Draumen.

 
(Serbisk Folke-Eventyr etter Vuk Stephanovitsh Karadsjitsh. *1)
 
Ein Unggut drøymde ein Gong, at det var so lagat, at han skulde verta Maagen aat Keisaren. Han fortalde Foreldri sine, at han hadde havt ein underleg Draum, men daa dei vilde vita Draumen, sagde han, at den fekk dei ikkje vita: Draumarne sine aatte Ein sjølv, meinte han, og det hjelpte korkje Bøn elder Trugsmaal, Foreldri fekk ikkje Dufti aa vita um Draumen. So vart Fa’ren vill og jagade Sonen paa Dør. Graatande gav Guten seg paa Vegen ut i Verdi og tok Kosen til Keisarborgi. Og han gjekk og han gjekk, baade langt og lenger enn langt, og tilslutt naadde han att Ærendsveinen aat Keisaren. Ærendsveinen saag, at Guten hadde graatet, og spurde, kvi han var so sorgfull; aa jau, det var nok Raad til aa vera sorgfull, meinte Guten, for Far hans hadde jagat honom ut i vide Verdi mo plettande aaleine. Ja, kvi Faeren hadde gjort det? – Jau, det var daa berre fyr ein Draum Skuld. So vilde Ærendsveinen høyra Draumen. Men Guten sagde, at den aatte han sjølv, og den fekk ingen vita. Detta fortalde Ærendsveinen i Keisarborgi att, og Keisaren fekk Hug til aa tala med den Guten sjølv. Det vart sendt Bod etter honom, og han var ikkje langt undan. Daa han kom, spurde Keisaren paa same Maaten, kor det hadde seg, at han var burtjagad. Og Guten svarad som fyrr, at det var berre fyr ein Draum Skuld. Keisaren vilde vita Draumen, men Guten meinte, at Draumarne sine aatte Ein fulla sjølv, og hans Draum fekk ingen vita. Men det var galet svarat av Guten; for der var Log og Rett, ja endaa Høgsterett, i det Landet. Og fyr at Ein kunde vera trygg paa, at dei som sat i Høgsteretten, var fullt duglege, vart dei utvalde av Keisaren sjølv, og dersom dei ikkje dømde rett og slik, som Kjeisaren vilde hava det, so vart Hovudet hogget av deim. Det var alt ihop fyr Rettvisa Skuld. Men Keisaren vart fælande vond, daa Guten ikkje vilde segja honom Draumen sin, for det var litet tess aa vera Keisar, naar Ein ikkje eingong skulde faa vita, kvat Eins Undergjevne drøymde um! Og han fann, at Guten var skyldig til den høgste Straff, ”men Høgsterett skal døma honom”, sa Keisaren, ”for Rett skal vera Rett!” Og heile Folket priste Keisarens store Rettvisa. Men Høgsteretten var mest endaa meir rettvis enn Keisaren og fann ut, at detta vart ei Høgbrotssak. Og so vart Guten sett i Myrkstova. Men Fangeromet, han fekk, laag upp til ein Kleve, der Keisardotteri hadde sitt Jomfrubur; det var berre ein tunn Vegg imillom. Gutten høyrde Glamring av Tallekkar og Glas, og kunde skyna, at Keisardotteri hadde flust med Mat og Drykk, men sjølv var han baade svolten og tyrst; for Keisaren gav honom baade litet og laak Mat, og han fekk ikkje annat enn det klaare Vatnet aa drikka, So tok han den Raadi aa arbeida seg gjenom Veggen. Væl var det smaatt um Haandfengd (Ambod) fyr honom, som i Fengslet sat, men det var likevel ikkje stor Vanden aa faa gjort eit høvelegt Hol paa Veggen, og daa Notti kom og Kjeisardotteri hadde sovnat, smaug han inn i Jomfruburet, fann Mat i eit Skaap og fekk meir enn Metten sin. Drykk fann han ogso Nøgdi av. Dei tvo Ljosi, som brann ved Sengi aat Keisardotteri, eit kvitt og eit blaatt, bytte han um, det blaae, som stod ved Hovudgjerdi, fekk Plass ved Fotenden, og det kvite vart standande ved Hovudgjerdi. So smaug han ut att. Daa Keisardotteri vaknade um Morgonen, vart ho svært forundrad yver Ljosi og likeins yver, at Maten var uppeten og Drykkekjeraldet tømt. Ho meinte, det var Ternurne, som hadde gjort det, men dei blaanegtade alle ihop og svor dyrt paa, at dei hadde ikkje gjort det. Det skal fulla verta Raad fyr detta, meinte Keisardotteri og gneid um Kvelden Augo sine inn med Troll-Tverel, som er slik, at naar Ein brukar ’n paa rette Maaten, so kann Ein sjaa alt, som gjeng fyr seg, endaa um Ein søv. Daa Guten um Notti smaug inn gjenom Holet i Veggen og tok til aa faa seg Mat, stod Keisardotteri upp, stillte seg burt til Matskaapet og treiv Guten yver Herdarne. Han stokk. Men no var Guten ein drusteleg Kar, spræk, vel vaksen og andletsfager med eit godt Tekkje, og so gjorde Keisardotteri ingen Larm, og fyrr dei skildest fekk han Løyve til aa koma inn aa faa seg Mat kvar Nott. Til Keisaren sagde ho, at Ternurne hennar turvte meir Mat enn dei fyrr hadde fengjet; og so fekk ho dubbelt so mykje Mat og Drykk som fyrr, og Guten leid ingi Naud, solengje han sat i Fengslet.
 
Keisardotteri var no i den Alderen, at det var Tid til aa tenkja paa Giftarmaal, og ein Dag, Keisaren rødde med henne um detta, bad ho honom lysa ut, at den skulde faa henne, som var god til aa kasta eit Spjot yver Borgmuren, naar han stod nedmed Strondi. Keisaren det gjorde, og det kom mange og baud seg fram, baade Turkar og Raja’ar, men det var berre Ein, som evlde aa kasta Spjotet høgt og langt nok, og det var Guten, som hadde havt Draumen og setet i Fengsl, men no var paa fri Fot att. Han kom i drambeleg Bunad, saag uppyver mot Keisarborgi med ein byrg Blink og kastade Spjotet, so det song inne i Borghagen, og Keisaren kunde ikkje annat gjera enn gjeva honom Dotteri, som daa var væl nøgd med Guten sjølv og.
 
Men dei turkiske Stormenn var ovundsjuke og vilde Keisarmaagen til Livs og vilde taka Kona hans fraa honom. So bad dei honom taka 1000 Mann med seg og koma i eit Gjestebod, dei vilde gjera fyr honom; han, som var slik drusteleg Kar og so dugande i alt, vilde fulla vera god til med slik Hjelp aa eta upp all den Maten, dei sette fram, sagde dei, og gjorde han det, skulde han hava Rett til aa taka all Eigedomen deira og alle Kjerringarne deira med. Men var han ikkje Mann fyr aa faa gjort reint Bord, so skulde dei hava Rett til all hans Eign og til Kona h a n s. Keisarmaagen gjekk inn paa Vilkori og tok til aa samna Folk til Ferdi. Likevel var han ikkje god-til aa faa meir enn 995 Mann. Med deim gav han seg hugheil paa Vegen; det vart fulla alltid ei Raad fyr dei fem, som vantade, meinte han. Daa dei hadde gjenget eit Stykkje, kom dei til ein Mann, som laag paa Morki og lydde. ”Kvat ligg du og lyder etter?” spurde Keisarmaagen. ”Eg tykkjer det er Gaman aa høyra Graset gro, og eg høyrer grannt, kor Gras og Tre veks utyver heile Heimen”, svarade Lydaren. Keisarmaagen bad honom slaa Fylgje, det kunde henda, at det vart Bruk fyr slik ei Finhøyrsla, meinte han. Lydaren vart med. Strakst etter kom dei til ein Kar, som stod aa gloste og glaapad ikring seg baade i Aust og Vest: han hadde slegjet Vedd um aa kapplaupa med ein Fugl, fortalde han, og han hadde no ventat i 3 Timar paa, at Fuglen skulde koma etter. Han vart daa og med. Lenger framme kom dei til ein Kar, som stod og einstirde ende upp i Lufti: han fortalde, at han hadde ventat 3 Timar paa, at eit Kastespjot, han hadde sendt til Vedrs, skulde detta ned att. So vart han og med. So kom dei til ein lang og mager Fant, som stod og grov etter Skovur i Botnen paa ein uhorveleg stor Kjetel. Kjetelen hadde voret fyllt med 300 Oka Polenta (600 Pund Maisgraut), fortalde han, og det hadde han etet upp til Aarbit, men han var enno like sopen og visste ikkje si arme Raad til aa faa Metten sin, sagde han. Keisarmaagen bad honom vera med, og med vart han. Nær ved Gjestebodshuset stod det ein Kar paa Breiddi av ein stor Sjo, som han hadde tømt til Dagverds, men endaa var han like tyrst, sa’n. Fiskar i Ovmengd laag paa Sjobotnen og geispade. Stordrikkaren vart og med. Og no hadde Keisarmaagen 1000 Mann med seg. Daa dei naadde fram til Gjestebodsgarden, sende Keisarmaagen den svoltne Fylgjesveinen sin inn til aa smaka paa Kosten, og det, som var framsett paa Bordi, rauk med alt ihop berre til Smakebite aat honom. Dermed hadde Keisarmaagen vunnet. Men no hadde Stormennerne liten Lyst til aa gjeva seg, og so sette dei upp eit nytt Skilord: at han, som var slik drusteleg Kar og hadde so god Hjelp, uskadd gjekk inn i ein gloande Omn med ein av Mennerne sine. Ja, det kunde han nok gjera, meinte Keisarmaagen. Han tok med seg den Fylgjesveinen, som hadde tømt Sjoen, og Fylgjesveinen var ikkje lengje um aa sløkkja Varmen, skal eg tru. So gjekk dei dei inn i Omnen baade tvo og kom ut att fullkomen uskadde. Endaa vilde ikkje Stormennerne gjeva seg. Han, som var slik drusteleg Kar og hadde so gode Hjelparar, kunde fulla kapplaupa med ei Vila*2) og henta ei Krukka Vatn av Livskjelda ved Heimsens Ende, sagde dei. Og vilde han ikkje gjera det sjølv, so kunde han fulla senda ein av Folket sitt i Vegen. Ja, Keisarmaagen sagde seg god til aa gjera deim til Viljes i detta med, men sjølv vilde han hava Vatnet; og so gjorde han av Stad den Fylgjesveinen, som hadde kapplaupet med Fuglen og komet 3 Timar fyre honom. Lauparen kom fyrst fram til Kjelda og fekk Krukka fyllt. Men daa han var ferdug med detta, kom Vila susande, so Bergi skalv og Jordi riste; det gav slikt Dyn, at Lauparen misste baade Vit og Sans. Vila flaug radt paa honom og tok den fulle Vatskrukka ut or Haandi hans, gav honom den tome i Staden og tok paa Heimvegen. Men Fylgjesveinen med dei gode Øyro høyrde, korleids alt bar til, og fortalde Keisarmaagen, kvat Vila hadde gjort, ”og no høyrer eg ho kjem susande gjenom Lufti att,” sagde han ”so no er ho her strakst med Vatskrukka”. Den femte Fylgje- sveinen, Spjotkastaren, tok no Spjotet sitt og heiv til Vedrs. Det raakade Vila høgt uppe yver Skyerne og skar henne tvert yver, so Vatskrukka datt til Jordi og Vila etter i tvo Stykkje. Lauparen fann Krukka paa Vegen og kom strakst att med baade Krukkurne. No var det ingi Raad, dei turkiske Stormenn maatte vedkjennast, at dei hadde tapt, og so skulde Keisarmaagen hava baade Eigedomen og Kjeringarne deira. Men Keisarmaagen let seg likvel lita med berre Godset og let deim hava Kjeringarne sine, og so gav han seg paa Heimvegen att og kom med klingande Spil og Hurrarop til Keisarborgi med Gods og Gull, so mykje som 1001 Mann kunde bera.
 
 *1) Eventyret fell, som Ein vil sjaa, i tvo Deilder; fyrste Deildi likjest ei Mengd med Eventyr i Sud-aust-Europa (2 magyariske, 1 rumænsk, 1 hyrkanisk o. fl.); andre Deildi (um Løysing av store Bandemaal med Hjelp av ein Finhøyrar, ein Skjotlaupar o. s. fr.) hev endaa større Spreidsla; det er, som Ein ser, i Grunndragi det same som ”Askeladen og de gode Hjælpere” (hjaa Asbjørnsen) og likjest ogso paa No. 21 i Friis’ ”Lappiske Eventyr og Folkesagn.”
 
 *2) Vila: eit Vette, som dei trur hev Magt til mest all Ting; ho likjest eit Kvende, men kann fljuga i Lufti, samla Skyer o. d.
 

 

Frå Fedraheimen 29.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum