Fraa Sande. (Brev).

 
Ein Gardbrukar her i Sande, Hans Skjøl heiter han, heve i Nott drepet Kona si og skamsleget dei tri Sønerne sine. Han var meint paa at gjera av med allesaman, seg sjølv au; men – til all Lukka – fekk han inkje gjera det so vondt, som han vilde. Av Sønerne hans var den eine vaksen, den andre gjekk las og den yngste umlag 5 Aar gamall.
 
Han tok fyrst paa den eldste Sonen, segja dei, og gav honom nokre Slag i Hovudet med ei Øks. Sonen datt i Uvit, og Fadren, som trudde, at han no hadde gjort det av med honom, fall so yver Kona og dei tvo mindste Borni; men so vakna den eldste atter. Han raadde so myket med seg, at han fekk taka Fadren, køyra honom ut av Huset, skrika um Hjelp og halda honom, til Folk kom; men daa kunde han inkje meir. Dermed frelste han seg sjølv og sine tvo Systkyn, som do skal vera so stygt medfarne, at det er vandt, um dei kjem seg.
 
Naar Folk høyra slikt, so spyrja dei trast etter, kvat den Mannen tenkte paa, som kunde bera seg soleis aat. Var han full eller galen? Han var korkje det eina eller andre. Han stod seg godt og var helden fyr ein agtande Mann. Den andre Sonen sin heldt han paa den høgre Almuskulen i Bygdi. Det er inkje godt aa vita, kvat som er komet aat Mannen. Daa dei for avgare med honom, let han dei Ordi falla til Lensmannen, at han var trøytt av Livet; difyr vilde han gjera Ende paa det, men fyrst vilde han vita Sine farne same Vegen.
 
Sande, 4de Mai 1878.                        
A.
 

 

Frå Fedraheimen 11.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum