Ut med Fuglekassarne!

 
No kjem Smaafuglarne vaare og tek til aa sjaa seg ikring etter Husvære til Sumaren. Det er fulla "Hus under kvar Buska" no; men som andre skikkelege Folk tek dei helst "fast Bu", naar dei kann faa ei slik, daa dei der finn betre Live baade mot Uveer og mot Uvener. Det er framifraa Folk aa hava i Hus: hyggjelege og venlege, syngjande og glade, og kjem ingen Mann fyr nære; tilmed bitalar dei fyr seg, og det flust; Leiga er fullt greidd til "Flytjedag." Bonden kann halda seg fyr ein heppen Mann, naar t. D. ein Flokk Stare kjem og slær seg ned hjaa honom, endaa um desse fagre Fuglar av leide Folk hev fengjet eit litet Uord paa seg. Det hev soleids voret sagt, at dei fer ikring paa nysaadde Aakrar og et upp Sædekornet; men den, som vilde sjaa nokot gløggare etter og ikkje vera so "grunn-synt", han fekk nok snart vita, at det ikkje er slikt, dei driv med. Det er nok berre ymist Ugagnskrek, dei ligg etter, som Makk, Aamur, "Troll" og annat slikt, som er reint Forkunnmat fyr Staren, og hans beste Næring. Kjyra hev for sin Part betre Vit paa, kvat Staren duger til; ho fer mykje godslegt fram mot den vesle Fuglen og let han endaa faa Lov til aa taka seg Smaaturar att og fram paa Ryggen sin, - ho veit, han gjer aldri annat enn det som gagnlegt er! Det er sannt nok, at Staren er nokot leid aa hava i Kirsebærhagen; det lyt han lastast fyre. Men han er daa ikkje verre, enn Ein med høvelege Aatgjerder kann skræma honom burt. – Same Gagn som Staren gjer dei andre Smaafuglarne med.
 
Dermed vil Ein finna sin Bate med aa laana Hus til desse Framandfolk; men Ein maa hugsa, at dei i visse Maatar er helder vande paa Husromet.
 
Dei "Hus", som dei best likar, vert gjorde av smaae Trekubbar, som Ein gropar ut; til Golv og Tak slær Ein paa eit Par Bordendar. Bu-Romet bør mindst vera 3 Tomar i Tvermaal, men nokot større fyr Staren; Veggjene maa ikkje vera altfor tunne, for daa kann dei so snart sprikka. Høgdi maa vera etter som Fuglen er stor til: fyr mindre Fuglar 8-10 Tumar, fyr Staren 12-16." Taket maa liggja paa skjøns (skraat) bakyver, fyr Skuld Regnvatnet; lika eins er det godt, at det skyt seg litegrand framum Kassen paa Fyresida og. Til Innsmog gjer Ein eit litet rundt elder avlangt1) Hol litt nedanum Taket; det kann fyr Smaafuglar vera upptil 1 ½ Tume i Tvermaal, fyr Staren upptil 2 ½. Er Innsmoget for stort, kann Fuglen ikkja bruka Kassen; for daa er han ikkje trygg fyr Innbrot av større Fiendar. Litt nedanfyr Innsmoget set Ein ein liten Pinne til Vagl; Ein kann gjerna setja Pinnen tvers igjenom, so fær Fuglen vagla seg inne og.
 
Gode Kassar kann Ein og faa av Bord, som ikkje maa høvlast. Einkvar graavoren Lit maa smyrjast paa; alle Sprungur maa dyttast væl til, so "Stova" vert myrk og koseleg.
 
Kassa maa hanga slik, at Innsmoget snur i Sud elder Aust. Skarekassarne hengjer Ein helst paa Husveggjen uppunder Taket elder uppi høge Tre, og fleire Kassar i Lag. Men fyr mindre Fuglar maa Kassarne hanga lenger ifraa kvarandre, daa kvar Fugl skal hava sitt "Beite". Men heng endeleg ikkje Kassa nære ved ein Veg elder paa ein Stad, der det er mykje Staak.
 
Steller du deg paa denne Maaten, skal du snart sjaa, du fær "Leigefolk"!
 
1) avlangt i Breiddi.
 

 

Frå Fedraheimen 11.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum