Eit og annat um Kristendomsstriden vaar.

 
IV.
 
Dersom det no er sannt detta: at Striden vil halda pa, og at me korkje kann, elder, um me kunde, hev Rett til, aa stengja honom ifraa oss, so lyt me dinest spyrja um Fylgderne av, at so stor ein Strid fær Framgang. Vil dei vera so all igjenom vonde, som det saag ut fyr oss i Stykke II, elder vil dei kannhenda føra med seg sumt godt, som liksom kann jamna det vonde upp att?
 
Eg hev alt sagt, at eg trur her vert meir heil, endefram Heidendom i Landet, naar Aandsfridomen veks. Fyr det fyrste vil mange, som alt fyreaat er Heidningar, men enno i Løyndom, daa stiga meir fram i Dagen. Og fyr det andre vil mange av dei, som fyrr hev voret kristne (av Namn), fyrdi dei ikkje hev tenkt yver slike Ting, daa sleppa Kristendomen heilt, av di dei, naar dei tenkjer seg um, ikkje tykkjest turva ei slik Tru. Her vil koma upp ein heiden Fylking i Landet.
 
Av detta vil igjen fylgja, at det vert mindre lettvint aa vera elder heita Kristen. Vera Kristen, det vert ikkje lenger slik ein sjølvsagd Ting, nokot, som kvar og ein "naturlegvis" er, likso visst som han er fødd og liver. Det vert ikkje so hyggjeleg " avgjort" med desse Ting; naar Ein møter ein Mann, vil Ein maatta spyrja um det, um han er kristen elder heiden. Millom dei tvo Hovudfylkingar i Verdi, Kristenfolket og det ikkje-kristne, vil det koma upp ein kvassare og klaarare Skilnad. Og der vil koma meir Medvit og Ettertanke inn i Trudomslivet. Til kvar einaste ein vil det koma Spursmaal, kvifyre han er kristen, elder kvifyre han ikkje er kristen. Folk vert meir nøydde til aa gjera seg upp ei Meining um sine høgste Livsspursmaal. Dei fær ikkje slik Fred til aa sova seg fram gjenom alt og berre lita paa andre. I same Mun som Folk sjølve lærer aa kjenna dei store Motsetningar, i same Mun vil det personlege Andsvar koma upp. No er det so mindst fyre fyr alle ihop aa døma og vera trygge og i Grunnen like sæle: me hev for mykje Avstengjing og for litet ærleg Upplysning. Men kjem Folk so langt, at dei vert føre til aa sjaa Spursmaali fraa baade Sidur sjølve, so fyrst vert det Aalvor. Daa fyrst kjem den kristelege Tanken um aa velja klaart upp att. Det kjem til aa heita "kald elder varm" liksom i dei fyrste Tider. Folk kjem til aa faa ei sterkare Kjenning av, at det er Aalvor i det vesle Ordet "Sanning." Motar og Tidstraumar vil hava si Magt daa og. Der vil vera Tid-Meiningar, som hjaa mange gjeld fyr Grunnar, um dei enn ikkje er det. Men Spursmaalet, Kravet, etter Grunnar vil likevæl altid vera uppe, og Andsvaretaltso med. Lika eins vil det vel altid finnast ein Flokk, som ligg so ned i Raaskapen, at dei ikkje kann vera med i slike Tankar. Men den Flokken vil ikkje lenger vera Mengdi. Han vil vera eit Faatal, som endaa jamt vil minka. Alle, som høyrer til millom det me kallar "Folk", vil utan Naade koma upp i Striden og maatta – so godt dei kann – velja.
 
Folk kjem til meir aa vaka; men dei kjem og til aa lida meir. Men etter det me saag i fyrre Stykket, so er det nok ikkje sannt det, at det skulde vera betre aa "sova sæl" enn aa vaka lidande. Vaart fyrste Fyremaal er aa søkja og velja det Sanne; gjev me upp detta Fyremaalet fyr aa faa Fred og Ro (vera "sæle"), so vert me just usæle, taper vaart Mannsverd og sig ned i Vaset. Striden og dei store Spursmaal vil skapa Liv, som nok i alle Tilfelle er betre enn "Fred og Ro." Alle Aandsmagter lyt upp og bruka seg i denne Storstriden so godt dei vinn. Christofer Bruun klagar av Naudi vyer vaare Prestar no, at dei preikar so jammerlegt, og etter mi Røynsla hev han stor Rett i det. Dersom no nokon Ting skal kunna hjelpa paa detta, so maa det just vera ein slik Strid, daa det liksom gjeld um Livet og ikkje berre spyrst um smaae juridiske Knip og Krokar i Dogmetydarkunsten. Vaare Theologar vil daa ikkje so godt kunna sova seg fram gjenom Studiet og Embættsyrkjet sitt. Dei vert nøydde til aa taka sitt Stræv meir personlegt, meir aalvorlegt og meir ærlegt, i det Heile med meir Aand. I den Striden, dei fær aa standa, vil væl mange falla fraa; men dei, som held ut, maa verta mange Gonger betre enn desse Leksehestar, som no "fyller Kyrkja med Snakk" elder med Uppkok av sine Leksur, og som sjeldan hev stadet nokon større Strid enn den, som dei vart "sette inn i" av Professoren i Lesesalen. Og naar dei kjem ut i Arbeidet og stend der like til Mots med ein sterk, klok, kraftfull Heidendom, so m a a dei koma til aa taka i, so sannt som det finnst Von fyr dei. Men lika eins kjem kvar Tilhøyrar daa til aa prøva Prestens Ord med eit reint annat Aalvor. Det gjeng ikkje lenger an aa lita blindt paa "Autoriteten." Ein kann hava like stor Vyrdnad fyr Lærdomen og det kvassare Vit; men naar Ein kjenner at Ein sjølv hev Andsvaret, maa Ein og altid sjølv hava sine klaare Grunnar og kann ikkje lita seg med, at " han Far veit det." Ein maa og læra aa skilja klaarare millom dei mange Lærdomar, som kallar seg Kristendom, so Ein ikkje blinnt læt seg riva avstad av kvar Prest elder Uprest, som kjem farande og fortel, at han hev Guds Aand i seg. Den blinde Autoritetstrui vil faa ein sann Daudstøyt.
 
Men dermed vil og Vanekristendomen vera dømd. Vanekristendomen, som i mange hunrad Aar hev voret den verste Meinkrok baade fyr Kristendomen og fyr alt annat Aandsliv, er i Grunnen ikkje annat enn den gode gamle Heidendomen, som ved den Aandstvang, Autoritetstrui skaper, hev komet til aa draga paa seg Kristendomens Kaapa, so han hev vortet liksom ein av desse gamle Bytingarne, som korkje var Menn elder Troll, men brysame og ulidande fyr alle. Naar Aandsfridomen vert større, og Spursmaali kjem upp og fær Magt, so Folk ikkje lenger fær slik Fred til aa sova og lata Andre syta fyr Sanningi, so kann denne Vanekristendomen ikkje lenger haldast ved Magt. Og han vil minka jamt i same Mun som den klaare sjølvvitne Heidendomen veks. Naar dei tvo Fylkingar stend rett imot kvarandre og Tankepilerne flyg kvasse og blenkjande fraa baade Sidur, kann Ingen halda seg roleg midt imillom, men maa gjera seg upp kor han vil vera med; og der han daa tek Plads, der maa han vera med fyr Aalvor. Vinglarar vil der vera, som snart vil vera paa den eine Sida og snart paa den andre; men til aa ganga aa drila i Svevnørska fær Ingen Fred.
 
Tilslut maa Staten og Kyrkja koma til aa skiljast. Og Bui millom Kristendomen og Heidendomen maa gjerast upp.
 
Men detta gamle Sambandet millom Staten og Kyrkja kviler paa ei so gjenomførd Usanning og fører med seg so mykje Vas og Tankevildring, at ei Uppgreiding av Samhøvet visst vil vera ei Velgjerning mod heile Mannslivet og liksom reinska den aandelege Luft. Me skal sjaa meir paa detta i sidste Stykket.
 
(G.)
 
[ Meir.]
 

 

Frå Fedraheimen 07.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum