 nye Lagsmenn.
 
Eldre Lagsmenn maa altid hugsa aa senda inn Pengarne fyr kvart Aar i fyrste Helvti av Aaret; hellest stansar Boksendingi, so lengje til dess Pengarne kjem.
 

 

Frå Fedraheimen 16.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum