Peter Hærem.

 
Av Arne Garborg
 
Faae Menn hev havt so mange Kjenningar som Peter Hærem. Han kjende heile Verdi. Og han heldt av alle dei han kjende. Eg hev aldri seet ein Mann med eit so rikt og eit so uslitelegt Hjartelag. Um det var Meiningsfelagar elder Motstandarar, det var like godt. Alstødt naar du kom, var det detta djerve, breide hjartelege "Goddag, goddag, kjære Ven!" med eit Handtak so traust, at det sveid, og ein glad Smil yver heile Andlitet, so du vart i Godlag um du var aldri so sturen. Og altid hadde han ei Stund tilovers fyr den, som vilde hava Raad og Hjelp av honom, elder som vilde kvila og kveikja seg ved ein hyggjeleg Samtale med ein hugfrisk Mann. Og av slike var det mange. Det kom og gjekk Folk heile Dagen. Han var reint uppaa-rennd. Men han heldt ut. Han kunde trøytna; i dei seinste Tider kunde du treffa honom baade sliten og arm. Men han hadde endaa sitt gode Lag og sin friske Hug. Siste Gongen eg saag honom – det var væl eit Par Vikur fyrr han døydde – sat han i Sofaen so arm og trøytt, at det var saart aa sjaa, og Mælet hans var so haast, at han berre kunde kviskra. Men det var det same varme Handtak, den same ljose Smilen, og det same gode Humør. Han skjemtad og var glad. "Nu har jeg lagt mig til slig en interessant Samling af extra superfine, høifornemme Sygdomme," sagde han, - og talde dei upp. Javisst var dei "fornemme;" men ikkje fyr det: dei kunde nok drepa sin Mann. Likevæl laut eg læ. Eg tenkte mindst, at detta var sidste Gongen. Han hadde altid set so sterk ut, at Ingen rett vilde tru paa Sjukdomen hans.
 
Han var fødd i Stavanger 1840; Foreldri var Bondefolk or Ryfylke. Moer hans var ei gjenomgod og gjenomkristeleg Kona av den gamle Haugeflokken, og det er Syn til, at ho hev visst aa fostra sine Born i "Tukt og Herrens Formaning." Hærem minntest henne med stor Kjærleik og talad ofta um henne. I 1859 kom han til Kristiania og tok Studentereksamen. Her kom han i Professor Johnsons Skule, og det han her lærde, høvde godt ihop med det, han var heimangjord med, og det var soleids naturlegt, at han i alt sitt Liv kom til aa standa heilt paa den Sida. Detta faste Samheng i hans kristelege Uppfostring, at han jamt fekk halda fram i ei Leid og ikkje kom uppi andre Synsmaatar, det gjorde, at han aldri visste av Tvil elder Trivling, men var merkjeleg stød og fast i si Tru og sitt Livssyn. Han var væl det dei kallar "einsidug" elder einsynt. Men just detta var det, som gjorde honom sterkare enn flest alle no. Han visste kvat han trudde og vilde, og difyre kom han til aa gjera nokot i sitt Liv. Eg kunde ynskja, at me hadde meir av slikt Einsyn nokon kvar. Det er Tvisynet, elder Fleirsynet, som magtstel oss. Tanken er ofta reint upp fyr Viljen.
 
Ingen av dei eg kjenner hev havt so fast ei Tru paa Folket vaart som Hærem. "Hvad Bondens Grund fik bære, skjønt aldrig der blev saat, det er vor Folkeære og har vor Fremtid spaat", sagde han so tidt og so tryggt. Difyre var ogso Bjørnson, den "gamle Bjørnson," hans Diktar; han kunde hans Vers utanbokes i Mengdetal. Han hev kveikt mang ein ung Manns Mod og Arbeidshug ved denne si Tru paa Folket, og det skal han hava Takk fyre i si Grav. Og ikkje minst av meg.
 
Det fyrste fyr honom var, som me alle veit, Kristendomen. Kunde den faa gro i Folket, so var Alt vunnet. Men dersom Vantrui fraa Utheimen skulde vinna inn, so var alle Voner um eit sunnt og sterkt Folkeliv sløkkte. Han tottest sjaa detta av Tilstandi ned i Europa, serleg i Tyskland. Difyre lagde han si største Magt paa, at Gudsordet kunde koma til aa "bu rikeleg ibland oss." Han var den drivande Kraft i "Lutherstiftelsen." "Ynglingeforeiningarne" gjekk ut av den same Tanken. Han lagde serleg Lag paa "Pressen," at den heldt seg rein fyr Ukristendom og Gudløysa. Det galdt um, at Ingen fekk "frarøve Folket dets bedste Arv." Alle, som elskad vaart Land og Folk, burde standa Vakt um den.
 
Bladet hans, "Fædrelandet", skulde vera som ein Berar fyr desse Tankar. Det maatte vera eit aalmennt Folkeblad, altso politisk; men det skulde ogso stydja det kristelege Arbeid i Folket, og so vart det religiøst med. Det vart "det religiøs-politiske Blad Fædrelandet." Her var det bl. A. hans Ulukka, at han var so "konservativ;" – me veit Alle, korleides Folk forstod Bladet og hans Arbeid i det. Og fraa henne Tyding av Bladet tydde no Folk seg ofta sjølve Mannen. Det gjekk, og gjeng enno, mange rare Tankar og Meningar um Peter Hærem millom dei Folk, som ikkje kjende honom.
 
Han lagde stort Lag paa det kristelege Husliv. I det maatte Folkelukka hava si rette Rot. Ut av den Tanken var det, at han fekk upp "Studenterheimen." Der budde det ikring 30 Studentar, og han var daa liksom ein Husfaer i denne store Huslyden. Hans eiget Husliv var av beste Slag. Han var gift med Frøken Hanna Monsen fraa Stavanger; ho var honom til stor Hjelp i hans mange Yrkjemaal, og han visste altid aa skyna paa "den store Guds Gaava" han hadde i henne. Dei hadde 6 Born; det yngste kom til 3 Dagar fyrr han døydde.
 
I sine seinare Aar fekk han meir og meir Syn fyre, at me ogso maatte faa det " Menneskelege" elder Humane med i Kristendomen og Livet. Han vart so upietistisk i den Vegen, at dei Strenge meinte han var innpaa aa verta "Grundtvigianar." Eg maa ikkje segja eg veit, korleids han fekk detta "Menneskelege" til aa hengja ihop med sin Kristendom. Kannhenda hekk det ikkje ihop. Men han saag, at det maatte med, og so tok han det med, so godt han kunde. Til aa grubla hadde han korkje Tid elder Tilhug.
 
Han var trøytt paa det seinste. Han var "leid av Kristiania" og lengtad upp til det vesle Prestekallet sitt, Gjerdrum, som han just hadde fenget. Men det var nok ikkje so lagat, at Hærem skulde verta Prest. Stilt og blidt sloknad han av fyrre Fredagen den 22de, glad med aa sleppa herifraa, og trygg i Trui som altid. Likferdi var no um Torsdagen; ei uhorveleg Folkemengd fylgde honom til den sidste Kvila.
 
Um hans Meiningar vil der vera Strid. Men ein Ting skal standa fast um Hærem: han vilde det Gode. Hadde me mange, som kunde tru paa ein Tanke som han, og elska ein Tanke som han, og gjeva seg yver i so sterkt eit Arbeid fyr Tanken som han, daa skulde Livet vaart vera større enn det no er.
 

 

Frå Fedraheimen 30.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum