Høgbrotstraffi i Bergen.

 
Daa Bankadministrator Løberg skulde setjast i Arrest, bad han um aa faa eit so ljost og luftigt Rom som moglegt, daa Lækjaren hans raadde fraa at han uppheldt seg i dei smaa og myrke Cellur i Fengslet. Politimeistaren negtade likvel detta; han skulde faa ei Cella med smaae Vindaugo høgt uppe paa Veggen; Vitjing maatte han helder ikkje taka imot, Politimeistaren las Arrestdomen soleids, at Hr. Løberg skulde vera einsaman (!), endaa det stend i Logi, at Arrestfangar kann gjera seg det so kvæmt i Fengslet, som dei vil. Detta hende Maandag i fyrre Vika, men Torsdag kom det Atterbod og Løyve til, at Hr. Løberg kunde faa sitja i det gamle Gjeldsfengsl, som visstnog er litet og laakt, men likvel hev eit Vindauga, som rekk ned paa Veggjen eit Stykkje. Eit ledigt Rom, som er nokorlunde stort, ljost og luftigt, ved Sida av Rettssalen, kunde han ikkje faa. Embættesmennerne vil ikkje kosta mykje paa vaare Storthingsmenn, ser det ut til! – ”Morgenbladet” sagde nyst, at Arreststraffi var so linn, at Hr. Løberg gjerna kunde gjera Tenesta som Bankadministrator i den Tidi, han sat i Arresten. Skade, at Chr. Friele ikkje er Politimeistar elder Arrestforvarar i Bergen.
 

 

Frå Fedraheimen 06.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum