Utlandet.

 
Socialistlogi paa det tyd ske Riksthing. (Etter Telegrammi.) Den 16de September. Varakansleren Greive Stolberg talad paa Regjeringi sine Vegner, soleids: "Etter det som er hendt i dei sidste Maanadar, vil Thinget vita Greida paa kvaat Styret meiner og vil. Aa ganga inn paa Einskildting er unaudt, for Logi og dei Grunnarne, som er gjevne fyr den, inneheld Emne nog. Faararne ved Socialdemokratiet er det berre faae i Thinget som vil negta. Det er langt ifraa at Styret held dei Aatgjerder, som er sette i Forslag, fyr fullnøgjelege; ogso paa andre Leider er det naudsynlegt aa verka; ved Sida aat Staten maa dei frie Samlag og Samnøyte og Einskildmannen arbeida paa, at Gudsage, Fedrelandselsk, Sparsemd og Truskap i Handel og Vandel kann koma att, at Socialdemokratiet ikkje vinn fast Fot, og at dei Synkvervingar kann verta burte, som det er grunnat paa. Meiningi med Logframlaget er aa taka fraa den socialdemokratiske Øsingi alt som kann gjera det loglegt i Folks Augo. Gjev oss kvasse og dugande Vaapen; halve Aatgjerder vil berre gjera Skade!" Reichensperger (av Centrum) talad imot Logi, men han var fyr, at ho skulde verta dryft i ei Nemnd. Helldorff (Konservativ) talad fyr Logi, og imot at ho skulde gjerast gjeldande berre fyr eit visst Bil. Bebel (Socialist) talad imot Logi. Han negtad, at Mordfreistnadarne hadde havt nokot Samband med Socialdemokratiet, kravde at Aktarne i Saki mot Nobiling skulde leggjast fram, og heldt fram, at Regjeringi sjølv hadde ein Gong søkt Samband med Socialdemokratiet; Socialistlogi gjorde Inngrip i den einskilde Eigedom. Bamberger (Nationalliberal) talad fyr Logi, men med dei Skilordi, at ho kom til aa gjelda berre fyr ei viss Tid og at det vart ein Yverrett, som gav større Aabyrgsla. Imot Bebel heldt Ministeren Eulenburg fram, at det var Rettsstyret som raadde fyr det, um Aktarne kunde verta framlagde; han visste likevel, at Nobiling hadde sagt, at han hadde voret paa socialdemokratiske Møte, at han hadde likt det og samdest med den socialdemokratiske Fylkingen i hans Grunnsetningar. Dei socialistiske Blad hadde orsakat Mordfreistnadarne mot Kjeisaren og samtykt Mordfreistnadarne i Ryssland, og dei socialistiske utlendske Blad hadde jublat yver Illgjerningarne aat Hødel og Nobiling. Marx (ein av dei namngjetnaste og lærdaste Socialistar) segjer reint ut, at Partiet ikkje kann naa sine Fyremaal annat enn ved valdelege Umstøytar, og nokot av same Slag hev Bebel skrivet. Um Sambandet millom Regjeringi og Socialdemokratiet sagde Ministeren, at Regjeringi hadde den Skylda aa læra aa kjenna Roti og Utgreiningi av Rørsla, men at han maatte negta plent, at Sambandet med Socialdemokratiet hadde voret knytt paa nytt Lag i den seinaste Tid. – Den 17de September. Hänel (Framgangspartiet) vilde, at Ein skulde halda seg innanfyr den aalmenne Retten, naar Ein skulde søkja Motvegt mot dei socialistiske Øsingar. Dette Utkastet var eit Forslag til ei "Tendens"-Log, som det ikkje var Botvon i og som difyr var utakande. Bismarckandstemnde Bebel i det, han hadde sagt um, at Regjeringi fyrr skulde ha voret i Samband med Socialistarne. Han gjekk igjenom, upplyste og avsannad desse Ytringar einskils. Med Lasalle hadde han aldri tingat. Han hadde set 'n berre tri elder fire Gonger, og daa hadde han lært aa kjenna 'n som ein Mann, som slett ikkje var republikansk i Tenkjemaate, men derimot avgjort national, ja næreved romantisk hugad. At Socialisten Fritzsche (vald fraa Berlin) nokotsinn skulde ha gjort Mellingar elder Fraasegner til Talaren, var Lygn, og han manad Fritzsche til aa visa, at so var hendt. Til Slut lagde han godt fyr Logi, i di han ordad um, kor faarlegt Socialdemokratiet var fyr den aalmenne Velgang, daa det var medgjevet, at det freistar aa kollstøyta med Vald den noverande Riks- og Samfundsskipnad. Av seinare Talarar skal me nemna Dolfuss fraa Elsass, som talad imod Logi; han viste serleg paa det gode Samhøve millom Arbeidsgjevarar og Arbeidarar i Elsass. Bebel kravde, at Formannen skulde tala Kleist-Retzow (tydsk-konservativ) tilrettes, fyrdi han hadde skuldat Socialistarne fyr Høgbrot, og Bismarck, fyrdi han hadde kallat Socialistarne Bandittar (Røvarar) og skjellt Fritzsche fyr ein Ljugar. Formannen sagde nei, fyrdi dei Ordingar, han siktad til, etter Uppskrifti aat Snøggskrivararne ikkje hadde voret rette mot nokon einskild Mann. Til Slut fekk Bebel Ordet til ein "personleg Merknad", heldt daa fast paa sine Paastand fraa fyrre Dagen, i di han med Avsyn paa Bismarcks Samband med Lasalle skaut til eit Vitnemaal av Greivinna Hatzfeld (Lasalles Veninna). – Med stort Yvertal vart det vedteket aa senda Socialistlogi til ei Nemnd paa 21 Mann. Nemndi hev truleg nie Medlemer, som er plent imot Logi, og 12 (6 Konservative og 6 Nat.lib.), som vil røysta fyr Logi, med Lempingar iminsto.
 

 

Frå Fedraheimen 21.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum