Notisar

 
Storthinget. Pensionsnemdi er ferdig med Framlaget sitt um Regjeringi sitt Paaskott um Pensionar fyr iaar. Dei var alle samstelte, men det er ikkje i allt likt det, Regjeringi vilde hava det; i sumt hev dei teket fraa og i sumt hev dei lagt paa.
 
Skattenemdi. Som Lesararne veit, negtad Storthingets Økonom aa betala Nemningsmennerne Rekningi deira i Haust, daa han ikkje vilde gilda Præsidentens Anvisning utanfyre Thingtidi. Men no fyrst i Vika her gjorde han det, og sette Pengarne paa den Kontoen, Storthinget hadde sagt det: "Tilfældige Udgifter ved Storthinget." Men no um Dagen kom Statsraad Helliesen upp aat Storthingspræsidenten, Essendrop, og sagde det, at Pengarne var betalte ved eit Misnaam, og at han hadde aa passa paa, at Nemningsmennerne ikkje fekk Pengarne paa den Maaten, som Thinget vilde hava det, men soleids som det var sagt i den kongelige Avgjerdi av 2dre August. Aat detta svarad Præsidenten det, at han hadde aa lyda det som Thinget hadde sagt, og at han no var meint paa aa leggja Saki fram fyr Thinget. Sidan skal Saki ha beinkat seg likevæl.
 
Ein Kortfabrikanther i Byen, Christensen hev komet i Skade fyr aa hava gjort Kontrolstempel sjølv og set dei paa Korti. Paa den Maaten hev han stemplat innpaa 6000 Kortleikar.
 
Um aa flytja Noregs Bankfraa Throndheim til Kristiania hev det voret fyr seg havt i eit Møte av større Handelsfolk her i Byen.
 
Kapprenn paa Skeisurer no nyst haldet paa Skeisebanen utanfyr Akershus Festning. Fyrst var det Lengderenn 8500 Alner, som den skjotaste brukad væl 14 Minutar paa. Sidan var det Uppvisning av "Kunster."
 
Stor Sending. Det er god Raad paa fersk Sild no i Kristiania. Ein Riksmann her, Westly Egeberg hev kaupt upp mykjet taa henne og baade deilt ut aat fatige Byfolk og sendt utyver Landet til alle Kantar. Soleids paa Vestbanen hev han sendt paa Lag 44,000 Stykkje Sild.
 
I Indienhev det i denne svære Naudi, som der hev voret, døydt burt Fjordeparten av Folket elder 1,250,000 Mann.
 
Med Timberhandelen hev det gjenget fælande smaatt i Marknaden. Prisarne var laage, so mest inkje vart selt.
 
Majestætsforbrot. Kongen skal i sidste Statsraad hava gjevet Løyve til aa leggja Sak mot Bladet "Hardangeren" fyr eit Stykkje som stod der som Brevsending fraa Nordhordland. Det var i detta skrevet um Kongens Medalje fyr Framgang i Jordbruk, som Aga (Storthingsmann hev voret) hadde fenget. Det som veld Saki det er væl desse Ordi: "Men – "en vis Mand lønner og frir sine," og saaledes er det vel med Kongen, Regjeringen og Aga."
 
Festen til "Fædrenes Minde" vart halden av Studentarne Maandag.
 
Fraa By og Bygd No. 2: Um Kunstarbeid (Fyredrag av A. O. Vinje). Ei fager Lid; Jonsokkvelden (av H. E.) Ein Sumardag i Jerusalem i Aaret 9 fyre Kristus (etter F. Delizch).
 
Bygdemaal i Skulen. Til Thinget er innsendt eit Framlegg til Log um, at Lærararne paa Landsskulen skal undervisa paa Bygdemaal. Framlegget er underskrivet av Herrarne Præsident Sverdrup, Haugland, Hjalmar Løberg, Skaar, Juel, Havig, Moses Møller, Øverland, Mortensen, Arctander, Aarflot, Welde, Olafsen, Ueland, Bøhn, S. Nielsen, Seljelid, Liestøl, Igland, Hektoen, Lindberg, Alb. Jakobsen, Kolbenstvedt, Brandt, Eskeland, Jakob Sverdrup, Tharaldsen, Bentsen, Holm, Egge, Thune, Strande, Brandvold, Rinde, Storsteen, Hjelmstad.
 

 

Frå Fedraheimen 16.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum