[Notisar]

Matrikulerings-Nemndi. Amtmann Aall hev latet seg yvertala til aa ganga inn i Nemndi som Formann etter avgjengne Amtmann Meinich. Dr. O. J. Broch vilde ikkje.
 
Stuld i Lufti. Ei ung engelsk Gjenta tok seg til kvar Dag ei tri-fjore Gonger aa stiga upp med den store Balonen i Paris. Folk tok til aa undra seg yver detta. Ein Dag fylgde Politiet etter henne og ein Herre med eit Trebein, som plagad fylgja henne. Hennar Lummur vart undersøkte, og det fannst 20 pengepungar i deim: tri av deim inneheldt Fengdi ved siste Uppstigning: 3000 Franks. Grunnkapitalen 20 Franks hadde altso gjevet gode Rentur.
 
Røysterettsmyrer. I Stjørdalen hev 30 Mann gjort seg røysterettuge ved aa kaupa Myrer. Ein slik Eigedom heiter "Jaabæks Minne", ein annan "Haabets Anker" o. s. fr.
 
I Stiftsstaden Trondheim hadde Folk butt seg til aa gjeva den Kapteinen, som i Sumar misshandlade ein Rekrut slik, at han gjekk fraa Vitet, ein "Pipekoncert", dei kallar. Det vart tillyst i Avisurna, at Pipur var aa faa der og der. Men Politiet lagde seg imillom og fekk Kaupmennerne til aa selja Pipur berre til kjende Menn og teikna upp deira Namn. Likvel møtte det fram ved "Litlegarden" ei uhorveleg Folkemengd um Kvelden. Men dei peip ikkje: Kapteinen hadde teket seg ein Lysttur til Stjørdalen nettupp den Dagen.
 
Mild Haust. Jordbær og Jordbærblomar er framvist paa fleire Stader i denne Maanad, me kann nemna baade Bergen og Trondheim. I Varskau fraus derimot Vatnet Notti millom 13 og 14 Juli, og Onnefolket laut taka paa seg Vetrklæde. Likeins var det i siste Vetr: mildt i det nørdre og kaldt i det sydre, allvisst i det sydøystre Europa. Alt snust upp ned i denne Verdi.
 
Sanns fyr Upplysning. Raumsdals Fylke hev ymse Folk ofta gjort Narr av; det er vortet kallat Klokkarfylket (Klokkeramtet). Den siste, me hev sett uttala seg um detta, er ein Embættesmann i Raumsdal, Lækjar ved Reknes Hospital fyr Spitelske, Hr. Høegh; han segjer: "De gamle Nordboere - - - - havde vel sine store Klokkere, de ogsaa, men de lod dem aldrig prædike om det, de (Nordbuarne?) ikke forstod sig paa." No ser me av ei Brevsending til "Bergensposten", at Aalesunds Skule fyr den høgre aalmenne Daning hev eit Lærlingtal av 200, og at Femteparten av detta er fraa Landsbygderna kring Aalesund: dei Bønder, som stend seg godt, hev fengjet Augo upp fyr, at dei bruker Pengarne sine betre ved aa kosta paa Borni sine enn ved aa setja deim i Sparebanken. Skal tru, korleids det vil ganga med Danskemaalet, naar Bondegutar i Ovmengd kjem upp i den høgre Daningi? Me veit nog, at Ein og Annan (som Mikkel Birkeland) gjerer Svenske av seg, men Mengdi? Latin, Grekisk, Tydsk, Engelsk, Naturkunna, Matematik, Gamal-Norsk er sjau visse Stig fram mot Norskdomen.
 
Skulelærar-Seminar i Sverige. I Lund Stiftsseminar er no 195 Lærlingar, Karlstad 144, Vexiø 142, Gøteborg 141, Linkøping 126, Stockholm 120, Skara 113, Kalmar 107, Uppsala 104, Falun 66 og Hernøsand 62, ialt 1320 Lærlingar. Kurset varar no 4 Aar.
 
Daane. Den velkjende Bisp av Orleans Felice Dupanloup, fødd 1802, er nyleg daaen. Til 1869-70 var han Fridomsmann og Forkjempar fyr den gallikanske Kyrkja. Sidan hev han voret meir ultramontan um sjølve Paven, og hans Hyrdingbrev fraa den siste Tid hev voret Mynster paa Trongsyn og Ufridom. I det franske Akademi sette han ikkje sin Fot, etter at Litré, den aagjæte Leksikografen, mot hans Røyst vart innvald. – Den engelske Politikar Lord Chelmsford er likeins daaen, 85 Aar gl. – Dr. Pettermann hev ikkje drepet seg sjølv; han do av Hjarteslag, segjer fleire Avisur. – Ei Syster av George Sand (Madame Dudevant) er daai i høg Alder, 79 Aar; ho heitte Mad. Cazamjou. – Bankierarne Opperheim i Køln og Kønigsvarter i Paris.
 
Lik-Stuld. I Cleveland (Nord-Amerika) hev det medicinske Fakultet og dei medicinske Studentarstolet Lik til Dissektions-Øvingar; dei er no alle fengslade og tiltalade fyr Stuldi.
 
Menneskje-Etarar. 5 Missionærar av den Wesleyanske Trui (John Wesley stod i same Stelling til den engelske Rikskyrkja som Hans Hauge til den norske) hev vortet ihelslegne og uppetne av Maoriar fraa det Indre av Ny-Zealand. Dei kristne Kolonistar (Europearar og Amerikanarar) og dei innfødde Kristne fraa dei Landskap, som ligg ved Strondi, hev ikkje forsømt seg: dei hev sleget ihel 80 av dei Innfødde fraa det Indre (16 fyr 1). "Ojle sinde gejler", segjer Turken, og Nordmannen: "Slik er Skikken."
 
Draum. Hr. Schweinfurt i Lins (Austrik) var nyst sjuk. Han er Katholik. Prest vart hentad, og han baud seg til aa gjeva den Sjuke den siste Olje. Den Sjuke vilde ikkje og sovnade av; dei trudde i Fyrstunne, at han var avfaren. Men etter 14 Timar vaknade han og tok no til aa batna. Presten vitjade honom framleides, og Sch. fortalde ein Dag, at han hadde havt ein underleg Draum under den lange Svevnen. Presten uppmanade honom til aa fortelja Draumen – "Draumar hadde ofta ei djup Tyding" – og fekk no høyra: "Eg tottest vera daaen og bankade paa Himmelporten. St. Peter kom og let upp, men vilde ikkje sleppa meg inn, daa eg ikkje hadde fengjet Sakrament og Syndsavløysing. – Kann eg ikkje faa detta heruppe? spurde eg. St. Peter gjekk stad fyr aa høyra etter, men kom langt um lengje att med negtande Svar. Daa eg spurde um Grunnen, svarade han, at han hadde gjort seg Umak med aa leita, men ikkje voret god til aa finna nokon Prest der.
 
Underbalance. I Roms Kommunekassa er upptekt Underskot paa 2 Mill. Lire (Franks). Kasseraren er skyldug i Stempelsvik. Ogso i andre Embætte er gjort Svik.
 
Thiers' samlade Talar er Namnet paa ei Bok i 3 Band, som snart vil utkoma i Paris: Fru Thiers les sjølv Korrekturen.
 
Damurna i Filadelfia læt ein Lækjar taka ei Taa av kvar Foten til aa faa smaa Føter. Lækjaren skal tena uhorveleg mange Pengar paa detta.
 
Ein Kristen – lærd Katholik fraa Austrik, dugleg Teiknar og stor Maalmann – er gjenget yver til Buddhismen i Bangkok, Siam: han vil læra Ball-Maalet til Gagns, og det kann ingen utan aa ganga inn i det høgre siamske Presteskap. Siamesarne gled seg yver detta, og dei kristne syrgjer, segjer eit Blad. – I Sud-Russland gjerer ein Røvarbande paa 200 mann mykje Ugagn; Hovdingen er ei Kvinna, ung og fager. Regjeringi hev sett ein Pris av 15000 Rubler paa hennar Hovud.
 
Kong Umberto (Italia) er sjuk; han skal arbeida hardt, baade med Rikssaker og med aa greida Far'ens Reikningar, som strøymer inn yver Skart fraa lauslynde Kvendfolk.
 
Wettin-Linden, eit aagjæt Tre i Berlin, umtalat i Brevskap fraa 1450, er turkat burt. Det hev voret gjort alt, som gjerast kunde, til aa halda Liv i det.
 
Rømde. Faatøkkasserar Smitt i Grimstad, Brandmajor og Fotograf, er rømd. Kor mykje, han hev teket av Kassa, veit me enno ikkje. Paa hans Pult fann dei Brev til Skifteretten um, at han uppgav si Bu. – I Trums rømde nyst ein Handverkar etter aa hava laant nokre Tusund Kruner. Han vart fakkad i Hamarfest. – Um den Straffangen, som slo Uppsynsmann Kristofersen paa Akershus, fortel dei, at han, ein Gong han skulde fordast med Jarnvegen til Fengsl, hoppade ut, medan Toget var i full Gang, og same Kvelden gjorde Innbrot paa ikkje mindre enn 5 Stader.
 
Ein Orkan hev den 23 Septbr. gjort stor Skade i Hamnebyen Kertsh paa Krim. Fleire Skip vart kastade upp aa Land, 15 Farty vart knuste, 60 Menneskjur umkom. I Byen vart 40 Hus øydelagde, og mange Menneskjur umkom ogso der. - Ein Tyfon hev gjort stor Skade i Naandi av Shanghai (Kina).
 
Gambetta skal den 8de Novbr. halda ein ny stor Tale i Cirkus Myers i Paris. Bj. Bjørnson skal vitja Gambetta, segjer "Litlehamar Tilskodar".
 
Homøopathiske Lækjarar. I Spania skal upprettast eit Fakultet fyr Studium av den homøopathiske Lækjarkunna. Det fyrste Kursus skal taka aat i Novbr. og Avgangsbrev gjevast alt i Mai næste Aar.
 
Viktor Hugo hev svarat den internationale Fredsliga, som innbaud honom til aa vera Formann ved eit Møte: "Det gjerer meg vondt, at eg ikkje kann hava den Æra aa taka imot den Formannsplass som De byd meg. Eg kann ikkje reisa herifraa (Guernsey); men De veit, at eg i mitt Hjarta altid vil vera med i Fridomens og Fredens store Arbeid. Kongarne kjempar imot Fridomen og Prestarne imot Freden; men Fridomen og Freden skal likvel sigra. Folki vil slutta seg saman. Vaar Tid hev ei dubbel Uppgaava, ei dubbel Skylda: det aa frigjera seg fyr Kongeviljen og det aa gjenomføra Folkeviljen. Soleids er Framtidi – ei Framtid baade fredeleg og lovnadsrik".
 
E rkebisp Schreider av Bamberg er send til Rom av Bismarck. Han hev med seg ein Rettslærd, Dr. jur. M. Lingg, og skal prøva aa koma til Semja ved Pavestolen.
 
Paven er missnøgd med Jesuitarne og hev etter "Standard" paalagt Ordensgeneralen aa avhalda seg fraa politisk Verksemd.
 
Kongs-Emne. Formannen i det montenegrinske Yverhus Nikita Bojar Petrovitsh, skyld med Fyrst Nikita, tred upp som Kandidat til Kongsstolen i Bulgaria.
 
Dansk Dom. Folkethingsmann Tauber saksøkte nyst Redaktøren av "Dagbladet", Cand. jur. Topsøe, fyr uvoren Skrivemaate og fekk fyr nokre Dagar sidan Hr. Topsøe dømt i Bøter paa 200 Krunur elder Fengsl i 30 Dagar. Det var likvel ikkje Høgsterettsdom. "Morgenbladet", "Aftenposten" og "Almuevennen" hev jamt Artiklar, som er likso uvorne som "den sølle Topsøes", men gjeng altid frie, daa Ingen her finn det Umaken verdt aa leggja Sak fyr slikt. Det er likvel ikkje rett aa yversjaa Ærekrenkjingar: si Æra skal Ein halda paa, og Rettskjensla i Folket vert berre øydelagd ved, at uvyrdne Blad fær Løyve til aa bruka Ukvæmsord mot gode Menn etter Hjartans Lyst.
 
Morgenposten" er vond fyr, at han ikkje vart heidrad med Tilsegjing til "Kur" hjaa Riksraaden Munthe, daa han fekk det løglege Innfall aa kaupa Togn av Kristiania-Bladi um det Merkjelege i Mobiliserings-Freistnaden hin Dagen, som Storthinget ikkje hev gjevet Pengar til. "Fedraheimen" er ikkje det Grand vond fyr, at han ikkje vart tilsagd.
 
Ein svelgd Blodigle. Dr. P. Maksimow i Kujunla skriv i den russiske Lækjartidend, at Soldaten Nikolai Olishenko klagade yver sterk Nasebløding, naar han laag, og nauvt Svelg. Svelget vart undersøkt, og det viste seg daa, at ein framand Likam, ein Blodigle, hadde soget seg fast paa Slimhinna i den attarste Luten av Svelget og med Kroppen sin rakk eit Stykkje ned i Vælendet (Matrøyren). Lækjaren tok Iglen ut med ei lang, krokutt Tong, men det var eit heilt Basketak aa faa Dyret til aa sleppa Tak. Lækjaren lagde Iglen i eit Glas Vatn, og Dyret saag ut til aa finna seg vel. Det mælte 6 Centimeter (paa Lag 2 ½ Tume) i Lengdi og 7 Milimeter (ikr. 1/ 3Tume) i Breiddi. Soldaten hadde inkje Hugbod um, korleids Iglen var komen der; han hadde venteleg svelgt Dyret med Drikkekvatnet. Han hadde voret sjuk i 8 Dagar, og so lengje hadde han, dregjest med det framande Kreturet.

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum