Kongedøme og Republik.

 
[Del 3 av 6]
 
IV.
(Framhald.)
 
Daa germanske Folk hadde trengt seg inn i Italia og flødde yver Landet, og Feudalvæsenet vart innført, arbeidde smaatt um Senn det gamle Landsfolket seg uppatt. Mange Byar vart so rike og megtige, ved Handel og Industri, at dei gjorde seg mest frie fyr Herredømet av Lensmennerne og Bisparne og skipade seg som frie Kommynar, som hadde visse, fastsette Avgifter aa svara til dei verdslege elder geistlege Yverherrarne sine. Borgararne styrde Kommynen sin sjølve, og kvar Kommyne var som eit Rike fyr seg sjølv. Daa dei inkje hadde funnet paa aa velja Repræsentantar endaa, kunne inkje andre vera med i Styringi enn dei, som budde i Byen elder tett ved, og naar Byen lagde under seg andre Byar elder Landstykke, vart desse liksom ein offentleg, kommunal Eigedom fyr heile Borgarsamfundet. Desse Kommynarne liknade soleides myket paa den romerske og dei greske Republikarne. Dei vart so megtige, at dei stridde i mange Aar med den tyske Kjeisaren Fedrik Raudskjeggen (Barbarossa), som gjorde Krav paa Italia, og sistpaa slo dei Kjeisaren slik, at han gjorde Fred med dei og godkjende dei fyr frie Byar under Kjeisarens Yverherredøme. Seinare vart Kommynarne heiltupp frie og det me kallar Republikar. I Norditalia var det mange slike smaa Republikar, og dei blømde reint merkelegt. Der var ei Upplysning og ein Kultur og ein Rikdom, som det inkje hev voret Maken til i Europa fyrr i dei siste Tiderne. Umkring Aar 1300 kunne Byen Florens senda ut 30,000 Mann og Landdistriktet 80,000. Republiken hadde ei Inntekt paa 310,000 Florinar, mest likso myket som Statsinntekterne i Norig, og meir enn Statsinntekterne i England og Irland under Dronning Elisabet fleire Aarhundrad seinare. Florens hadde 80 Bankar. Det gjekk 10,000 Born paa Skularne og lærde aa lesa, 1200 studerade Arithmetik og 600 fekk lærd Undervisning. Paa Ull-Verkstaderne arbeidde 30,000 Mann. At Aandslivet var likso rikt, syner Namn som: Dante og Boccaccio, og seinare Michel Angelo. I andre Land i Europa var det paa denne Tid grov Yvertru, mest ingi Upplysning og ingenting til Skular, myket Fatigdom og ingen Fridom fyr Folket (Norig og Sverik og Sveits var mest dei einaste Land, som inkje Bonden var ufri i). Adelen trakkade paa Folket og trassade Kongarne. Men i dei italienske Republikarne var Adelsmennerne inkje Tyrannar, men dei fyrste av Borgararne berre. Sume Stader hadde dei stor Magt, som i Venedig; der reiv dei all Magti til seg, og Folket hadde ingi Magt, men andre Stader hadde dei litet aa segja, og i Florens hadde inkje Adelen Rett til aa faa Embætte dessmeir.
 
Ein kunne læra utruleg myket av aa lesa grunnigt um desse Republikarne. Mest forvitneleg er det aristokratiske Venedig og det demokratiske Florens. Venedig liknar mest paa Rom. Adelen styrde klokt og strengt, og Venedig var gjenom lange Tider ei Stormagt og hadde store Landstykke under seg i Grekenland og Tyrkiet og Italia. Denne Republiken stod til 1797, nettupp 1100 Aar etter den fyrste Formannen paa Livstid vart utnemnd, 697. 1)
 
Det er ei stor Skuggesida ved desse Republikarne: forfælande Ufred millom dei, og blodig Borgarstrid. Men det kunne inkje anderleides vera. Millomalderen var ingen Fredsalder, og i Italia var det mange Meiningar og Interessar som stod mot kvarandre. Det vart paa Sluten til det, at det vart "Tyrannar" i dei fleste Byarne. I Florens styrde Kosmo de Medici i 30 Aar (1434-1464), men han var ein utifraa "Tyran." Han styrde, liksom Perikles i Athen, fyrutan Løn og Titel. Han hjelpte upp Vitenskapen og Kunsti og samlade Handskrifter av dei gamle romerske Bøkerne og gjorde Byen rikare og megtigare enn fyrr. Han styrde fyr heile Borgarsamfundet, endaa han berre var Privatmann, og den republikanske Borgaraand var so sloknad no, at dei rike Borgararne var glade dei slapp aa hava nokot med Styringi. Med endaa større Glans styrde Sonesonen Lorenzo. Han prydde Byen med Kunstverk og fagre Bygningar, so Byen vart reint ei Bisn aa sjaa. Men med det politiske Livet var det ute. Snart etter vart Florens og Landdistriktet, som høyrde til, eit Hertugdøme.
 
1) Og endaa er det mange, som meinar, at det er raadlaust, at ein Republik kann standa fraa no og til Paaske!
 
 

 

Frå Fedraheimen 16.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum