Utlandet.

 
Tysdagen den 30de Juli var det nye Val til det tyske Riksthing. Hadde det ikkje voret so mange andre Stortidender, som hadde dreget Augo paa seg i desse Tider, so vilde Folk tvillaust ha fylgt den Valstrid, som hev voret førd i Tyskland dei sidste 4 Vikor, med mykje større Aathug, enn dei hev gjort. No er han slutt, og eit Attpaasyn kann daa vera nyttugt, maahenda. Daa den andre Mordfreistnaden fall inn, var den fyrste Fylgja det tusundrøystuge Rop, som lyftest yver heile Landet: Upp mot Socialistarne! Dei Nationalliberale og Framstigsmennerne var ikkje dei minst høgmælte, dei same Menner, som strakst fyreaat hadde forkastat Bismarcks Framlag um Undantaksloger mot Socialdemokratarne. Mordfreistnaden den 2dre Juni kom just som han var tingat fyr aa prova, at Bismarck hadde sett rett og dei Frilyndte misgaatt seg. Fyr aa bøta paa den moralske Usiger, som dei nationalliberale Førarar ved detta hadde lidet, lovad fleire av deim, at dei vilde stydja Regjeringi i alle dei Fyregjerder, ho etlad taka mot Socialdemokratiet. Dei vilde paa den Maaten prøva aa avvenda, at Riksthinget vart uppløyst; men dei hadde inkje fyr det. Faae Dagar etter vart Thinget uppløyst og nye Val utskrivne til 30de Juli. So bar det til med Øsing og Eggjing fraa baade Sidor. Det Spursmaal, som fyrst laag fyre: "Vil det lukkast aa kua Socialismen med framifraa Loger?" veik snart undan fyr eit annat: "Vil det lukkast fyr Rikskansleren aa sprengja dei frilyndte Fylkingar og ved dei nye Val skapa seg eit heiltupp undergjevet Yvertal i Riksthinget?" For at detta var Fyremaalet hans, kunde det ikkje vera minste Tvil um, etter det, som hadde gjenget fyr seg paa sidste Thingstemna, og etter Bismarcks eigne Ord. Daa han fekk høyra um Nobilings Mordfreistnad, skal han, etter tyske Blad, ha sagt: "Endeleg hev eg daa fenget Tak i Kararne" (d. e. dei Nationalliberale). Og um ikkje nettupp detta Ordet skulde ha fallet fraa honom, so er daa Fiendskapen millom Bismarck og dei Nationalliberale viss nog. Bismarck hadde sagt um Lasker, den gaaverikaste Thingmann, dei Nationalliberale hev, at han i dei seinare Aar hadde valdat honom meir Bry og Vanskje enn nokon annan. I dei sidste Ordkast paa Riksthinget hadde det fallet beiske Ord fraa baade Sidor, og i Styresbladi hadde Aagripi paa dei frilyndte Parti vortet jamt illare og illare. Strakst Uppløysningi var avgjort, opnad Styresbladi ein illherveleg Strid mot dei liberale Fylkingar; desse vart kallade Medskylduge og Medhjelparar aat Socialdemokratarne, ja mykje faarlegare Motstandarar enn desse, fyrdi dei dulde sine Fyremaal under ein utanpaahengd Loglydnad. Eit av Munnstykkji fyr Bismarck, "Provinzialcorrespondenz," maalar i sine sidste Numer Tilstandet soleids: "Regjeringi vil og maa hava serleg Fullmagt til aa forbjoda dei socialdemokratiske Avisor, Samlag og Møte, og til aa setja Øsararne under Tiltal. Etter det Logverk, me til dessa hev havt, er det ikkje gjerande. Me aatvarar Veljararne mot aa lata seg føra villt av dei aalmenne Talemaatar um aa vilja stydja Regjeringi, som dei frilyndte Thingmannsemne fører i Munnen; me manar til berre aa velja Menner, som til dessa hev faret soleids aat imot Regjeringi elder gjevet slike Lovnadar, at Ein kann vera trygg paa, at dei vil gjeva Regjeringi den framifraa Fullmagt, som trengst." Den 26de d. M. held same Bladet sterkt fram, at dei Nationalliberale verkar med Forset med til, at det i Berlin og andre store Byar vert valt avgjorde Motstandarar aat Regjeringi, "Folk, som umvegjes fremjar Socialdemokratiet." Ein bør difyr ikkje festa Lit til deira Lovnadar um, at dei vil hjelpaRegjeringi, men røysta imot deim likso vel som mot Framstigsfylkingi, "som med sine Øsingar og Fektekunster hev brøytt Veg fyr Socialistarne og endaa er deira beste Ven." Det er reine Ord fyr Pengarne. Det gjeld um aa sprengja og trengja undan dei tvo Fylkingar, som til dessa hev havt Yvervegti paa Riksthinget. I den store Øsingi, som hev voret, hev dei finare Parti-Avskyggjingar – som det plagar ganga – vortet burte: naar ein ser burt fraa Midflokken og Socialdemokratarne, er det berre dei tvo Fylkingar att: Attihaldsmennerne og dei Frilyndte. – Dei Nationalliberale hev voret fyrebudde paa aa missa ein god Deil av sine Folk. - Utgangen hev vortet den, at det er valt 63 Konservative, 40 Frikonservative, 97 Klerikale (Centrum), 81 Nationalliberale, 16 Framstigsmenner, 12 Partilause, 14 Polakkar, 7 Fraaskilnadsmenner, 9 Elsassingar og 3 Socialdemokratar. 66 Val maa gjerast um att. Det stend soleids mykje paa Umvali. Dei Nationalliberale, som paa fyrre Riksdagen hadde 127 Mann, vil truleg missa ikring eit Tjug, Framstigsflokken vil minka fraa 36 til 25, og de tvo konservative Fylkingar vil veksa fraa 77 til ikring 110. Midflokken kjem att med sine 98, og dei andre 60-70 fell paa ymse faatallege Flokkar. So godt som alle Partiførarar og meir kjende politiske Menner er attvalde. Dei Nationalliberale er ille nøgde med Utgangen og er rædde, at Bismarck og den klerikale Midflokken skal rekkja Henderne til kvarandre. Socialdemokratarne hev misst 9 av sine 12 Thingmenner; men Ein kann ikkje av det draga ut, at Partiet hev gjenget til atters. Tvertimot, det hev aldri møtt so sterkt fram; men dei andre Fylkingar hev ogso nøytt seg det dei hev voret god-til. I Berlin hev Søkningi til Vali voret større enn nokotsinn. Talet paa dei Røysterettuge er ikkje fullt 200,000; av deim var det burtimot 157,000, som var med og valde. I Januar 1877 var det berre 80,000, som røystad. Dei liberale Fylkingar (dei Mat.-lib. og Framstigsmennerne) hadde i 1877 48,000 Røyster, iaar 83,000. Socialdemokratarne hadde ifjor 31,500 R., iaar yver 53,000. Størst er Skilsmunen i 6te Krins. Der vart Socialisten Hasenclever ifjor vald med 9,569 R. mot 9,380 liberale R., men iaar sigrad det liberale Thingmannsemne med 20,703 R. mot 15,173 social. R. I 4de Krins hadde derimot Socialisten Fritsche 4000 Røyster meir enn sin Motstandar.
 
Kjeisar Wilhelm er no so god vortne, at han hev reist til Bad (Teplitz). Høgre Handi hans er enno stiv, so han kann ikkje skriva; han skal difyr ha teket til aa øva seg med Kjeiva. Det er fortalt, at Kjeisararne av Austrike og Ryssland vil gjesta honom.
 
Ordskiftet i det engelske Underhus um Lord Hartingtons Framlag til Illæta yver Politiken aat Regjeringi byrjad den 30de Juli og slutad den 2dre August. Det vart forkastat med 338 Røyster mot 195. Utan Avrøysting vart daa vedteket eit Motframlag av Plumket, ei Uttala um, at Huset var velnøgt med Alt, som var gjort, oghadde full Tillit til Regjeringi. Ordskiftet hev voret helder sljott (without spirit, segjer Times); det Formeste var fraa-seg-gjort i Yverhuset, daa Beaconsfield og Salisbury kom fram der med sitt Forsvar.
 

 

Frå Fedraheimen 07.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum