Rispur.

 
I gamle Dagar var det mange rare Prestar. Eingong var det ein, som stod paa Stolen og preikad, og rett som det var, braastanad han, tok upp Lumeduken sin og sagde: "No hev me havt eit hardt Tak, no fer me puste paa ei Stund." So turkad han av seg Sveitten, lagde seg fram aa Gruve yver Preikestolen med krosslagde Hender. "Du Olav", sagde han til ein Mann som sat tett nedunder Stolen, "eg kann væl ikkje faa laane Graahesten din til Merri mi no ein av Dagarne?" – "Aa jau," meinte Olav, "det lyt no han Far faa lell". Dei rødde eit Bil saman um detta; so sagde Presten: "No fær me taka eit dugelegt Tak til, og so sluta!" – og so tok han i att so Sveitten rann.
 
"Hvem er din Næste?" spurde ein Lærar ein Gut.
"Det er Skjurta, det" meinte Guten.
 

 

Frå Fedraheimen 29.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum