Mandalsdalen (brev)

 
"Ja detta Aaret, denne Sumaren hev voret reint makalaus", segjer Folk, og dei hev Rett; slikt Aar er det lengje sidan me hadde. Baade Høyet og Kornet og Jordepli slo godt til, so at me maa vera væl nøgde, helst etter eit slikt "Halvaar" som det ifjor.
 
Men Mennesket er ein rar Skapning, altid hev det nokot aa syta fyre! no er det Pengar me vantar. Og sannt aa segja er her tunnt paa af det Slaget. Men det gjer væl godt fyr nokot det og; for no er dei Pengarne, som er, so mykje gjævare enn dei var fyr nokre Aar sidan. Og Sparsemd er au ei Dygd, og det just den, som detta Fylket skulde hava mest Lag fyre.
 
Ein Kristianiamann hev faret her i Dalen og havt Folk til aa grava ut nokre gamle Gravhaugar. Etter det dei segja, var det nok ikkje mykje han fekk fyr Bryet sitt; det skulde mest voret nokre Krukkebrot og nokot slikt; men dei Lærde tykkjer tidt Mun i det, me andre aldri bryr os Grandet um.
 
U. Ø.
 

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum