Udlandet.

 
Alle Tidender fraa Udlandet er samde um, at det no er all Von til, at Striden vil jamna seg. Ryssland skal ha gjevet etterfyr Englands Hovudkrav, og sosnart Tingandet millom dei hev skridet nokot lenger fram, skal det ganga ut Innbjodning til Kongress aat Magterne. Samstemna er paa Fyrehand dagsett til 11te Juni. Eit Fredsteikn fraa engelsk Sida er det, at Orlogsstyret hev sagt til Verkstaderne, at det no ikkje lenger hev so stor Hast med Tilbuningi av Orlogsskjipi.
 
I Konstantinopel var den 20de eit Uppstyr, som skal ha havt til Fyremaal aa setja inn att den avsette Sultan Murad. Ein Flokk heimanrømde Muhamedanar braut seg inn i Hagen aat det Slottet, som Murad bur i, og i Striden med Vakti vart, fleire Hermenner drepne. Fleire Herfolk vart hentade, og dei dreiv Ufredsmennerne attende. Etter sume Segner hadde ein Deil av Rømingarne komet seg inn i Slotet og. Viss Tidend vert fulla ikkje aa faa, for Hovudmannen fyr Uppstyret, ein "Ungturk", som var uppalen i London og Paris, vart drepen, og dei som vart tekne, hev vitnat, at dei ikkje visste det Grand um kvat som var i Gjerdom, men at dei berre lydde Hovdingen; Regjeringi er nog helder ikkje hugad til, at det skal koma utyver. – Den 23de var Verme laus i Seraiet i Konstantinopel, og det brann upp mange av Regjeringsbygnadom. Seraiet er ein Krull av Bygnadar, derimillom mange Slot og Kyrkjor, og gjer likesom ein By fyr seg sjølv. Seraiet er ofte kallat den "høge Port" etter Hovudinngangen, og det vart ogso Namn paa den turkiske Regjering, av di at Sultanen hadde ein Bustad og Riksverki sine Bygnadar der. Denne Brunen hev voret sett i Samband med detta Uppstyret, som det er fortalt um her framanfyr.
 
Paa Kreta skal Turkarne i dei sidste Tider havt Siger yver Upprørararne. Den engelske Konsulen hev fenget Tilsetning til aa ganga imillom og faa i Stand ei Vaapenkvild. Flokkar med Passji-Bosukar fer ikring paa Øyi og herjar Bygderne.
 
Uppstandet i Rumelia held seg enno. Det hev nyst hendt, at Ryssarne i eit blodugt Slag hev drivet Upprørarne attende, so desse maatte røma fraa sine Stellingar, leivande etter seg ei stor Mengd med daude, saarade og fangne.
 

 

Frå Fedraheimen 29.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum