Folkemøtet i Selljord

 
tok til den 3dje Januar og sluttad den 9de. Det var stor Hugnad aa sjaa, at so mange Menn og Kvinnor fraa Selljord og Bygderne kringum hadde samlat seg til. Skulestova paa Bjørge var full, aa rekna, kvar Dag. Bland dei, som var paa Møtet, skal eg nemna Pastor Jespersen fraa Drangedal, og elles var det mange fagna Folk. Aa slikt eit Vedr det raakad til aa vera: Solskin um Dagen og det vænaste Maaneskin, ein kann sjaa, um Kvelden!
 
Kvar Dag var det Fyredrag fraa Kl. 10-1, og sidan um Dagen var det Ordskifte fraa Kl. 4 og utyver Kvelden. O. Arvesen og V. Ullmann heldt mange Fyredrag, og Lesararne av ”Fedrah.” vilde væl vera glade i aa faa dei her; men eg hev ikkje Raad fyr det. Eg skal berre nemna nokre av dei fremste. O. Arvesen hadde framme um Striden millom Kongsmagti og Folket i heilag Olavs Tid. Ein Dag fortalde han Baldersmyten og utlagde honom stort og fagert. Um Henrik Wergeland fortalde han ein Dag, um Federne hans, um hans store Liv i den tronge Tidi, og han vardt maalad, so eg trur nokon kvar maatte skyna, at Wergeland var ein Mann. So talad han um Livet her hjaa oss. Det var innestengt med laage Livstankar og Mattankar. Talen i Heimen fall nok jamlegt um Smørprisar og Hestebyte. Var slikt Tankar med Lyfting (Idealar) i? Kunde Ætti gro av sovoret? Nei Dørerne laut latast upp, so Gut og Gjenta kunde koma ut og faa seg ein større Daap, so det kunde koma Luft under Vengjerne aat dei fine, men bundne Tankarne, som no ofta for vimnande kring og leitad etter Løysning. Detta vilde til, meinte han, skulde Folket skapa ”den nye Tid.” So las han upp og lagde ut tvo Dikt av Bjørnstjerne Bjørnson: ”Tonen” og ”Han fik ikke Lov til at lægge ud.” Seinste Dagen talad Arvesen um Grunnarne til, at Noreg fekk ei myrkare Folkenott, som stundimillom ikkje aatte ”Nottlampur” eingong. Danmark burde ikkje hava Skuldi. Me maatte takka Gud fyr, at han let oss koma saman med Danmark i den Magtløysa vaar. Elles hadde me vortet rørde saman med Sverig, som i vaar myrke Tid hadde sin ljosaste Dag; elder me hadde no voret Fabrikfolk aat Engelsmannen. Magtløysa var den indre Grunnen og Magtløysa var ali gjenom lange Tider. Han tyktest aa sjaa, at Fræet til henne vart lagt paa Stiklestad, der Norig drep beste Mannen sin. Slikt fekk si Straff. Ullmann talad fyr det meste um kristelege Ting. Han talad soleides fyrste Dagen um Døyparen Johannes, som var den største Israelit, og som førde Israelstanken so langt fram, at han kunde peika paa Kristus og segja: ”Der gjeng han!” Men lenger kunde ikkje Jøden koma, og difyr sagde ogso Johannes; ”Det høyrer meg til aa minka av: men h a n skal veksa.” Detta var ogso Maalet fyr alt Folkearbeid i vaare Dagar: ”Kristendomen skal stiga høg fram or det.” Ullmann talad ein Dag um det Ord av Salomon, som segjer: ”Utan Syner vert Folket villt.” Detta synte seg og i den myrke Domartidi, daa det heiter, at ”Gudsordet var dyrt, og ingi Syner braut fram.” Salomon, som livde i ei Tid, som merkte seg ut med yttre Storleik, hadde ei Kjensla av, at Folket ogso turvte nokot annat: det laut faa Syner! Og han gjorde sitt. I Høgsongen viser han oss dei største Syner i Folket. Ullmann gjorde so Greida fyr Høgsongen, fortalde og lagde honom ut. Men no trong me ogso Syner, meinte han. Me turvte baade kristelege og folkelege Syner, um det enn no var Moten aa kalla baade Slagi ”Floskler og Fraser”. Um Farisearne talad han ein Dag. Det var dei aalvorlege Jødar, og dei stod som dei beste i Folket som Berarar av Vit og Lærdom. Profettidi var drøymande og uklaar; men med Farisearne kom Klaarleiken og ofta Snusfornuften. So ein Dag um dei store Kvinnur hjaa Jødefolket: Rebekka, Jomfru Maria, Systerne aat Lasarus, Maria og Marta, og so Maria Magdalena. Alle desse Ullmanns Fyredrag var borne av stor Varme og Aalvora. Han tok Folk andfares med seg. Tvo Fyredrag til: Um Herakles-Segni og eit Bilæte fraa Keisartidi i Rom.
 
Sundagen, som fall inn i Folkemøtet, talad Arvesen i Kyrkja her. Han hev talad i Kyrkja framyver i Vetter dei Sundagar, daa Presten hev voret i Anekset. Sidan um Dagen talad Ullmann paa Bjørge fyr ei Mengd med Folk.
 
Ordkasti gjekk med Liv um Kveldarne. Det vart talad um ”Sundagen og Sundagsarbeidet,” som no fyr Tidi er so myket umstridt. Det var aalmenn Meining, at ingen med det harde maatte drivast til aa halda Sundagen heilag; den Tingen burde vera fri. Alle desse Straffer fyr Sundagsbrot burde difyr burt. Sume trudde, at Staten ikkje burde ganga fyre i Sundagsarbeid, men elles lata den einskilde Mannen gjera, som han vilde. Til detta vart svarad, at det var raadlaust fyr Staten detta; han hadde berre aa sjaa paa det, som var til hans eigen Bate; - med Kyrkja hadde han ikkje nokot aa gjera. Fraa den andre Sida vart framhaldet, at Staten i eit kristet Land do maatte syna den Godviljen, at han ikkje sette vondt i Vegen fyr Kristenlivet; detta var i Grunnen berre Rettferd. So vardt det talat um ”Vaar Politik”, elder som det høvelegt kunde kallast ”Vaarpolitik” (Framtids-Politik). Til denne vart reknad beintfram (direkte) Skatt, beintframt Val av Stortingsmenn og andre offentlege Yrkjesmenn, og Utvidking av Røysteretten. Eg skal berre nemna, at alle tyktest finna Framtids-Politikken i detta. Sume meinte, at det hadde ikkje slik Onn; men det var visst, at me vilde faa ein god politisk Skule, naar desse Ting gjekk fram. Me kunde ikkje paa annan Maate koma upp av Svevnen. Skatta-Greida gav so svært god Raad til aa vera like vise, som ho no var. Ymse Talarar trudde, det kunde vera mykje det same, anten me fekk Brigd paa Logi um Røysteretten elder ei; dei, som no hadde Hugen, kunde faa seg ein Myrlepp. Andre meinte, at her plent laut ei Brigd til, daa ingen aalvorleg Mann vilde hava nokot aa gjera med Myr-Røysterett. Um ”Lægmandsvirksomheden og Lutherstiftelsen” gjekk Røda ein Kveld. Alle var samde um, at ”Lægmænd” burde hava Rett til aa tala Gudsordet; men detta frie Arbeidet maatte standa fritt og ikkje leggja seg inn under Kyrkjestyret. Seinste Kvelden var det Ordkast um ”Friskulen”, men det var stutt. Ein kunde do sjaa, at Tanken ikkje var ukjend; mange hadde, etter som eg kunde skyna, funnet so langt fram, at dei saag det beste i honom.
 
Under Møtet vart Høgskulelaget fyr Bratsbergs Fylke tilskipat.
 
Tordagskvelden, fyr Folk for heim, var me saman eit Bil utyver. Ordet vart gjevet fritt, og mangt eit fagert og varmt Ord kom fram, endaa um der korkje var Mat elde Drykk attaat. Slik er det: det gjeld mest um aa hava nokot aa segja.
 
Slike Møte hev Folket godt av, trur eg. Det er Lyfting i aa koma saman med Frendar, finna mange Hjarto som brenn fyr det same som ein sjølve. Skal Isen lina, so maa det verta paa den Maaten, at Folk kjem saman, so den eine kann kveikja den andre upp. For Eld kveikjest av Eld, Mann av Mann.
 
Oddmund Vik.
 

 

Frå Fedraheimen 29.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum