Log og Rett.

 
Det nyare Logverk heve sett Bøndane til Styresmenn fyr mange vandesame Saker, so dei kjem til aa turva godt Kjenskap til Landsens Log og Rett for aa kunna bruka si Magt til største Gagn. Difyre vilde det inkje vera av Vegen, um dei toko paa aa greida ut i eit Blad om sams Rettebøtar og dermed skipa Samhald i Afgjerder, som heve eins Grunn. Fedraheimen trur eg vilde vera eit lagelegt Blad til sovori Utgreiding. Eg vil daa tala nokot om ei Sak, som heve myket Vigt i seg for heile Landet. Det er, korleids Logi af 9de Mai 1863 om Verdsetjing av Gardar skal takast upp paa rettaste Maaten.
 
Fyrr denne Logi kom, var det etter § 19 i Odelslogi so, at naar Eldste Son eller Dotter skulde taka imot Jordegods af Foreldri, so skulde Mennanne setja det i fuldt Verd etter gangbar Pris i Bygdi.
 
Men Logi blei nok inkje tekji so streng, som ho i Grunnen var, daa det var grott fast i Bøndane, at Sonen laut faa Garden etter Faeren fyr godt Kaup, naar det inkje skulde bera bein til Utarming og Garden koma paa Rek som annan laus Vare.
 
Og so toko Foreldri paa sjave aa skifta si Bu og selja Garden til Løysningsmannen fyr ein Pris, som dei totte han kunde sleppa ut med aa betala, naar Garden skulde haldast i Ætti og bli stelt paa ein høveleg Maate. Fyr desse Saker Skuld fekk inkje Logbodet om Uppspiling af Gardeverdet gjort so myket Skade som det hellest vilde hava gjort.
 
Men dei styrande Menn i Landet komo daa under Veer med, at ei Rettebot trengdest. Det var vel røynt at kvar Mann vilde, at hans Odelsgods skulde bli i Ætti og haldast i god Stand, so det kunde brukast med Hugnad og Vyrdnad. Naar Faer og Moer voro gamle Folk, vilde dei best kunna stella det so, at kvar af Borni deira fekk den rette Arvelut etter som Tilstandet var, utan aa leggja so myket Udreidsel paa Gardemannen, at det var vonlaust for honom aa klara seg.
 
Logi af 9de Mai 1863 kom daa ut. Ho er so:
"Den Aasædesberettigede kan fordre sig Aasædet udlagt til den Pris, som af Arveladeren ved Testamente er bestemt. Har Arveladeren ikke paa denne Maade tilkjendegivet sin Villie, bliver Værdien at ansætte ved en billig Taxt."
 
No heve det nok paa ymise Stader utyver Landet voret nokot lause Meiningar um, kvat ei "billig Taxt" var, og kanske heve nokle Juristar teket Saki so "juridisk" at naar tvo Gardar var af same Verd, so laut dei ogso setjast i same Peningsum, utan aa sjaa etter, korleids Bui hellest hadde det, og det var daa berre aa sjaa paa Garden, skyna, kvat den var verd i ein Handel, og so setja ned Verdet nokle Dalar av kvart Hundrad, ettersom det var komet til Skikk i Bygdi. Detta blei daa eit jamt Aftrekk paa kvar Gard etter hans Verd, anten det stod godt eller vaakje til med Bui. At detta er ravgalet, tykjest eg ein og kvar maa liksom kjenna aa seg.
 
Det kan ogso godt synast ved aa stella tvo Treff imot hinannen:
 
Det fyrste: Naar det etter ein Mann var tvo Søner og dei skulde erva ein Gard som Mannen kunde liva paa, og som i Handel var verd 1000 Spd., og dertil i lause Penning 1000 Spd. Her var det inkje Naud fyr aa taka myket af Handelsverdet paa Garden, endaa nokot laut vel takast for aa fylgja Logis Bokstav.
 
Det andre: Etter ein Mann var berre ein Gard, værd 1000 Spd., og Ervingarne voro 5 Born. Dersom der daa skulde vera Von um, at Løysningsmannen skulde kunna bli hangande med Garden, so laut den setjast laagt, snaudt i halvt Verd.
 
Nokot meir Tolking herum tarv eg inkje koma med, daa desse tvo Treffi maa syna, at det er galet, naar Domsmennane halda seg til eit jamt Aftrekk paa kvar Gard etter Storleiken paa den fulde Pris.
 
Logi hev gjevet Foreldri full Raadag til aa gjera som dei maatte tru var rettaste, avdi det hadde synt seg, at dei best kunde, og voro nærastetil det. Men dersom dei skulde døy utan aa hava sett fast noki Afgjerd, so er det Mennar, som skal gjera det i deira Stad.
 
Naar daa Mennane gjera soleids, som dei sjave vilde hava gjort, um dei hadde voret Foreldri, so gjera dei i Sanning Rett og turva inkje bry seg um haarkløyvande juridisk Logtolking.
 
Eg meiner at Aasædestaxterne lyt vera laage, for at Bondestanden inkje reint skal armast ut, men eg vil inkje, at Gardeguten skal liva paa Stormannsvis og dei andre Borni ganga ut med Ingenting. Han lyt faa Garden so, at han med Stræv og Sparing kan sitja med honom, halda honom i god Stand og gjera dei Framstig i Bruk og Dyrking, som den rette Røynd vil syna.
 
L.
 

 

Frå Fedraheimen 16.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum