Notisar.

 
Arbeidsløysa. Ikring 100 Arbeidarar hev innsendt eit Bønbrev til Formannskapet i Stavanger um, at dei paa einkvar Maaten maa faa nokot Arbeid. Saki vart dryft i tvo Timar, og Formannskapet tok den Raadgjerd aa finna paa eitkvart Arbeidet aat deim. I Tider som desse kann slikt visst turvast baade i Stavanger og andre Stader.
 
Skipsbyggjing i Bergen. Fraa Dhrr. Trumpy & Søns Verft er i desse Dagar det 50de Skip sett paa Vatnet. Det er paa 600 Register-Tons, glupt og velbygt. – Fraa Beddingi aat Bergens mekaniske Verkstad gjekk siste Laugdag eit nytt Eimskip av Jarn paa Vatnet, 166' langt, 24' breidt og 13' djupt; det lastar 3500 Tunnur Sild og skal faa Maskina paa 50 nominelle Hestekrafter.
 
Studentarsamfundet hev valt Redaktør Erik Vullum til Formann i Staden fyr Professor Lorents Dietrichson.
 
Hjort. I denne ovfine Sumaren hev Hjorten komet seg heilt upp til Finnmarki. Dei hev sett 3; den eine vart skoten av ein Fjell-Same (Fjellfinn).
 
Sjølvtending. Eit Skip Nicanor, lastat med 600 Tunnur Kol og tilhøyrande Trelasthandlar Andreas Christensen o. fl., tok Tysdag Morgon i denne Vika paa Hamni i Drammen Eld, som dei meiner ved Sjølvtending i Koldungjen. Elden vart snart sløkt.
 
Hr. P. A. Bidvey i Stavanger, som klagade til Bispen yver Prest Oftedal (sjaa No. 59), hev lagt Injuriesak mot Bladet "Stavangeren", fyrdi Bladet i nokre fagre Ord tok seg av Hr. Bidveys Upptukting.
 
Sinnssjuke-Asylet paa Eik ved Kristianssand. Murmeistar Ekstrøm fraa Kristiania hev teket Graasteinsmurarne paa Forsagd fyr 22,000 Krunur elder 2 Krunur Kubikalni.
 
Hjelp til deim, som ved Undergangen af Eimskipet "Princess Alice" misste sine Forsyrgjarar, er teiknad med 12000 £ = 216000 Kr. til dessa, og meir er ventande.
 
Ein Domar dømd av Jury. Mot Yverdomar Wirth i Oberndorff, nationalliberal Medlem av det uppløyste tyske Riksthing, vart det lagt Sak fyr falske Lysingar elder Kunngjerder. Han vart dømd til Fridomstap i 6 Vikur. Eit Vitne i Saki var heft og sakad fyr Meineid. Under denne Saki kom det upp, at Wirth hadde yvertalat Vitnet til aa gjera rang Eid. So dømde Juryen honom til 2 ½ Aars Tugthusstraff. I Fengslet hev Wirth no hengt seg, etter at ein Freistnad paa aa drepa seg med Dolk var misslukkad. Dansk Morgenblad, som fortel detta, segjer: Den Uvilje, Embættesmenn hev imot Jury, kann paa sine Punktar hava sin Grunn.
 
Rov-Mord. Til ein Landsby i Fylket Tver (Russland) kom ein Soldat heim fraa Tyrkekrigen um Notti. Han forvende Røysti til aa gjera seg ukjend og bad um aa sleppa inn, men sagde, at han hadde mange Pengar paa seg, som han hadde spart av Løni si. Han vart innsloppen, og daa han hadde somnat, slo Far og Mor hans honom ihel, tok Pengarne hans og grov ei Grav. Fyrr dei fekk Liket nedsett, upptekte dei, at det var Son deira. Forfælde yver Ugjerningi gjekk dei baade tvo til Politiet og melde seg sjølv.
 
Ny Komet. Direktøren fyr Observatoriet i Collegio Romano padre Ferrari hev den 22de Aug. upptekt ein Komet; han er gjenomskinleg, viser inkjeTeikn til fast Kjerne og skifter ofta Lit.
 
Orgelfirmaet Mason & Hamlin i Boston (Nord-Amerika) hev paa 25 Aar upparbeidt 100000 Orgel, d. e. 4000 um Aaret. Eit av deira Orgel er kaupt av Musikaliska academien i Stockholm og skal vera ovleg godt. Kong Oskar hev heidrat Fabrikantarne med Medaljen Literis & Artihus.
 
Fredsdomar (Forligelseskommissær). Stavanger Kommunestyre hev vakt Rektor Steen som den fyrste av dei 3 Menn, som det maa veljast ein av til Fredsdomar.
 
Reikenskap fyr Riksthingvalet er kunngjord av Socialdemokratarne i Tyskland. Til Kasseraren deira, Geid i Hamborg, er under Valrørsla innsend 29088 Rmx. I Berlin er dessutan innkomet 15000, i Altona 9000, i Elderfeld-Barmen 6000, i Leipzig 3000 Rmx. Fraa Utlandet er ogso sendt nokot: fraa Amerika 4000, Belgia 1144, Schweiz 900, Danmark 84 Rmx. Yver 150000 Rmx er kostat paa Valet av Social-Demokratar.
 

 

Frå Fedraheimen 21.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum