Notisar

 
Bjørnerudmordet. Me sagde strakst, daa dei hadde fengjet Fat i Mjøltraavaren Frederiksson, at det var litet sætande, kvat han sagde. Det same meinte ogso svenske Juristar, som var her under Juristmøtet. Det er visst ikkje ein slik som Frederiksson, som hev gjort Ugjerningarne paa Bjørnerud. No hev det daa ogso vist seg, at Frederiksson var langt inne i Sverig den Dagen, dei tvo Gjentur vart drepne. Politimeistar Michelet og Fullmegtig Garben er nemleg komne att fraa Sverig med Upplysningar, som set detta utanfyr all Tvil.
 
Storthingsmann, Bankadministrator Hjalmar Løberg vart sin Fredag sett i Myrkstova, der han skal sitja i 60 Dagar, fyr ei skjemtande Vending i eit privat Brev. Han vil koma ut Joleftan. ”Morgenbladet” segjer, at detta ikkje er nokor Straff, aa kalla, men mest alle andre Blad finn Straffi aa vera hardla streng, og sume tek Ordet fyr, at Straffelogi vert mildat i detta Stykkje, so Ein fyr Framtidi kann vera fri fyr slike Paafund. Det skal verta Gaman aa sjaa Hr. Løberg og Domaren hans, Hr. Løvenskiold, møtast den 1ste Februar til Aars.
 
Ein Lærar i ei av dei øvre Landsbygder, som var med i Lærarsamlingi i Kristianssand, skriv til Kristianssands Stiftsavis: ”Maalsaki viste seg aa ha stor Tilsutning bland Lærararne; denne Saki hev ei stor Framtid og er mykje vigtug, iser fyr Bondestandet. Skal Bonden faa ei god Daning, maa ho verta bygd paa hans eiget naturlege Maal, elles vert det Skal utan Kjerne. Fyrst daa kann han læra aa tenkja og uttrykkja sine Tankar og Kjenslur paa ein greid og naturleg Maate, og daa kann Ein ogso vera stød paa, at det er hans eiget og ikkje berre nokot tillært. Men Ein maa taka aat med detta i Skulen. Me Lærarar maa leggja all vaar Kraft til, so Ungdomen kann faa Hjelp til aa kom fram i norsk Aand og norsk Uppfostring” . . .
 
Avskil. Sokneprest i Gran S. V. Bugge, fyrr Professor i latinsk Filologi og Rektor, hev inngjevet Avskilssøknad.
 
Potetsjuke. Paa Jadren viser Poteten seg i Aar aa vera lett utsett fyr aa rotna.
 
Vetr. I Hamarfest fall Snjo i dei fyrste Dagar av Oktober.
 
Drap. Lensmannen i Lyngen (Trums Fylke) hev meldt, at Andreas Straumsnes hev sleget ihel Bonden Jon Straumsnes i Slagsmaal med eit Grev. Draapsmannen er send til Trums, og Forhøyr er uppteket.
 
Islendingar i Amerika. I Aar hev faret til Amerika 422 Islendingar, dei fleste til Ny-Island ved Vinnipegsjoen. Presten Jon Bjarnason tek i Bladet ”Framfari” Ordet fyr, at det kjem til Ny-Island ogso andre Folk enn Islendingar. Den islandske Tenkjemaaten er mykje meir nauvsynt enn den amerikanske. Dei hev fengjet laak Haust i Nybyggjet i Aar og.
 
”Nordens politiske Digtning” er Namnet paa ei Bok, som Folkethingsmann Fr. Bajer hev utgjevet. Boki skal vera god, segjer kunnuge Blad.
 
Paalebyggnadar hev dei paanytt funnet ved Neuenburgersjoen i Schweiz. Mange forvitnelege Ting fannst der: ein Agat, eit Gull-Øyreheng og ein Kano (Baat av ein utholad Trestomn) m. m.
 
Daane. Provst P. J. Dybdahl, fyrr Prest i Røken, 76 Aar. Storthingsmann (1868-69) Aanon Hansen Vik av Skjeberg (Borgesysla), 55 Aar. – Tollkasserar, hev voret, J. A. Müller , Eigar av Bakke Gard med Kyrkjesletta og Mylneberg ved Throndheim, 65 Aar. – Skipseigar Kristian Nielsen i Tvedestrand, ”Byens eldste og mest agtande Borgar”, 74 Aar. – Fut, hev voret, i Salten Hans Holst, 84 Aar.
 
I Hovudmatrikulerings-Nemndi hev Amtmann i Nørdre Throndheims Fylke C. Smith gjengjet inn i Staden fyr Generalkonsul Richter.
 
Gamle Nygifte. Ekkja Rajela Vilsynoka i Sompolno (Polen), 100 Aar gamal, hev nyleg gift seg med Kaupmannen Moses Nachmiel fraa Kalish, 88 Aar. – Preussaren Gall, 98 Aar, hev gift seg fjorde Gongen; Kona er 56 Aar gl.
 
Socialdemokratarne i Tydskland hev fengjet Tid til aa føra Samlagskassarne sine til Schweiz, fyrr Socialistlogi trod i Kraft.
 
Den tyske Bladskrivar Dr. Edgar Bauer, kjend av aa hava verkat fyr, at Danmark fær att Nordslesvik etter Pragfredens Artikel 5, er dømd til 1 ½ Aars Fengsl fyr nokre Artiklar ”i welsisk Aand” i Hannover Tagezeitung.
 
Sylvbrudlaup. Sokneprest Kristen Nygaard i Vestre Aker og Kona heldt Sylvbrudlaup ein av Dagarne og fekk Gaavur, verde 1600 Krunur. Lærararne sende eit bibelsk Fotografi(?) Vestre Aker hev fyrr gjevet sine Prestar større Gaavur: 1873 Moe 2000 Kr. og Heuch 1200 Kr., 1877 G. Jensen 1000 Kr.
 
Kyrkjevigsla. I Brevik hev Bispen vigslat ei ny Kyrkja med Plass fyr 800 Sitjande og likso mange Standande. N. M. Coch hev gjevet Altartavla av Kunstmaalar Bruun etter Guido Reni’s ”Kristi Krossfesting.”
 
Afrikareisande. Underløytnanten i Stockholms Brandkorps T. Een hev gjevet seg paa Ferd til Damara- og Ovampolandet; han hev fyrr voret i Afrika fraa 1865 til 1871.
 
Gullfund. Nær Byen Sitka i Alaska (det fyrre russiske Amerika) er funnet Gullminur. Ogso Sylv skal der finnast. Eit Mining-Company er tilskipat.
 
Arsenik. Ved Riksbanken i Moskva vart Kasseraren ein av Dagarne hardla sjuk og laut køyrast heim, der han strakst do. Han hadde vætt Fingen, naar han talde Pengesetlar, og dei var trykte med Anilinfargar, deribland Arsenik.
 
Den aagjæte Edison hev gjort ei ny Uppfinning, eit Tasimeter (Varmemælar); det skal vera ei Betring av den termo-elektriske Pil, men Tasimeteren er enno altfor fin.
 
Bisp Grimelund hev fengjet Paalegg av Kyrkjestyret um aa gjera Greida i Saki um Konfirmationsnegtingi i Orkedalen.
 
Vidspreidd Bok. Thomas Kempis’ ”Kristi Etterfylgjing” hev etter Edmund Malone fraa 1492 til 1792 utkomet i 3600 Upplag. Malone trur likvel, at detta er for høgt reknat, men veit, at Boki er umskrivet 30 Gonger paa Italiensk og 60 Gonger paa Fransk, og at kvar av desse Umskrifter er utkomne i mange Upplag.
 
Ulukkur. Under Jarnvegsarbeidet i Meraaker styrte ein Formann Johan Fisk, svensk av Burd og nyst gift, ned i Djupet; han hekk i eit Tog, men nokre Steinblokker høgre uppe i Fjellet losnade og skar Toget av; han vart knust med det same. Tvo andre Arbeidarar kom til Skade. – Paa ein Gard i Furnes (Heidmorki) snaavade ein Gut, som bar ein Tollekniv i Haandi, og borade Kniven inn i Hjartat; han do strakst.
 
Dom. Knut Monssen Lyngby i Fane er dømd til 12 Aars Strafarbeid fyr Draap paa Kona Barbra Olsdotter Lyngby.
 
Finnske Blad. I Finnland kjem det ut 54 Blad, 24 paa Svensk og 30 paa Finnsk. “Uusi Suometar”, som kjem ut i Helsingfors 5 Gonger i Vika, hev 6,500 Tingarar og kostar 11 Krunur Aaret. ”Souomia Turusta” i Åbo hev eit Tingartal av 5,000, og finske Blad vert lesne av ei stor Mengd Menneskjur. Den fyrste Avis i Finnland utkom i 1771, sjølvsagt paa Svensk; det er fyrst i den siste Mannsalder, at Finnsk er komet til sin Rett. Men dei, som vil vera Finnar, finskar ogso paa seg til Gagns: ein aagjæt Professor i Soga, som fyrr heitte Forsmann, kallar seg no Koskinen; dei svenske Kulturmenn kallar slikt Fennomani (Finnegalskap), men det bryr Finnarne seg aldri eit Grand um.
 
Norske Namn aa Hebriderne. I ei engelsk Bok (av F. W. L. Thomas) paaviser Forfattaren, at 2,429 Stadar paa Suderøyerne enno hev norske Namn, og berre 387 keltiske.
 
Ein Tiggar.Ei faatøk Vaskarkona i Berlin gjekk ein Morgon tidleg ut i Byen til Arbeidet sitt og sette den litle 8 Aar gamel Son sin til aa passa Huset. Kl. 10 um Fyremiddagen vart det bankat paa Døri. Guten let upp. Ein gamal Mann stod utanfyr og betlade. ”Eg hev ikkje nokot aa gjeva deg”, sagde Guten, ”me er faatøke og hev inkje aa eta.” Mannen gjekk. Kl. 4 um Ettermiddagen vart det atter bankat paa Døri. Daa Guten kom og saag, at det var den same gamle Mannen, som hadde voret der fyrr, vilde han skjott lata att Døri; men Gamlen trengde seg likvel inn. ”Ver ikkje rædd”, sagde han, ”eg skal Inkje gjera deg!” Og so tok han utor ei Korg, han hadde med seg, ei 10-12 Braudskivur, nokre med Smør paa, andre turre, lagde deim og 50 Pfenige paa Bordet og sagde: ”Sjaa her, gjev no Mor di detta, eg hev ærleg betlat det saman aat henne.” Dermed gjekk han.
 

 

Frå Fedraheimen 06.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum