Stubbar fraa 1814.

 
(Av Andreas Austli.)
 
(Sluten.)
 
[Del 5. av 5. Fyrste delen.]
 
Gjerpset. "De kom ein diger Svenskeflokk aat Gjerpset um Kvelden og slo Leger. Mannen paa Gare heitte Trond, han klædde seg i Kvindfolkklæe og strauk aat Kongsvinger og mellte de; og so kom dei norske og ringa seg umkring Garen og Svenskanne. Han Trond sjølv var me og skaut paa sin eigjen Gar. Daa vart dei var ein inni Stugunn', som skaut so tett utigjenom Glase; men han smatt neatt og var burte att støtt me' han ladde. So gjynte han uppatt og skaut og bomma aldri. Daa var de ein, heitte Jørn Tynnvoll ifraa Lesja, som fekk Ærend til aa sjaa inn; og so tok han Sprange. Daa vart han var ein svensk Baron, som laag under Bore og ladde. Han Jørn klembde aat, men Gjevære klikka. Daa saag han at Baronen tok Sikt paa seg, og so tykte han, de var inkje Ti til aa spenna uppatt; han rende til honom med Baggenette og stakk han mitt igjenom Vombi, so at Odden sto utatt gjenom Ryggjebeini. Sume'tav Svenskom skaut dei ne, og Storhaugen tok dei tilfange."
 
Ve Trangen. "Der kommederte Salodin. Men Kommandanten paa Kongsvinger hadde støypt forstore Kulor, denna fordømte Skjelmen, og dei togg paa Kulonn', so Bloskume sto utor Kjefte paa deim. Sadolin var paa og skulde vorte fanga. Daa sprengde Fløymannen seg fram og slengde'n Sadolin paa Ryggen sin og strauk me honom. Daa Sadolin kom aat Kongsvinger, drog han Sablen me di høgre Haandenn' og tok 'ti Døri me di vingstre og vilde inn og drepa Kommandanten; men de var nokre høge Offiserar, som heldt han ifraa; men daa var han so svart som Jord i Andlete. –
 
Ve Lier. "De var ein, heitte Gjeneral Gahn, som kommederte Svenskanne. Han skreiv aat Norskom og sa: I Morgon vil jag spisa paa Lierbakken. Daa svara Krebs honom, at han kunde sleppa umaka seg uppaa Bakken, han skulde faa Mat neunder Bakka; og de skulde bli heite Blaabær. Aa jau han fekk Mat; dei sette paa Kanonann' og kjøyrde yverende, so fort han kom uppyver Bakken. Han kom att tri Gonger, og tridje Gongen kom han so nær, at han sto lika ve Mundinganne; men daa vart han mett og snudde um. Dei norske var etter honom ei halv Mil og jaga paa." –
 
Paa Matrandmoe. "Daa Svensken hadde tapt ve Lier, slo han seg ne paa Matrandmoe. Og Krebs fekk høyra gjeti di og reiste paa Timen. Han sende Jægaranne sine fyri seg; dei skulde ria ein diger Sving og koma bak paa Ryggen aat Svenskom. Krebs kom Klokka 4 um Morgonen og vakte og tok paa og slost; men Jægaranne vart burte. Daa dei høyrde dei fyrste Skoti, hadde dei att yver ei halv Mil aa reisa. De var ei Stund, som Svensken heldt paa og trakka honom mest ne; for han hadde 2000, og Krebs sto der me 800. Løtnand Sleffengren hadde faatt 6 Kulor, men sto lika gott. Daa fekk han den 7ande so han seig ikoll. "Hvorledes gaar det Gutter?" sa han. "Aa de gaar gott," sa dei. "Gud skje Lov," sa han, "nu velsigner jeg de 7 Kulerne jeg har faat, og saa dør jeg i Herrens Navn." – Daa kom Jægaranne og klemde paa Ryggen, so Svensken sat mestsom millom tvo Sokskjeftar. Daa var de som du skulde sjaa tvo Saustroer, som kom ihop, ei sunnantil og ei norantil. Fyrst so snudde han seg aat deim, han hadde bak seg; nei so gjorde han um att. Men tilslutt bar de paa Skogen me honom. I desse Slagje la han att 400 etter seg; sume var daue, og sume hadde Saar, og sume var Fangar. Og all Pakkningen hass vart att; de skulde vera 60 Hestar og over 200 Vognlass og Kjerrelass, som fall i Hendenne paa dei norske. Imillom di var de 18 Vogner berre me Krut. – De var ein, heitte Kristen Skaarnes fraa Fjorom, som var av Jægarom; han hadde vorte faara og sat og kjøyrde paa ei svensk Pakkvogn. Der hadde han faatt 'ti ein Brennvinsdunk og eit Spikjikjøtlaar. Daa var de ein svensk Fange, som sat paa ei onnor Vogn og var saara. Han gaula og ropte: "De norska, de norska, de stjæler, de røvar alt vi har!" Daa sa han Kristen: Inkje so vond du held Far; kom hit paa her, skal du faa lite du me." De var ein, heitte Jørn Kaarsru fraa Haland, han hadde gaatt burti Skogen og gjekk der fyre seg sjølv. Daa fekk han sjaa eit svensk Hovu stakk upp bak ein Timberlunne. Best de var, kom de ei Kula og sjoks forbi fram me Øyrom hass. Aa – staar det slikt til, det er best eg passar meg daa, tenkte han Jørn; og so smatt han bakum ein tjukk Gronlegg. Daa klass de i Tree, og fyre kvar Gong han Jørn bikka paa seg og saag fram att, so kom de ei Kula. De er best eg kvittar han ifraa meg lel daa, tenkte han Jørn; men no hadde han inkje meir held ei Kula. Daa var de lengje, som han Jørn sto blikkande still og inkje saag fram att. Daa krabba Svensken uppaa Timberlunnen og tøygde seg til ymse Sior fyr aa sjaa, um han Jørn var dau. Daa passa han Jørn paa og skaut. "Djæveln anfekta dig, du skjøt mig lel", sa Svensken og trilla ne. - - So var de han Paal Ulnes, som for paa same Vis og fekk sjaa ein Svenske, som sat paa ein Stubbe og aat. Daa var han inkje go fyre aa halda seg, annheld han skaut honom; men han sa de mang ein Gong sia, at han hadde aldri gjort noko, han angra so paa, som de. – De var tvo, som fylgdest aat og saag seg ikring etter Slagje. Daa vart dei var ein Svenske, som sto bak ei Gron og gjynte. "Sjaa der! haale dyre deg har du latt Gut, so skjot," sa den eine. Den hin gjorde so, han lyfte Gjevære og skaut Svensken, so han tulla. Men Gjevære spennte, so han fekk ein har Støyt, og Hovue hass svigta tilsies lite Grand; daa kjende han ei Kula, som for tett fram me Øyra sine. Han og Svensken hadde skote i ein  Gong, og Kulonne hadde gaatt forbi einannan i Veere. Men daa var de den Støyten fraa Gjevære, som redda honom. – Ein annan gjekk einsleg. Daa han kom heimatt, fortalde han fraa Reisunn' sine: "So gjekk eg der og vagga, so fekk eg sjaa ein Svenske, som sat uppi ei Gron og gnog paa ei Kaku, so hadde eg Gjevære mit me meg, so skaut eg denna Svensken, so han datt ne me Kakunn' i Kjefte". Denne her var ifraa Folldale han. - Tvo av Norskom tulla seg burt i Skogje og viste korkje Nor held Sø. Tilslutt kom dei aat ein Flokk me Kjyr og gav seg i Fylgje me deim. Daa de lei til Kvelds gjekk Kjyrne heimatt og desse tvo fylgde me. Men daa dei kom til Gars, sto Kameratanne deira ute og venta paa deim. -