Kristiania, den 18de Oktober 1878.

 
Um Lofotfisket i 1878 hev Uppsynschefen, Løytnant Juel, skrivet ei lang Fraasegn med ei Mengd Upplysningar av alle Slag. Uppsynet var i Verksemd fraa 16de Jan. til 14de April. Uppsynsmannskapet var 1 Chef, 37 Uppsynsmenn og Matrosar, 1 Domar, 7 Lækjarar og 2 Stiftskapellanar. Dessutan 23 Telegrafistar og 2 Skulelærarar, Kyrkjesongar G. A. Pedersen, som heldt Skule i Henningsver, Fiskartalet der var 4083, og Kyrkjesongar S. Nielsen fraa Meløy, som heldt Skule i Stamsund med Fiskartal 1910. Den fyrste hadde 103 Lærlingar, mest fraa Skjerstad, Steigar, Meløy og Herøy, den siste 80, mest fraa Bodøy, Stamnes og Steigar. Fraa Alstahaug (715 Mann i dei tvo Ver) gjekk ingen paa Skule, fraa Nesne (179 Mann i Stamsund) 1, fraa Thjotta (314 Mann i Henningsver) 6 og fraa Ibestad (535 Mann same Staden) 5. Det vart undervist i Religion, Reikning, Rettskrivning, Kartkunna, Song og Soga. I Henningsver vart undervist i 29 Dagar (174 Timar) og i Stamsund 36 Dagar. Av deim, som vitjade Skulen, var i Henningsver 1/ 3 (34) ukonfirmerade, i Stamsund 38 under 20 Aar. I Stamsund skaut dei derattaat saman til Bøker, Avisur og eit Leserom, som var sterkt søkt. I Henningsver hev i mange Aar voret ei Boksamling, som Fiskararne fær laana Bøker fraa. – Fiskartalet var i det Heile 22,723. Av deim rodde Fisket i Hennignsver 4083, Kabelvaag 3737, Svolver 2312, Skroven 2111, Stamsund 1910, Hopen 1425, Balstad 1108, i 14 andre Ver 6037. Fraa Ulvik og Haugesund var 10 Fiskarar, fraa Aalesund og Gryten 9, fraa Stadsbygdi, Ørlandet, Bjugn og Aafjord 742, Lekøy Nærøy og Kolverei 310, 12 andre Herad i dei Throndheimske Fylki 154, Brunnøy 719, Alstahoug 812, Thjotta 864, dei andre 5 Herad i Sydre Helgeland 1650. Nesne 953, dei andre 6 Herad i Nørdre Helgeland 1487, Skjerstad 679, Steigar 679, Ofoten 734, dei andre 8 Herad i Salten 3378, Hadsel 967, Flakkstad 724, Buksnes 1213, Vaagen 950, dei andre 6 Herad i Lofoten 537, Ibestad 1480, Throndenes 1052, Lenvik 653, dei andre 12 Herad i Senja og Trums med Trums By 1952, Vardøy og Vatsøy 15. – Lofotfisket i 1878 var det næststørste Ein kjenner: det vart uppfiskad 24 ½ Mill. (1877 28 Mill., men Millomtal fraa 1869 20 ½ Mill.). Verdet paa Fisken er sett til 6 ½ Mill. Krunur. Dagsfortenesta var fyr kvar Mann Kr. 3.50 Øyrur brutto og ein Mannslut 300 Krunur fyr heile Fisket. – Sjukdomstilfelli var 3198, paa Sjukehus vart lagde 216, under Fisket do 17. 2. 6 pCt. av Linefiskararne var i Fjor plagade av Verkefingrar; ved Bruk av Dittens Saarferniss gjekk i Aar Procenten ned til 2. Hr. JuelsBok er eit forvitnelegt Verk; han fortener Paaskyning fyr den trottuge Flit, han hev lagt paa detta Arbeid.
 

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum