Kristiania, den 7de Mai 1878.

 
Um Maandag skal Skulesaki upp. Det vil vera mange, som gjeng i Orvent no fyr, korleids Thinget denne Gongen vil greida vaar fyrste Folkesak. Ein skulde tru, at Tidi no maatte vera komi. Kvart Aar, som gjeng, er eit Tap, som aldri kann vinnast upp. Og den Ting, det gjeld, Folkets Upplysning, burde væl vera stor nok til aa samla alle.
 
Det er ein underleg og sorgsam Ting, at me enno ikkje er komne so langt som til aa løysa detta Spursmaalet, som hjaa alle andre frie Folk plar vera det fyrste og det dyraste. Hundradaar etter Hundradaar er gjengne; "Fridomen" kom og er alt gamall i Landet; - men i all den Tid trælar Norigs Ungdom i Skulen med eit framandt Maal, som tyngjer Tanken og kvæver Hugen; i all den Tid saknar Norigs Folk sin fyrste og mest endeframme Rett. Enn all den Kraft og alle dei Gaavur, som paa denne Maaten er burtøydde! - No skriv me 1878, og endaa er ingen Ting gjord. Og det er dei, som vil, at ingen Ting skal gjerast no helder.
 
Men me skal tru, at desse Folk tapar. Den folkelege Fylking er sterk, um han samlar seg. Me vil beda vaare Thingmenn minnast, at det ikkje er kvart Aar, dei hev denne Sak slik millom sine Hender. Her er Høve til aa føra henne eit stort Stig fram. Men her er og Høve til aa føra henne eit stort Stig attende. Det gjeld aa vera sterke og vita, kva Ein vil.
 
- Maatte gode Fylgjur vaka yver Striden!
 

 

Frå Fedraheimen 11.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum