Utlandet.

 
Det hev ikkje voret lett aa faa Skil paa Tilgangen og Tilstandet paa Balkanhalvøyi i det sidste. Det hev voret paa det uvisse desshelder, um Freden var gjord, elder um Striden endaa var paaherdande: Den 5te Februar - 5 Dagar etter at Semja um Fredsgrunnlaget og Vaapenstilla skulde vera underskrivi – kjende ikkje sjølve Porten dei eigenlege Vilkori. Og Ryssarne gjekk fram og fram, til dess dei hadde dei turkiske Forsvarslinor utanfyr Konstantinopel i si Hond, so Staden laag open fyr deim. Mest samstundes kunngjorde det rysske Styret ein Deil av Vilkori fyr Vaapenstilla, so som dei var vedtekne etter Tingingarne i Adrianopel og Kesanlyk, og seinare hev det komet nøgnare Tidend um deim. Dei viser greidt, kor reint Turkarne hev gjevet seg yver, og at det ikkje enno hev vortet nokor endeleg fast Avgjerd um Freden, og det vert lett aa skyna, korleids Framgonga til Ryssarne kunde vekkja ein Støkk baade i Konstantinopel og i London og gjeva deim den Trui, at den turkiske Hovudstaden snart vilde verta teken. Av Vilkori skal me merka: Vaapenstilla kann verta uppsagd med Varsel 3 Dagar fyreaat; alle Landsluter og Kanonor, som er tekne etter at Vaapenstilla er underskrivi, skal gjevast upp; det skal avstakast ein nøytral Landsbolk millom dei stridande; Ryssarne skal mannsetja Burgas og Midia ved Svarthavet fyr aa faa Matvaror til seg førde; dei turkiste Orlogsskip skal innan 3 Dagar røma Sulina-Osen, soframt Isen ikkje er til Hinders; Blokaden elder Hamnestengsla i Svarthavet skal hava Ende. Turkeveldet i Europa ser no ut til aa syngja paa sidste Verset, og det vil visst ikkje vera moglegt korkje fyr England elder Austrike aa halda eit kunstigt Liv i det stort lenger. Det er au trulegt, at Turkiet no slær seg attaat Ryssland og søkjer Hjelp og Vernd hjaa det likeso snart som hjaa England; i dei sidste Dagar hev det endaa gjenget Ord um eit Samband deim imillom til sams Aagrip og Forsvar. Eit Vitnemaal bland andre um, at det er haldet fyr aa vera ute med Turkeveldet, er det, at England hev sendt ein Orlogsflote til Konstantinopel fyr aa verna um engelskt Liv og Eigedom, um det skulde koma til Upprør innbyrdes. At ikkje dette skulde sjaa ut som eit fiendlegt Tiltak, gav England dei andre Magter - Ryssland med – Melding um, kvat det etlad gjera, og bad deim gjera likeeins. Ryssland hev likevæl gjort dette til ein Grunn fyr seg til aa hersetja Konstantinopel ("fyr aa verna um dei Kristne" heiter det). Innsiglingi vart utsett ei Stund, fyr di, at Sultanen lagde ned Forbod; men den 13de Februar i Otta hev 6 engelske Herskip lopet inn i Dardanell-Strætet; tidlege Torsdags Morgon skulde dei vera ved Konstantinopel. Likeso hev alle dei engelske Orlogsskip paa Malta fenget Order til strakst aa gjeva seg i Lag med Austerlandsfloten. Den franske, den italienske og den austrikske Floten ligg ogso ferduge til aa laupa inn. – Fredsvonerne skal no ikkje verta ljosare av alt dette. Etter dei sidste Tidender er det au so, at England berrsynlege bur seg paa det verste; den engelske Regjeringi tingar um store Matsendingar aat Heren, paa Voni um det skulde gjelda paa. Austrike og Ungarn gjerer seg au reiduge. Bryt det ikkje no strakst laust med ein Storkrig, so er det iminsto visst, at dei alle saman kjem til aa møta fullvaapnade paa den Konferensen (Raadstemna), som det er Tal um. Det hev voret sagt, at alle Magter skal vera samde um, at ei slik Stemna skal haldast, og at det berre er Stemnestaden, dei ikkje er forlikte um. Kor som er, so kjem no fulla ikkje detta Møtet i Stand, fyrr enn Ryssland og Turkiet hev vortet samde um det verkelege Freds-Grunnlaget, og i alle Fall er det n og aa verta usams um. Det er trulegt, at Skipnaden med dei kristne Underland vert framlagd fyr Europa til Avgjerd, men at Partarne seg imillom vil greida Spursmaalet um Krigsskadeboti. Det er iser Bolken um Dardanell-Strætet, som England vil setja seg imot, og som det hev sett seg imot fraa fyrste Stundi, men som stend der like fullt: at Kjeisaren og Sultanen skal hjelpast til aa tryggja Rysslands Interesse i Stræti.
 
Den engelske Regjeringi hev i den sidste Tid faret fram paa ein Maate, som syner, at ho veit med seg sjølv, kvat ho vil; det er no helder ikkje meir enn som rimelegt kann vera etter Tidi. Ei Styrkjing fekk Regjeringi ved Avrøystingi yver Umfram-Tillaget den 8de Februar; ho fekk dei 6 Millionar Pund med ei Yvervegt paa 204 Røyster.
 
Motstandet sljonad, daa det leid paa og Tinget sjølv fekk sjaa, korleids Sakerne stod; Forster tok atter sitt Forslag, og mange, og det fleire av dei fremste Kultarne i Motstandsflokken, let vera aa røysta. Stridsmodet synest aa vera i Vaksande i heile Nationen, og etter dei nyeste Tidender ser det ut til, at korkje Regjering elder Folk vil skvetta undan fyr dei tyngste Offer til aa frelsa Englands Æra og Interesse.
 
Den greske Krigen fekk ein snar Ende. Vaapenstilla millom Turkarne og Grekarne vart gjort med dei Skilord, at Greklands Krav skulde koma til Avjerd paa Konferensen, at den greske Heren skulde verta standande i Tessalia og Epiros, og at Turkiet batt seg til aa lata Upprørarne paa Kreta i Fred. Det er trulege England, som hev midlat. England og Austrike hev ikkje nokot imot, at Grekland kjem sovidt til Magt, at det kann verta ei Motvigt mot Slavarne paa Balkan-Halvøyi; Ryssland ser naturlegvis minst blidt paa, at Grekland vidkar seg ut.
 
Pave Pius den Niende døydde Torsdagen den 7de Februar ved Kl. 5 um Eftan, 86 Aar gamall. Han hadde sitet paa den heilage Stolen i 31 Aar 8 Maanader, altso lenger enn nokon av sine Fyremenner. Det plagar aa vara eit Bil, fyrr ein ny Pave vert vald.
 

 

Frå Fedraheimen 16.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum