Peter Schlemihl.

 
[Del 4 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
Inkje Vindauga vende mot Sjoen, og eg laut finna meg i med stor Møda og sur Sveite aa bera Gullet Gaupn etter Gaupn til eit stort Skaap, som stod i eit av Romi mine, og pakka det inn der. Eg let berre eit Par Gaupn liggja att. Daa eg so var ferdug med detta Verket, sette eg meg utasad i ein lænestol og ventade, til dess Folk tok til aa koma seg upp. So snart eg kunde faa det, let eg meg gjeva Morgonverd og kallade Verten til meg.
 
Eg samraadde meg med honom um den framtidige Umbunad av mitt Hushald. Til aa ganga meg til Handa som Huskarl raadde han meg aa taka ein ung Mann, han kallade Bengel. Han kom strakst og ved sine opne Bragder og gode Hamferd vann han radt mitt Tykkje, liksom han ved sin Velvilje, Skynsemd og Trufesta vardt meg meir og meir kjær, di lengere det leid. Han var det, som sidan med stor Umhug trøystande fylgde meg gjennem Livets Uhemja og hjelpte meg til aa draga min tunge Lut. For det er ikkje lett aa sakna Skugge. – Eg dvalde heile Dagen innanstokks og tingade med herrelause Tenestefolk, Skomakarar, Skræddarar og Kaupmenn, eg sette meg i Bunad og kaupte alle Ting, som eg paa nokot Vis kunde hava Bruk fyr, ogsaa ei Mengd av Dyrgriper, Glimesteinar og Gullstas, berre til aa faa Ende paa nokot av den store Gulldungen, men det tottest meg aa vera faafengt Arbeid. Hopen vilde ikkje tverra 1).
 
Samstundes sveiv eg i den største Tvil um og Rædsla fyr, korleids det vilde ganga med meg. Eg vaagade ikkje aa taka eit einaste Stig utum Hotellet og let um Kvelden tendra fyrti Vaksljos i Salen, fyrr eg trod fram or Døkkleiken. Eg tenkte med Gruv paa det avskræmelige Hende med Skulegutarne.
               
So myket Mod eg ogso turvte til det, ætlade eg enno ein Gong, fyrr eg reint uppgav Voni, aa røyna det aalmenne Gløggsyn. Næterna var maanebjarte, og seint ein Kveld kastade eg ein vid Vampe um meg, trykte Hatten djupt ned i Augo og smaug meg or Huset. I ei Gata, som laag langt burte, trod eg or Skuggen aat Husi fram i Maaneskinet, buen til aa høyra min Lagnad av deira Munn, som gjekk framum.
 
Spar meg fyr aa taka uppatter, kvat eg tungsamt høyrde. Kvinnurna stokk hardt, daa dei saag, at det vantade meg Skugge, men dei totta likevel Synd i meg, mange av deim imindsto, men detta gjekk meg gjenom Saali mest likso saart, som det Haad av Ungmennet og den Svivyrding av eldre Menn, eg maatte røyna, helst av slike tjukkfelde, vælnørde Karar, som sjølv kastade ein diger Skugge fraa seg. Ei fager, holl Dros, som stillferdug fylgde Foreldri sine – trur eg – og mest saag berre ende ned fyr seg, kastade som av eit Hende dei lysande Augo paa meg: ho stokk synleg; daa ho strakst gaadde Skuggeløysa mi, gøymde ho det fagre Andlitet i Sløret sitt, bøygde Hovudet og gjekk forskræmd, men stilt frametter Gata.
 
Eg heldt det ikkje ut lenger. Salte Straumer fløymde ned or Augo, hugsprengd og med sorgtungt Hjarta drog eg meg inn i Døkkleiken, endaa Føterne hadde vondt fyr aa vera meg. Eg laut halda meg tett inn aat Husi, likso myket til ikkje aa detta i Koll som til aa vera i Skugge, og kom seint heim.
 
Eg fekk ikkje Svevn paa Augo den Notti. Eg sette meg fyre aa leita upp Mannen i Graaklædnaden. Kannhenda kunde det lukkast aa finna honom, kannhenda angrade ogso han paa den toskne Handelen! Um Morgonen let eg Bengel koma, han var baade vitug og viljug og visste aa føra seg vel millom Folk. Eg bad honom gjera seg aalvorleg um aa finna ein Mann, som hadde ein Skatt, eg maatte faa Fat i; utan den vilde Livet verda meg berre ei Plaaga. Eg skrev upp fyr honom, korleids Mannen saag ut i alle Maatar. Eg sagde honom Tidi og Staden, der eg hadde sett honom, teiknade, so godt eg kunde med Ord, alle, som hadde voret saman med honom, sisst eg raakade honom, og lagde endaa desse Teikn til: Høyr vel etter, korleids det heng saman med ein Dollondsk Kikar, eit gullverkat Turkisk Teppe, eit drambelegt Lysttjeld og 3 Ridehestar; desse Ting heng saman – eg sagde likevel ikkje korleids - med den Mannen, me maa hava Tak i.
               
Eg tok fram Gull, so myket som han kunde bera, og lagde Glimesteinar og Juvelar attaat til stort Verde. Bengel, sagde eg, detta jamnar mange Vegar og gjerer det lett, som elles kunde synast umoglegt! Spar ikke paa Pengar, gakk av Stad og gled din Herre med god Fregn, som han set si einaste Von til! Han gjekk.
 
Seint kom han att, og missnøgd var han med Ferdi. Ingen av Folki hans Thomas John, ingen av Gjesterne hans – Bengel hadde rødt med deim alle – hadde kunnat gjeva nokon Upplysning um Mannen i den graae Taftfrakken. Det nye Teleskopet (den Dollondske Kikaren) var hjaa Hr. John enno, Teppet utbreidt og Tjeldet uppsleget paa Haugen, Tenararne hadde rødt myket um Rikdomen hans, og ingen visste, kor desse gilde Ting var komne fraa; han sjølv hadde si Gleda i slikt, og han var likenøgd, um han ikkje visste, kor Sakerna kom ifraa; Hestarne hadde dei unge Herrar paa Stallen, og dei rosade Hr. John fyr hans Givmilde; han hadde gjevet deim baade Hestarne og Sadlarne hin Dagen. Eg kunde ikkje Annat en gjeva Bengel den Lov, at han hadde gjort sitt Beste og faret vitugt aat, endaa han ikkje hadde fenget Spurn paa den Graaklædde. Eg takkade honom og gav honom Teikn til aa lata meg aaleine.
 
Med det same sagde han: "I den Saki, som De held fyr den vigtugaste, hev det diverr ikkje lukkadst meg aa gjera nokot, og eg hev boret fram Bod um det. Men eg hev enno eit Ærend aa bera fram, fyrr eg gjeng. Daa eg i Dag tidleg gjekk ut paa Etterspurn, møtte eg ved Porten ein Mann, som bad meg bera fram ei Helsing. Han sagde desse Ordi: Hels Hr. Peter Schlemihl med di, at han ikkje vil sjaa meg att meir her. Eg gjeng no yver Havet, og den gode Byr, me no hev fenget, kallar meg til Hamni. Men um Aar og Dag vil eg hava den Æra aa vitja honom og daa gjera honom Tilbod um eit Kaup, som han kannhenda vil lika. Hels honom og gjev honom Vitskap um mi Takksemd!" Eg spurde Mannen, kven eg hadde daa Æra aa røda med, men han svarede, at De nog kjende honom utan Nemning.
               
"Korleids saag Mannen ut," spurde eg med eit sterkt Fyresviv um Samanhengen. Og Bengel teiknade meg Mannen i Graaklædnaden Drag fyr Drag so livande, som han gjekk og stod, nettupp soleids som eg hadde gjort meg um aa teikna honom fyrr Bengel um Morgonen.
 
1) minka. sml. tverrande Maane.
 
 

 

Frå Fedraheimen 29.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum