Eit Ord til Hr. Høyem.

 
Det var just inkje min Tanke aa koma upp i nokon Pennestrid, daa eg skreiv det vesle Brevet sist; for eg er inkje Mannen, som kann kasta nokot nytt Ljos inn i so uklaar ei Sak; men eit og annat i Stykkjet ditt kann eg likevæl inkje godt sleppa av utan eit litet Motmæle, og Du fær inkje tykkja paa det.
 
Du spyr, kvi eg inkje kom med Krav um Vitnemaal fyr hine Ordi av Vetle Tunguvard. Jau det var, fyrdi eg i alt det, han sagde um Grundtvig, hadde nett same Tankarne som han, og det er daa lett aa skyna, at eg inkje hadde stor Trong um Grunnar og Vitnemaal fraa den Kanten.
 
Kannhenda dei siste Ordi mine fall nokot kaute, og det var just inkje vænt av meg; men so fær du ogso skyna, at alt so lengje, Du inkje hadde ført Grunnar fyr Ein Meining, hadde Du inkje eit Grand meir Rett til aa kalla Tunguvards Ord ”vill Ferd i flygande Luften” og ”haarreisande Gapesnakk” enn eg til aa kalla dine Ord ”slett og rett Paastand.”
 
Eg er inkje ein, som gjerna vil mistyda Grundtvigs Ferd og Arbeid - langtifraa! Ein og kvar maa undrast yver denne Manns djupe Tankar og klaare Syn paa det Folkelege; di men, høgre eg set Gr. i det Stykkje, di meir maa eg undrast paa hans rare Paastand – eg lyt faa Løyve til aa kalla det so – um Tru-Ordet. Han var ei stor Aandskjempa og med Liv og Sjel uppe i den Sak, han strævad fyre; men nettupp detta hardgjengne Strævet hans kunde gjera honom einsynt og føra honom vidare, enn den einfalduge Sanning sagde fyre, - sjaa Augustin.
 
Eg er mykje takksam fyr den Freistnaden med aa leggja fram yvertydande Grunnar i Stykket ditt, men naar Du daa lyt vedkjennast, at Ein inkje av Skriften, og etter som eg ser, inkje helder av Kyrkjefedrom kann paa yvertydande Maate svara korkje ja elder nei, so ser det nokot mistenkelegt ut. Eit nært Samband ser eg ogso millom det Ordet, som lyder ved kvar Daap, og det Ordet, som vart Kjøt og budde hjaa oss, men paa same Tid ein so stor Skilnad, som det er millom Mannen sjølv og Merket hans. Og kva meiner eg um Ordi i Romarbrevet 10, 7-8. Jau, der tykkjest eg inkje helder sjaa nokot greidt Prov, for der er inkje sagt, at Kristus er Tru-Ordet; derimot fær me i 14de Vers sjaa, kva Ord han meiner: inkje Ordet Kristus, men Ordet um Kristus, - inkje, at me skal paakalla det Ordet, me hev trutt, men den som me etter Ordet hev trutt paa. Hadde Paulus meint nokot annat, kvi sa’ han det daa inkje reint ut so ofta, som der i Skrifterne hans kunde vera Høve til det.
 
Naar Du so ogso segjer, at eg i Trudomssaker inkje skal tala um Grunnar, ja so skynar eg inkje annat, enn at daa maa kvar kunna tru nett det han lyster. Kva skulde me daa med alle dei Trudomsbøker, som, den eine betre enn den andre, prøver aa tyda den sanne Tru? og kva skulde Frelsaren sjølv daa meina med alle sine Undergjerningar, med sine Likningar og enndaa med Røyster fraa Himmelen? Trui er visst ei Hjartesak; men det er daa vel inkje det same, som at ho er ei grunn-laus Sak? Det kann vel ganga an berre aa undra paa, kor ”vænt” ein Ting ”høver ihop,” kor ”djupt” det er, og kor rørande aa sjaa, naar ingen Ting røyner paa, naar alt gjeng lett og leikande; men den Gongen, Ein kjem ned i Tvil og Vonløysa og inkje veit si arme Raad til aa finna upp or dei djupe Avgrunnar og inkje kan verta fullstød paa nokon Ting, daa kann slikt lite bata; daa vert det store Spursmaalet: Kva er Sanning? kva er full paalitande Vissa, som eg kann vaaga a l t paa. Hev Ein daa bygt berre paa Meiningar, utan Grunnar og Vitnemaal, so vert det fulla ein Bygnad paa den lause Sanden.
 
I Bj. . . .
 

 

Frå Fedraheimen 29.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum