Notisar

 
I Lister og Mandals Amt hev det i Vetter voret 4 Amtsskular i Gang, i Tovdal, Bjelland Lyngdal og paa Fedde. Søknaden hev etter Maaten voret jamt god, endaa den tidlege Vaarvinna gjorde, at mange strauk fyrr det var slutt.
 
I Bergen hev det byrjat eit Kursus fyr 60 Aalmugeskulelærarar. Skulingi er fordeilt millom Skuleinspektør Irgens (held Fyredrag yver "brennande Skulespursmaal"), Pastor Dahl (norsk Literatur), Dr. Crawfurd (Fysik), Skulestyrar Bendixen (Historie), Lærar Grøndal (Geografi), Tischendorf (Sang) og Anderson (Reikning og Bokhalding).
 
Embættesmenn i Storthinget fyr Juni. Til Præsident vart Essendrop valt, Vicepræsident Sverdrup. Sekretær Bjørnsgaard, Vicesekretær Havig. – I Odelsthinget Præsident Sten, Vicepræsident Sørensen, Sekretær Skattebøl, Vicesekretær Øverland. – I Lagthinget Præsident Richter, Vicepræsident Daae, Sekretær Ueland, Vicesekretær Aarflot.
 
Storthingets Skattenemnd. Protokolnemndi hev innstilt til Odelsthinget, at det held det fyr aa vera stridande mot Grunnlogi, soleids som Regjeringi hev faret aat med Avsyn paa Storthingsavgjerdsla um Skattenemndi og Utgifterne der. – 2 Mann i Budgettnemndi, Bang og Bergesen, kann ikkje vera med paa denne Meiningi.
 
Arbeidsløni skal falla yver heile Sverike. Ho skal i det heile hava minkat Fjordedeilen mot ifjor. I det syndste Sverike betalar dei berre 1 Kr. fyr Dagsarbeidet.
 
Uhende. I Paris hev det nyst voret ein stygg Skadsmeld. Det kom Varme i nokre lettfengde Saker, som dei brukad til aa gjera ei Slag Leika av. Heile Huset datt yver Ende, 14 Liv gjekk med, og 28 Mann vart hardt saarad.
               
I ein By i Amerika hev det voret eit øgjelegt Jordskjelv, 800 Menn miste Livet og 500 hev hellest komet til Skade.
 

 

Frå Fedraheimen 29.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum