Aal, Hallingdal (Brev).

 
– No ifjor Haust voro me so hepne, at me føngo Amtsskula up te uss. Skula ha vøre helden paa Sundre i Aal. Ho tok te me ikring 60 Guta, mest ifraa Aal aa Hol aa berre nokle ifraa Gol. No um Lurdan den 18de Mai slutta Skula me ei Prøve, aa ettepaa va de testelt ein liten Fest. E va me aa høyrde paa Prøva, aa e maa rettigt se'a, at e syntest de va konstigt, dei kunna ha lært so mykji berre paa ein Vet. De kjem se no vist me desse Slags Skulo endaa meir ell me are an paa Læraradn. Her maa ein tru, me voro hepne i den Vegen. Allaamest ha no Arelæraren Hr. Kjærstad vorte taahelden taa Guta. De e nok mæ ein Mann, som arbeide mæ Hug aa meir ell almindele Dugleike. Umframt rette Skula ha han i Vet helde Kveldsskule for Gjentu forutta Betaling. Daa dei høyrde, at han var viljug te begjynde me di, søkte rettignok Skulekommissionen um Hjølp taa dei Peingo, som voro latne te taa di Offentle', men de va daa utdelt altsama. Han sette daa iveg lel, før, som han sa, aa prøva, um de kji skull gaa an aa gjera noko forutta Peing me. "Jau de gjekk, aa gjikk derte godt. Skula vart stendigt søkt taa ikring 40 Gjentu. Aa at dei hadde likt Skula aa Læraren synte se paa dei stasele' Hengjelampunn' som Gjentudn gaavo Lærare daa Skula slutta, aa som kosta ikring 60 Krunu. Men de va um Slutningsfesten ve Amtsskula e meinte, e vilde fortelja no.
 
Daa Prøva va slut samlas dei inkje langtifraa 200 Meniskju, som voro testees ute, aa der va de upsett ein Talarstol, testasa mæ Grønt, aa de store trilita norske Flage, som blakkra i Vinde, synte, at de va Fest. Festen tok te mæ ei Tale taa Fystelærare Hr. Myrebø, som fyst ba alle vera velkomne. Han likna Skula attve ein Fjelltur. Te lenger Ein gaar, te høgre kjem ein, aa te viare ser ein ut over Fjell aa Dala. Mange taa Guto, som komo inn paa Skula i Haust hadde inkji set ell kjende te stort meir ell den vesle Dal, som dei sjølve budde i; men ette som de lei fram aa fram paa Vetn stigo dei høgre aa høgre upp aa føngo sjaa viar aa viar, aa no skull dei daa vera paa Toppe d. v. s. der, som dei hadde tenkt se te. Aa no vilde han vone, at dei saago lite viar ell i Haust, daa dei begjynde paa Fjellturen. No saago dei, vilde han tru, inkje berre over vort eigji Land, men mykje viare, ja over heile Verde. Ja, no va dei nok paa Toppen, aa no va nok Arbeide slut, men igrunne va de nofyst Arbeie tok aat. Han minte derette Gutadn um, at dei inkje maatte meine, at dei no voro ferige, men at dei maatte byggje viare paa den Grunn, som no va lagd, aa at dei maatte sjaa aa nytte de, dei hadde lært inkje berre før se sjøl, men te aa breie Ljos aa Hyggji umkring te are me. Arelæraren Kjærstad takka dei Læraro, som voro møtte fram før aa væra me aa høyre paa idag, aa han endad mæ aa lyfta ei Skaal før dei. Kjyrkjesongar Arnesen ifraa Hol takka før Skaale aa lyfte ei Skaal før Amtsskulekommissionen. Sea følgde de Tale paa Tale aa Skaal paa Skaal heile Kvelde, Attimyljo songo Skulegutadn ein Song. Sume taa dei voro uppe aa fortalde ei ell ann' Forteljing, soleidse um ei "faarle Friing", "ein gla Gut" m. fl. De vart lyft Skaali for Kongen, Fedrelandet, Sanning og Fridom og det norske Storthing", Jaabæk og Sverdrup, før Maalsakji, før Kvinna o. m. fl. Me voro samla te over Menaatte, daa kor drog heimatt te se, aa alle voro samde um, at me hadde hatt ein hyggjeleg Kveld, som me vilde koma te minnast lengje.
 
Men e ha' so nær gløymt aa fortalt, at Skulegutadn forærde Læraro ei liten Gaavu som vart frambøre taa Preste i Aal Hr. Monrad. Fystelæraren Myrebø fekk eit Klukkekje taa Gull som kosta 72 Krunur, aa Arelæraren Kjærstad fekk ei staseleg Pipe te 60 Krunur.
 
R12n.

¨'

 

 

Frå Fedraheimen 29.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum