Brevsendingar.

 
Kvitseid. Pietismen heve voret sterkt uppe her i Gjeldet; men no trur eg, at ei meir folkeleg Aand er i Vakning. – Fyr 3-4 Aar sidan kom der upp til Brunkeberg eit Kvende, som var av ”Lesarann.” Ho tok til aa tala fyr Folk, og var fæl til aa fordøma alle, som ikkje vilde halda med ’a. Snart fekk ho med seg ein Flokk, og den vaks so fort, at det inkje var Bil, fyrr ho hadde umvendt ei heil Bygd. Det kom inn ein forskræmeleg myrk og sur Tone, og det verste var den ”Terrorismen”, desse Folke førde, med di at alle, som ikkje vilde vera med, vart so upp-etne av ”gudeleg” Bygdesnakk, at dei reint var utor det. Ein gamall Mann spaadde, at detta kunde ikkje lengje vara, og han fekk Rett. ”Profetinna”, eg hev talat um, kom i Skade fyr ein av sine mest heilage Fylgjesveinar; og det som verst var: ho vilde etterpaa ikkje hava denne Guten helder, endaa baade Presten og andre var hjaa henne og talde fyr henne. Detta Hendet kann Ein vita var til stor Forargelse, og meste Parten gjekk ifraa Flokken. No er det i den Bygdi berre eit Par Huslydar, som høyrer til Lesararne. Sjølve den Guten, som var Far aat Barnet, gjekk ifraa, og er no faren til Amerika.
 
I Sumar var, som De veit, Arvesen og Ullmann her. Det var nok annat til Karar det. Alle likad dei, so nær som Pietistarne. Desse var reint forskræmde. Paa eit Møte av Arvesen var der ein av dei, som møtte upp med Papir og Blyant fyr aa skriva upp dei falske Lærdomar, som han meinte Arvesen vilde koma med. Men han fekk nok ikkje Bruk fyr sine Skrivegreidur den Gongen. Sidan heldt Ullmann eit Møte – i Morgedal -; der torde denne same Lesaren ikkje møta. Men han fekk seg eit Tutarhorn, og naar Ullmann talad, stod han uppaa ein Bergknaus og bles, - tutad i Hornet fyr aa reinska Lufti!
 
Aaret hev voret godt; mykje Korn og Eple, men mindre Høy. Kreturprisarne var høge i Haust, og paa Fesjaaet i Selljord var der mange Uppkauparar og ikkje liten Handel. Her er Naud fyr Pening; Arbeidsløni er liti, og Arbeid er mest ikkje aa faa. Folk tykjest ikkje Mun i aa hogga Timber held, daa dei ikkje fær nokot fyr sitt Bruk. Held det paa slik, so vert det hardt aa greida seg, men verst fyr dei Spekulantarne, som kaupte upp so mykje Skog i dei dyre Tider.
           
No paa Selljord-Fesjaaet fekk Lensmannen i ein Gut, som vilde byta fraa seg tvo falske Krunestykkje. Um han hadde gjort dei sjav, veit eg ikkje; Saki er no fyr Retten.                           
15.8.
                                  
 
 
H. Morgedal. Eg skreiv eit Brev i “Fedrh.” No. 10, der det bl.A. var fortalt um tvo Gutar, som vilde paa Folkehøgskulen, men let seg fraatelja av Presten. Ved ei Mistyding hadde Bladstyret sett til Yverskrift: ” Kvitseid, Telemark”; og det kom daa til aa sjaa ut som um det var Kvitseid presten, Soga galt. So var det daa ikkje. Eg skulde ha rettat Mistaket fyrr; men det vart ikkje av. No hev eg fengje ei Minning um det fraa Presten, som sjølvsagt ikkje ynskjer, at slikt skal segjast paa Prent, naar det ikkje er sannt, og eg bed daa um hermed aa faa Mistaket rettat. 1)
 
Stor-Soga i Aarboki vaar fyr 1878 er som De veit Arvesens og Ullmanns Telemarksferder. Det var merkjelegt som desse Menn vekte Uro, der dei foor. Her i Morgedal lagde Arvesen ut um Yggdrasil og hadde ein stor Tilhøyrarflokk av baade Menn og Kvinnur. Det var just Jonsokaftan, og Ungdomen hadde fengjet istand ein ”Jonsokvak” med Felelaat og Dans. Dei fekk Arvesen med dit, og han fortalde Sogur og talad fyr dei. Detta kom væl med fyr Lesararne i Bygdi. No visste dei daa, kor dei hadde honom! – Der vart mykje Tale og Strid um detta. – So kom Ullmann og Torjus Hansen. Det møtte upp mest aa segja Mann av Huset. Ullmann talad yver Davids Salm. 144, 11 fg. Fyrr Talen byrjad, song dei:
”Jeg kjører frem gjenem Straalefryd”; Songen vart førd av Torjus Hansen. Men samstundes, fortel Folk, stod det ein Mann – ein Lesar – burtpaa ein Nut med eit Tutarhorn i Haandi fyr aa forstyra Forsamlingi og stydja Sine i Faarens Stund. Men han høyrdest ikkje; han vart reint neddøyvd av Torjus Hansens kraftfulle Song. –
 
So fortel Folk; um Soga er sann, tor eg ikkje segja fyr visst.
           
Ungdomen var fælt uppglødd etter detta Møtet, og mange sette seg fyre aa reisa paa Folkehøgskulen eingong. So kom det i Bladi um Arvesens Skule i Seljord – Sagatun under Skorvefjell -; og daa lovad mange aa fara dit. No, daa Skulen tek til, ser det smærre ut. Dei skuldar paa dei laake Peningtider og so frametter. Til desse vil eg segja liksom Hjalte til Rolvskjempurne: ”No gjeld det aa visa i Gjerning, det me so tidt hev sagt med Ord”, at Folkehøgskulen er oss kjær. Hellest er visst mange glade i Skulen her uppe, og det sæter ikkje, at A. S. og O. S. fører liksom Strid um ’n: dei er visst samde i Hovudtanken.
                                              
1)Bladstyret lyt taka Skuldi paa seg. Der var i Brevet fortalt um Lensmannsvalet i Kvitseid, og so trudde me, at Brevsendingi var derifraa.
 
H. S.
                       
 
 
Tromøyi ved Arendal, 18de Oktober. Den religiøse Vekkjing, som hev faret som ein Straum gjenom Landet i dei seinare Aari, hev teket fullt so mykje her som andre Stader. Ho var fyrst metodistisk, og Metodistarne fekk seg eit heilt Kyrkjelag her, og dei hev bygt Kyrkja i Arendal au. Sidan vart denne Vekkjingi – mest ved ”Lutherstiftelsens” Stræv – meir ”pietistisk,” som ein kunde merkja paa det, at dei Vakte inkje lenger melde seg ut or Statskyrkja. Nokon Skil paa Tru og Meiningar kunde ein inkje vidare merkja. Denne religiøse Vekkjingi hev gjort mykje godt her; ho hev vekkt Folk upp or den gamle Vanekristendomen og sett det personlege Andsvaret fyre kvar einskilt sterkt fram. Likaeins hev ho fenget rudt mykjet vekk av den gamle Raaskapen med Drykk og Ulivnad, so at denne Vekkjing hev gjort mykjet til, at ei gløggare Skamkjensla fyr slik Raaskap er komen inn i Folks Tanke no en fyrr, daa det vart haldet fyre eit Karsstykkje aa drikka seg full ein Gong imillom. Men det er ein leid Ting ved denne Rørsla, at i di ho hev ein Styggje fyr det vonde i Menneskja, so hev ho og ein Styggje fyre alt menneskjelegt. Det hev voret sagt fyrr i ei Brevsending til detta Bladet, at den pietistiske (elder Haugeske) Vekkjing hev Rom fyre det menneskjelege i seg liksovel som t. D. Grundtvigslæra. Det vil ikkje høva paa Pietistfolket her. Den aalmenne Meining um desse Ting er, at daa Menneskja av Naturen er fordervad, so maa fylgjeleg alt det ho hev gjort av aandelegt Verk vera fordervelegt og altso ubrukelegt fyre den som er komen paa ein betre Veg. Eg hev høyrt ein av dei fremste Pietistar (det var i Grannesokni det) som sagde, daa det kom paa Tale aa faa Orgel i Kyrkja, at det kunde inkje han vera med paa, avdi Musikk var det gildaste han hadde visst, daa han var i ”sitt naturlege Tilstand,” og so maatte han sjølvsagt mislika det no, daa han hadde fenget eit nytt Sinn. For alt det han hadde likat, fyrr han vart umvendt, det maatte han hava Mothug fyre no. Me skal berre stræva fyre det eine Naudsynlege, - ja og so Maten daa. Nokot folkelegt Aandsliv kann inkje veksa fram av slik ein Jordbotn. Det er umoglegt. Men det fær me tru, at denne pietistiske Vekkjing er ein Vegbrøytar fyre ei meire sunn og sann religiøs Folke-Vekking, som kann taka upp i seg det menneskjelige au og bera det fram forklaarat, og som difyr kann gripa vidare ikring seg ogso. Me fær vona, det gjeng so. Pietistarne vert daa – som dei, som skal brøyta Vegen - historisk naudsynlege.
           
Ein Ting kann me læra av baade Metodistar og Pietistar. Det er aa tru paa vaare Hugmaal (Interresse) og hjelpa dei fram, um det endaa skal leita paa baade oss sjølve og den kjære Pengepungen. Det er forunderleg aa sjaa kor samheldige dei kann vera og kor mykje dei kann faa fram ved detta, at alle Mann er med og dreg paa Lasset. Sjaa Metodistarne her! Inkje er dei so mangmennte og inkje hev dei so mange Pengemennmed seg helder. Men sjaa til, um dei inkje baade fekk bygt upp Kyrkja si og løner tvo Prestar au, og endaa skal der Pengar til Traktatar og slikt. Og sjaa for Penger det kjem inn til Missjonar og den Ting! Det er ein Hugnad aa sjaa.     
           
Men det er inkje Hugnad aa sjaa paa Folkevener og Maalvener og dei. Sjaa no t. D. denne Maalsaki. Kor mange er det ikkje, som hev slik Eldhug og slike fagre Ord fyre henne, naar dei talar um henne? Men kjem du til dei og spyr, um dei vil spandera ein Dalar elder so fyr aa vera med og hjelpa ei kjær Sak, so – hev dei ikkje Raad. Det ser ein so tidt Eksempel paa.
           
Sjaa no denne Folkehøgskulesaki! Me heve fenget oss slikt eit Høgskulesamlag paa vaare Kantar au no, som nokre Upplysnings- og Fedrelands-Vener hev yppat. Eg hev høyrt mange, som hev talat so fagert um Høgskularnes tronge Vilkor. Kor er dei Kararne no? Eg trur ikkje, det er so mange av dei, som vil spandera 1 Kruna paa heila Saki.
           
Ja, det er naturlegvis inkje so aa forstaa, at eg vil taka alle under Eit her. Det er mange, det veit eg vel, som er med likso vel i Gjerning som i Ord. Men det er visst, at det er mange, mange fleire Munnheltar med i dette folkelege Stræv enn i det religiøse. Det er ei leid Røynsla det, for det ser mest ut, som dei beste Aandskrafter skulde vera bergtekne av Pietismen. For eg er stød paa, at desse Munnheltar hev Samhug med dette Stræv og likar det. Men det galne er, at dei hev for litet Tru paa, at slike Ting kann vinna fram. Dei kann nok vera soleids theoretisk rette, desse Sakerne; men aa faa gjenomført dei, det er umoglegt. Det er mange slike Filister-Aander her, som inkje kann arbeida fyre nokon Ide, og inkje faae av dei er ”Maalmenn”.
           
Ein annan Ting, som heng ihop med denne Filister-Aanden, og som reint er i Vegen fyre dette folkelege Stræv her, er Nyttsemd-Tanken elder Materialismen. Det er Nytta Folk maa stræva fyr. Det var ein Dag her i Sumar, det kom ein av mine gamle Skulekammeratar til meg. Eg kjende honom som ein klok og livande Gut ifraa Skulen av. Me kom bland A. paa Tale um ”Maalet”. Han: ”Ja eg hev høyrt gjetet dette Fjellmaalet, men eg kann ’kje segja eg hev noko Greida paa det”. Eg: ”Her kann du sjaa eit Blad, som brukar dette Maalet. (Eg las upp nokot fyr honom.) Dette Bladet skulde du halda, Gut, so kunde du verta kjend med Maalet”. Han: ”Trur du det, at de-herre Maalet kjem i Bruk her i Landet daa?” Eg: ”Ja det gjer det vist, endaa det er ’kje godt aa segja, naar det vert; dei arbeider fyr det, men det er ’kje sagt det vert i vaar Tid”. Han: ”Nei – nei. Ja eg lyt nok ganga eg.” Eg: ”No, skal du ha Bladet daa?” Han: ”Aa nei, eg trur ’kje det. Det kunde nok vera gildt aa verta kjend med de-herre Maalet og læra det; men naar det er so paa Voni, um det kjem i Bruk, so kann det ’kje vera nokot Gagn i aa læra det fyr meg.
 
Ja, Farvel!” Dermed foor det Maalmannsemnet. Sumaren hev her som allstad voret overlag fin. Vaaren kom i Februar, kann Ein segja, og drivande Grødeveer var det frametter Sumaren, so Folk mest inkje kunna minnast Maken. Avlen vart daa au framifraa, iser Høyavlen; Sume sagde, dei fekk 4dubbelt mot ifjor, og tridubbelt var no det jamne. Den andre Avlen vart mindre, daa Turken vart so leid, Kornet skjernad for tidleg, og Jordepli leid ogso, daa Graset turkad burt. Endaa var Avlen eit godt Medelaars.
           
Med Skipsferdi hev det voret svært smaatt, og det er ille; for det er den, Folk helst hev aa liva av her. Inkje fyr det: det hev voret klent dei fyrre Aari au; men Skipi hev daa aldri legjet uppe slik som i Aar, daa Frakterne vart so smaae, at det vart raadlaust fyr Skuturne aa fara. Mest heile Øystersjø-Floten kom heim her i Sumar, og dei fleste Sjøfolk gjeng heime og sleng utan Arbeid. Fyr nokot sidan kom det 2-300 Vestlendingar hit aa vilde hyra seg; men dei rak nok ei laak Reis, Stakkar eg trur ikkje nokon av dei fekk Hyra. Og daa Skipsferdi er som Livaari i alt Næringsyrkje her, so gjeng det ned med alt Arbeid. Paa Skips-Vervarne er det mest stilt, og andre Arbeidstiltak er det au smaatt med, so det er hardt fyr Arbeidsfolk aa klara seg. Koss tru det vil ganga til Vetren? -                                 
 
7. 7.
 

 

Frå Fedraheimen 06.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum