Utlandet.

 
I det tyske Riksthing vart det nedsett ei Nemnd paa 21 Medlemer til aa raadleggja um Socialistlogi. Av Medlemerne er 6 konservative, 6 Centrumsmenner, 2 Framstigs-Menner og 7 nationalliberale. Det var fyrst Tal um at Socialdemokratarne ogso skulde hava ein Mann med i Nemndi, og Bebel var utsedd, men til Slut vart Professor Gneist (nationalliberal) vald. Dei konservative vil plent hava Framlaget vedteket, men Medlemerne av Centrum og Framstigsmennerne er likeso hardsette paa hi Leidi. Det er soleids dei nationalliberale det stend paa, i Nemndi likeso vel som i Thinget. Desse er i det heile viljuge til aa tinga med Regjeringi um Saki, og dei held med 'a i det, at det trengst skarpare Logbod imot den socialistiske Øsing; men dei vil ikkje gjeva sitt Samtykkje til Logi utas det vert gjort fleire Umbrigde i Framlaget, slikt som det er komet fraa Sambandsraadet, til Tryggjing av den borgarlege Fridom. Dei nationalliberale er no helder ikkje fullt samde fins imillom; men den Parten av dei, som gjeng mest til vinstre, hev Yvertalet, so det er trulegt at Logforslaget ser ikkje lite annarleids ut, naar det kjem ut att or Nemndi, enn det gjorde, daa det vart fyr 'a lagt, og vert daa Logi vedteki i dette mindre "reaktionære" Skap, er det kanhenda paa Voni um Regjeringi samtykker 'a. Nemndi tok til med sine Raadleggjingar Torsdagen den 19de og er meint paa aa gjera det fraa seg so snøgt som ho kann. Laurdagen den 21de vart Paragraffarne 1-3 vedtekne. Det vart gjort soleids, at trykkte Skrifter og Samlag kann verta forbodne, naar det arbeidest fyr socialdemokratiske, socialistiske elder kommunistiske Fyremaal, som gjeng ut paa aa kollstøyta den Samfunds- og Riksskipnad som er, paa ein Maate, som er faarleg fyr den aalmenne Fred elder Samnaden i Folket og millom Klassorne. Naar trykkte Skrifter er forbodne og Samlag elder Samlingar uppløyste, so kann det verta reist Klaga mot Politiet fyr "Instansar", som Landslogi fyreskriv etter Politiforskrifterne fyr Stellet. Med § 4, som handlar um øvste Klage-Instansen, vart de ikkje ferduge. Gneist talad fyr, at Rikskansleren skulde vera øvste Instans; daa kunde Riksthinget halda si Yverraad. Lasker talad fyr aa taka ein prøysisk Yverforvaltningsrett. Av Sambandsraadet talar Saksen og Bayern fyr aa taka ei Nemnd under Sambandsraadet til øvste Instans. Den prøysiske Minister hev enno ikkje sagt nokot.
 
Austrikingarne hev flutt sitt Hovudkvarter fraa Serajevo, Hovudstaden i Bosnia, 25 Miler attende, til Brod og hev teket Hersetningsarbeidet uppatt med full Kraft fraa nyo, aa kalla. Dei sidste Tidender segjer, at dei no skal ha gjort god Framgang i Austbosnia. Den 15de hersette General Binenerth Lina Sakova-Gradacac. Samstundes sende Szapary sterke Kolonner mot Nordaust fraa Doboy, og den 16de tok han Gracanica; her frann hann store Upplag av Munisjon og Vaapen. Upprørararne drog seg attende til Bjelina og Tuzla. I Vestbosnia fall Festningi Bihac den 19de i d. M. i Henderne paa Austrikingarne. Det var her at General Zach fyr ei Tid sidan hadde ein Usiger og maatte ganga yver den kroatiske Grensa att. No hev han fenget fleire Folk og hev skridet fram paa nytt Lag, og etter eit blodugt Slagsmaal hev han nøydt Festningi til aa gjeva seg yver. – I Herzegovina reiknar Austrikingarne fyr at dei er so godt som ferduge med Upprøret; men i Bosnia hev dei sagte enno att det hardaste Taket. Upprørarne er baade mange og vel vaapnade, og so forherdige, at det ber reint utor. Dei hev fleire Festningar i si Magt, som det truleg vil kosta Austrikingarne mykje Stræv aa taka. Krigskunnuge Herførarar hev dei ogso; kvar dei hev fenget desse fraa, er likeso løynt, som kvar dei fær Munition og Artilleri fraa. – Heime i Austrike er det stort Misnøgje med Regjeringi fyr hennar Framferd i Hersetningssaki. Heren skal kosta minst 6-700,000 Gulden um Dagen, og dei reiknar at Kostnaden ved Hersetningi i det heile skal koma paa 300 Millionar. I Ungarn er Harmen endaa større. Det skal spøkja baade fyr Andrassy og Tisza, er det sagt.
 

 

Frå Fedraheimen 25.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum