Notisar

 
Storthinget tok paa Marinebudgettet Maandag. Til Øvingsferder hadde Regjeringi uppført 268,000 Kr. av Nemndi var det nedsett til 218,000 Kr. og av eit Undertal i Nemndi til 181,000 Kr. Richter tok upp Regjeringi sitt Forslag. Han meinte, det var ikkje verdt aa spara i so Maate no det var so urolege Tider, det var tryggast aa bu seg til so baade. Holmesland og Jaabæk talad fyr den mindste Sum, det var so trongt um Pengar at dei maatte sjaa til aa spara paa alle Leider. Daae, Velde og Kapt. Jacobsen heldt paa Innstillingi, som vart vedteket med 87 Røyster. Forslaget til Regjeringi fekk 10 med seg og Undertalet i Nemndi 17. Til Byggjing av ein ny Slag Kanonbaat og til Forandring av nokre andre Baatar hadde Regjeringi uppsett 700,000 Kr. Nemndi 510,000, eit Undertal i Nemndi 320,000 (soleids at det ikkje vilde lata nokot til Regjeringi av den nye som av Byggjingi var upsett til 380,000 Kr. og av Nemndi til 350,000 Kr.) Hille, Daae, Motzfeldt, Velde og Richter heldt paa Innstellingi og Kapt. Jacobsen og Sverdrup fyr Undertalet sitt Forslag. Innstellingi vart vedteket med 64 Røyster mot 46.
 
Thorsdag vedtok Odelsthinget med 46 Røyster mot 135, at det skulde gjevast Heradsstyrom Rett til aa leggja Skatt paa Hundarnei i Herad.
 
Storthingsmann Bjørnsgaard hev fenget Heimlov, fyre di han er klen med Helsa.
 
Ei Jordskrida rasad ut Maandag ved Jarnvegen ikkje langt fraa Eidsvollsbanens Station, so dei no ikkje kann køyra heilt fram.
 
Norskt Arbeid. Industrimusæet i Kristiania skal senda til Utstillingi i Paris i Sumar ei Samling av norskt Sylvarbeide, og utsaumade og utskorne Saker, det sidste fraa Ole Olsen Moene i Uppdal.
 
Til Reisepengar fyre Aalmugeskulelærarar hev Oplysningsvæsenet latet til 2400 Kr. fyr Aaret 1877-88, og for næste Aar lika mykjet. Dei som vil hava godt av desse Pengarne, maa søkja Kongen gjenom Stiftsdirektionen fyr 15de Mai iaar.
 
Statslaanet. Ein stor engelsk Pengemann hev voret i Byen og samraadd med Finantsdepartementet, og det gjeng Ord um, at det faste Laanet alt hev vortet gjort.
 
Dagbladet er dømd til bøta 300 Kr., til Statskassa og 200 Kr. til Umkostningar fyr di det i eit Stykke fraa 1876 hadde sagt det, at Oberst Grimsgaard hadde viljat tagt paa nokre nye meinslege Vilkor fyre Mannskapi, som skulde leigast til Jægerkorpset.
 
Styret fyr Rørosbanen hev havt Møte her i Byen. Dei vil senda inn Søknad til Thinget um aa faa eit Laan paa 200,000 Kr. til aa driva Ferdsla utgjenom, liksom det er gjort med Jadarbanen. – Fyre Sumaren skal det vera avgjort, at Uppferdi skal vera Natti yver paa Tynset og Nedferdi paa Koppang.
 
Borgerlegt Ægteskap. Kyrkjenemndi greiner sig ut i mange Meiningar um Saki iaar. Fem Menn: Steen, O. Nielsen, Adj. Nilsen, Jak. Sverdrup, Smitt held paa valfritt borgerlegt Ægteskap. Dei 3 fyrste er samde um det, at Presten skal hava Rett til aa negta kyrkjeleg Vigjing, Smitt vilde ogso hava med at viteleg Vanvyrdnad fyr Ægteskapet skal medføra Kyrkjetugt. Jak. Sverdrup vil helst ikkje hava nokor av desse kyrkjelege Forskrivter med i Logi. Tri: Biskop Essendorp, Taraldsen og Vefring held paa borgerlegt Ægteskap til Naudhøve, men ingen av deim er samde hellest. Bentsen endeleg vil hava det fyr alle.
 
Retting. I fyrre Bladet stod det, at Sverdrups Forslag gjekk med 67 Røyster, men det skal vera med 55 mod 55.
 

 

Frå Fedraheimen 30.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum