Brev fraa Valdris.

 
17de Sepb. 1878.
 
E kvakk, daa e las dei Orde, so Utgjevaren let lyse i No. 51 af "Fedraheimen." E vart handfallin aa rædd aa telike so sorggjevinn, at e laut leggji Avisa ifraa me. Før hadde e rae hatt so stort Mot; e visste – ja e hadde alder tvelt paa, at me te all Slutt skulde faa atte vaart eie Maal aa hadde stunda saart paa, at den Tie skulde snart koma. At ho va langt burte, trudde e inkji. E hadde rae tytt, at Maaltankin vaks so makalaust fort, at te kor Time paa Dagen strøymde de ihop ta Norigs unge, frilynte, patriotiske Søne aa Døtta aa slutta se te Fylkinge hass, at de kom i Tusental ifraa Sø aa ifraa Nord, ifraa By aa ifraa Bygd aa trengde so um Merkje hass, at dei hevde de høgt – høgt, so de lyste o brann ifraa Nordkap te Lindesnes aa lokka aa mana baade Oven aa Ven te koma aa slutte se te dei, so de tesist inkji mangla ein einaste ein taa Norigs Søne aa Døtta; alle vøro der; at daa endele kom de ein stor, fager Dag, daa Talarstola vørto reiste aa hengde runnt ikring me Blomstra aa Grønt, Merkjo vørto planta; dei strøymde aa blega i Vinde, dei lyste aa brann. Runnt umkring so langt ein saag aa lenger va de eit Hav taa festklædde Følk, unge aa gamle, ringe aa rike; de bulgja aa de strøymde taa glae og sæle Menna aa Kvendo, før daa paa dei Dage skulde de norske Maale innattsetast; ifraa dei Dage skulde alle, so budde aa byggde i gamle Norig, fritt aa uta Mein aa uta aa bli lagte før Hat faa bruke Haralds aa Olafs aa Erlings aa Einars aa Haakon den stores Maal, vaare gjæve Fedres Maal, i Bok aa i Pen, i Kjyrkjunn, te Tings aa i Skulen.
 
Slikt hadde e gange drøymt um titt aa jamt. Daa e las dei Orde, so sto i No. 51 um Maalstrævaradn, daa kvarv alt burt, aa den fagre Draumen vilde kji koma atte.
 
Men kann de daa vera mogele, at de staar so ille te, at me no ette 30 Aars Arbei, ette at noko taa vaare beste Menna ha slete se ut aa ein jamvæl ha gjeve upp si Lykke o sit Liv, før at me kunna faa atte vaart Morsmaal, kann de daa vera mogele, at me endaa kji e komne so langt, at me era go fere halde uppe eit einaste Maalbla aa de eit slikt Bla ogso so "Fedraheimen." Kor era daa alle Seieradn vaare? Ell skal tru me kji ha taft meir en me ha vønne. Før 20 Aar sia hadde dei eit Maalbla, eit gøtt Maalbla, de laut slutte; no ha me eit Maalbla, eit gøtt Maalbla, kanskji de gaar sama Vegen. Ko mykji længer e me daa komne? Bygdemaale era vørtne mykji klendre paa desse Tien; mit Maal ha faatt so mykji fremmande Ord sia den Ti, at ein mest kji kann kjenna de atte. So ha de væl gange arestane ogso, før de e Avisudn aa Skulemeistaradn, so ha skjemt aa skjemme burt Maale.
 
At de sto so gale te hadde e alder trutt. E trudde Maalstrævaradn va meir aktive aa arbeidde me større Eldhug, at dei soleise hadde skaffa "Fedraheimen" ein seks-otte Tusen Tingara - for ein aa ein kann væl kji hjølpe Maalsaken stort bere en ve aa faa so mange so mogele te halde Maalblae vaart. Men so kom e te spørja me sjøl: "Ha du gjort noko viare før Maalsaken?" "Ja e ha snakka um ho seint aa tile aa prøvt aa hugvende so mange, so e ha vøre go fere", svara eg. "Ja snakka, ja; Snakk ha me Nøgde taa; ha du kji gjort noko meir?" laut e spørja me sjøl att, "ha du kji skreve i "Fedraheimen." "E e kji skrivefør, aa so e de no kji de heldan, so e vest; Blae ha heile Tie hatt so mykji aandfull Lesning so noko Bla i Kristian." "Nei du ha Rett i di, de tryt inkji so mykji paa dei, so skrive, men ha du gjort noko fere, at de, so bli skreve, ogso kann bli lese i kort einaste Hus aa Hytte i Norig?" De hadde e heldan kji gjort, e laut staa ve, at e va likeso døvin e, so mange are Maalstrævara ser ut te vera. "Men no", sa e te me sjøl, "vil e gaa sta sama Rappe aa faa ein Tingar paa "Fedraheimen", aa so vil e skrive eit liti Stykkji i Blae aa be alle are, so halde de, skjele varmt aa vakkert um ogso aa skaffa ein ny Tingar kor, so faar de trast dubbelt so mange, so de no ha." E sto upp aa gjekk burt te ein Maalstrævar aa ba han skrive se paa før Blae ifraa fyste Oktober aa sende Peingadn me fyste Post. E viste fereaat, han vilde gjera de, før han va glup Maalstrævar, aa han hadde jamt tala um, ko gøtt de vilde bli her i gamle Norig, ner me fingo atte Maale vaart; detta gjorde han so fint ogso, at e gret, ner e høyrde paa han, aa um dei danske Maalstrævaradn brukte han sleke Ord, at e skar Tenno aa yngste e hadde dei der, so skulde dei faa Gudag aa Farvæl, før dei viste taa di. E bar fram Ærinde mitt. "E vilde gjedne", sa han, "men e har so mange are Bla, aa so ha e skjele no tenkt me te kjøpe ei Bok kallast "Adam Homo." "Læt vere me "Adam Homo", sa e "de e ei dyr Bok, e tru kji du har so stor Nytte taa henne heldan." "E ha tænkt me te ha den Boke, aa so ha e meint me te kjøpe heile Heiberg, før Paludan-Møller aa Heiberg e taa dei støste danske Diktaro; du ska faa laant Bøkadn, ner e ha lese dei sjøl." "Aa reis paa Veggen me "Adam Homo" aa heile Heiberg! E du galin, Kar, gaa sta kjøpe taa dei dyraste danske Bøko, før du ha sett dei norske uttapaa Bræo! E trur kji du eig "Storegut" enno; alle Jansons Bøka ha du kji, aa berre ei nokre taa Lies aa ingjin taa Wergelands", svare e lite harmfull. "Men est de e so, at du lyt ha dessa Bøkann, du tala um, so fær du segja upp eit taa dei danske Bløo di". "E e so vande me dei aa -." E smelte atte Døri aa gjekk, Han hadde faatt me te trutt, at han va Maalstrævar. Ja Æra vilde han ha, men inkji Omaken. Før ein ussel Vane si Skuld va han go før gjeva upp den støste aa fagraste Tanken, han nokor Gaang hadde hatt. Ell um han ynskte, at Tanken skulde vinne, so vilde han daa kji gjera fælt mykji før, at dette Ynskje hass maatte bli verksett. De vil alle ha Okse i Bjødnaskallin, men de vil ingjin halde i Skafte. Slike Folk finnst de no i alle Fylkinga, aa me maa difør inkji tapa Mote, um de skulde vera engon Maalstrævaren, so ogso e slik. – E hadde sett me fere, at e vilde ha ein Tingar aat "Fedraheimen". So gjekk e inn hjaa ein an taa Granno meno aa tala um, koss de hadde gange me hjaa dessa makalause Maalstrævare. So vitt e viste, va dene Mann inkji Maalstrævar. Han sat tenkte lite. "De vøre baade Synd og Skam", sa han um lite, "at vaart einaste Maalbla skulde gaa upp. E vill ta de ifraa fyste Oktober endaa e ha tvo Bla før. I Grunn e de lite løgleg taa uss ogso, at me, so e norske, berre halde danske Bla, men de e Vanin. De ha ogso vøre so lite Tale um norske Bla før no nyle". Ja den Stakkaren, Vanin, gjere Toska taa mange!
 
So ha daa e faatt ein Tingar, aa e hadde  kji so stor Omaken endaa. Aa no vil e bea alle, so lesa "Fedraheimen", gaa sta gjera samaleine; men de maa gjerast idag; de maa inkji setast upp te i Morgo ell te ei an Gaang, før ei an Gaang e ein Skalk, veit du. Ingjin Unnskyllninga! E de kji so mykji Dug i de, at du e go fere faa ein taa Granno deno te leggji ein Dalar te Aare fere Maalsake si Skuld, so e du ein laak Maalstrævar. E veit du kann de, berre du vil, aa ska du kji vilja no, ner i Hundretal me Bøka aa Aviso aa Skula halde paa skjemme ut Maale vaart, so me alt kji duge te skrive ell tala de reint, um me alder so gjedne vilde. Arbeie me kji no alt me duge te, bli de trast før seint aa arbeie sia. De e no de gjeld! Me kann kji her segja, at me ha gjort de, so paa uss fell, Etterkomaradn faa gjera de, so atte staar. Nei dette arbeie lyt me gjera sjølve. De Maale, me gjeva dei, bli endaa usselt aa klent imot di, me føngo taa Følke vaare. Gaa sta høyr paa koss Gofa aa Gomo di tala; de e ein an Malm, eit anna Ljø i di en i Maale vaaro. De ha gange te bakers te kort Aar, aa de ha alder gange fortar en nettupp no. Difør e de no de gjeld. Arbeie me kji no de vesle, me duge te – skjele no idag aa i Morgo, so kanskji Ungadn vaare koma te banne uss i vaar Grav fere de, at me vøro so døvne aa late.
 
"Enighed gjør stærk"! Læt uss no alle so ein Mann samle uss umkring "Fedraheimen" aa gjera han te ei Magt, te ein Høvding, ibland uss. I gamal Ti va de ei Skam aa vera Maalmann; no e me komne so langt, at de e ei Ære, men læt uss inkji gjeva den Æra te nokon, so kji held "Fedraheimen".
 
De e no, de gjeld! Upp, Maalmenna! aa rør paa dikka; arbeie de kji no, bli de trast før seint aa arbeie, men arbeie de no, kunne de slaa eit Slag aa vinne ein Seier, so vill minnast, so lengji de byggji aa bur Nordmenn i Norig!
 
Einar Solsæt.
 

 

Frå Fedraheimen 25.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum