Thingvali.

Thingvali. Riksrevisor H. E. Berner skal flytja til Aker, der han hev kaupt Gard, og vil stella seg som Thingmann fraa Romerikes (Akershus) Fylke. Jaabæk tek i ”Folketidende” Ordet fyr, at han vert vald, endaa han (J.) ikkje i alt kann semjast med Hr. B., allvisst ikkje med Avsyn paa Embættesløner, - daa han ”hev stor Dugleik, god Vilje og Mod til aa fremja Landets Vel paa mange Maatar”. ”Det finnst ikkje” – legg Hr. J. til – ”den Mann i Noregs Land, som slik som han skynar seg paa aa skipa ein Riksrevision,” og ”Riksrevisionen er ein so overlag vigtug Innrettning, at den Mann, som fraa Grunnen kann reformera den, bør veljast snart sagt fram fyr nokon Annan.” – Fraa Finsland skriv K. F. til ”Norge”, at Folk i Vestre Agder er vel nøgde med sine Thingmenn so nær som P. P. Spilling; ”serleg hev me lagt Merkje til hans Avrøysting i Riksraadsaki og Folkehøgskulesaki i 1877,” legg Brevskrivaren til. ”Her er alt Tale um, kven som skal taka Sess paa Thingbenken i Staden hans; mange talar um Utskiftingsformann I. Holmesland.”


Frå Fedraheimen 04.01.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum