I Telemarki.

 
1  Per “Pussig”.  
 
(Sluten.)
 
”Nu, min Herre, skal De ikke tænde?” Per drog Pusten tungt. Tok so fram Tollekniven og Snaddepipa, karad ut, og gjorde seg reidug til aa karva Sigaren i Pipa si. Det var Greidur for dei ”verdenskloke” Herrarne. Dei klappa Hender og ropa: ”Bravo, bravissimo!” – Per heldt fyr Øyro sine og skalv. Men ein af Fylgje hans sagde:
           
”Han hev no inkje voret i Byen fyrr, han Per, og so er han litt stutttenkt au, Stakkaren”.
           
So struak ein av ei Tendstikke og skulde burt og hjelpa’n Per. Han viste paa sin eigen Sigar. Daa gjekk det upp fyr Tullingen. Han stakk Tjukkenden inn i Munnen, sette Stikka til Smalenden og saug, so Kinni gjekk ut og inn som Sidurne i ein Smiebelg. Han heldt Augo att og la’ Hovudet bakyver, som han var rædd ei Sprengjing elder Eksplotion. Dei skraalad, stampad, klappad og lo, og detti lokkad fleire til.
 
- ”Bid Enden af, - den spidse!” rettad ein.
 
”Ho-ot?” spurde Per.
 
“Bid Enden af den, - den spidse, siger jeg!” –
 
”Ne-ei, um eg det gjer -!”
 
”Saa-!” sagade Hjelparen, tende ei ny Stikke og synte paa sin eigjen væltende Sigar. Men so kom han i Snarvendingi til aa stinga den tende Enden af Sigaren sin inn i Munnen, so Oska datt av, og Elden saud paa Tunga. Han sputtaad og bannad, alle lo.
           
Per kunde snaudt halda seg. Veslefing dansad og spratt mot Fylgje honoms.
           
”Aa, paa d-d-d e n Maaten!” sagde Per, beit i Sigaren, sputtad, bannad, lagad seg som han brende seg, og skalkehermde Hjelparen sin, so Bønderne lo seg mest ihel. Bykararne lo au, men skynad Ingenting.
           
No prøvde Per aa tenda. Men Sigaren var stutt no. Han var rædd han skulde brenne Nosi si, heldt for den med vingstre Hondi, med’ han tende med høgre. Men so klomseleg var han, at han stakk den tende Fyrstikka inn mot Haandbakje, so han brende seg. Daa kastad han Sigaren i Avsinne langt fraa seg, sputtad etter’n og skreik:
           
”Tv-tv-tviøri deg, Styggen!” –
           
”Han hev aldri røykt Sigar fyrr, Faavitingen han er”, sa ein av Bønderne stillt til Bymennerne, som trengde seg um dei. Dei lo og klappad: ”da capo, da capo!”
           
Per glanad og rullad med Augo.
           
Det var makalaust til Moro! -
           
So slog dei Vin i Glasi, og kvar tok sitt, men Per rørde seg inkje. ”Skal vi klinke,” sa ein og støytte til Pers Glas.
           
”Kling-kling-klinke?” sa Per.
           
”Han skynar inkje Meiningi, Tomsingen,” forklarad ein av Bøndarne.
           
”Drikk,” skreik mange, ”drikk Mann!”
           
”Ja, dr-dr-drikk meg til so,” sagde Per.
           
”Dr-dr-dr-drikk meg til so,” hermde dei burti Flokken.
           
Men no rauk ein fram og flidde Per Glaset. Han blei standande eit Bil og stirde nedi Vinen. So heldt han Glaset høgt upp og ropad, so det gnall: ”Bykarar!” – Tømde so Glaset i eit einaste Drag, sette det fraa seg, gjekk runt Telet i sprettande Halling, som slutad med eit villt Kast, stod so midt i Ringen, dei hadde gjort, med eit heilt annat Andlit – sitt vanlege -; rak som eit Ljos stod han der og lo, med’ han song:
 
”Dei reine Tankar, eg her hev funnet,
av klaare Kjeldur hev fulla runnet!
D’er gott for Sauden, som litet veit,
faa lære Livnad utav ei Gjeit!”
 
Han kvad med klaar, sterk Røyst. Der var dammstillt rundt, med’ han dansad og kvad. Detti kom som kaldt Vatn. Per sette Luva fast paa Hovudet, saag utyvir Flokken, ein leikande Flir for yvir Anletet som ei Lygne fer yvir ei Sky – rennde so avstad til Losementa i Byen som ei Pil.
           
Hosting høyrdest rundt i Krinsen; dei saag paa kvorandre, bare saag . . .
           
”Synge kunde han da,” sagde seint om sigje ein. – ”Ja, det vil sige – hm – hm: Stemme havde han vistnok”, rettad ein annan. – ”Og spræk var han jo,” mælte ein tridje.
           
”D’er au alt han kann, Fenne Tan” lagde den same Bonden til, som eg heldt honom Ord inn om Pers Vitløysa. I eit Utkast til eit Framsegn. 1)
           
So takkad Bønleg etter Uppmaning skreiv; eg Per til Losementa. laget sitt; han sat der og røykte, inkje Skraatobak-Snadda, men ein Sigar.
           
”Ein kann læ med det eine Augat og graata med det andre aat slike Sellar,” sagde ein af dei til Per.
           
Luva kann læ, dessmeir Mannen,” svarad denne.
           
Dei tagde eit Bil. Per rette seg upp, bles Sigarrøyken fraa seg og stirde ut gjenom Vindauga i den ljose Notti. ”Ja detta var no d e n Gongjen det!” sagde han, og lo.
 
T. N.
 
1)Merknad!
 Manus uleselig.
 

 

Frå Fedraheimen 06.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum