Notisar

 
Kristiania, den 28de Januar 1879.
 
Embættes-Utnemningar. I siste Riksraadsmøte skal vera utnemnde: Prest i Finnø Meyer til Soknepræst i Løyten, Prest Matzau til Sokneprest i Flesberg og Sokneprest O. B. Bull i Aafjorden til Prost i Fosens Prostedøme.
 
Storthinget. Grosserar Tallak Nielsen i Larvik kjem ikkje paa Thinget i Aar. I Staden kjem Lækjaren ved Sandefjords Bad Ebbesen. Det er ialt 12 Storthingsmenn, som hev Forfall.
 
Gaave. Apothekar Thaulow hev gjevet 4000 Kr. til Hjelpesamlaget aat Formaceutarne og hev forkynnt, at han vil gjeva ei stor Gaava (400,000 Kr.) til Framgang aat aalment Vel.
 
Logforslag. Sekretær i det statistiske Centralburau J. N. Mohn hev sendt Regjeringi eit Logforslag um, korleids Born og Ungdom kann brukast til Arbeid utanfyr Heimen.
 
Missionen. Innkomurne aat ”det norske Misionsselskap” var i 1878 Kr. 193140. Etter J. Ivarsson paa Moholtet i Strindi hadde Selskapet ved Testament fengjet 1600 Kr. I Natal er døypt 4 Vaksne og 11 Born. Paa Madagaskar er i Innlandet døypt ikring 900, Skuleborni er 4000 og Kyrkjegangarne um Sunndagarne 10-20000. I Hovudstaden Antananarivo var i 1878 døypt 16 og Talet paa Skuleborn var 105, derav 20 døypte. Guteasylet hadde uppteket 30 og Gjenteasylet 60 Born, og Seminariet hadde 22 Lærlingar. – Missionssamlagi her heime var aukade med 30 nye, og det heile Tal er no 780. Ogso fraa den norsk-lutherske Kyrkja i Amerika fær Samlaget Hjelp.
 
Nedsett Fragt. Fyr aa tevla med Smaalensbanen hev Frederiksstad-Eimskipi nedsett Fragterne. Til Vaaren skal ogso 2 andre Eimskip, Oslo og Lara, nedsetja Passagerfragti.
 
Kommanndovegen vert snart full Aalmannveg. Kapt. Prahl fekk Avskil i Naade og med Etterløn ved kgl. Resolution, dei kallar, i Riksraadet, men det vart negtad honom Løyve til aa bera den fyr hans Charge reglementerade Uniform ved Resolution paa Kommandoveg! Naar Ein no veit, at det fyrr hev voret det Sedvanlege, at Løyve til aa bera Uniform etter Avskil fraa Hertenesta hev vortet gjevet paa same Maate som Avskilen og Etterløni, ser Ein grannt, at vaart Riksstyre hev Framstigsmenn millom Medlemerne, anten det no er Drottseten Kierulf elder Riksraad Vogt. Skal tru, det ikkje vert naudsynlegt fyr deim, som hev Magti, aa møta upp med eit stutt og greidt: För fort! ”Lykkelig er den, som ikke staar under Krigs-Direktorium” (Dr. Otto Holmboe)!
 
Daaen. Raadmann Houge i Bergen, 75 Aar gl.; Lensmannen Jersin.
 
Taket paa Vedskuret ved Eiks Daarehus ved Kristianssand (250 Fot langt og 36 Fot breidt) er av galvaniserade Jarnplatur, lagt i Bylgjegongar, og tek seg godt ut, verdt det sagt. Det er likevel ikkje dyrt, berre Kr. 1.28 Rutealni, medan Skifertak vilde kostat 2 Kr. Rutealni. Galvaniseringi hindrar, at Jarnet rustar.
 
Mekaniskt Talent. I Bykle i Sætersdalen hev ein 13 ½ Aar gamal Gut, Gunnar (Etternamn ikkje uppgjevet), gjort ei Stoveklokka av berre Tre med Undantak av Perpendikkelen, Loddi og Snorerne. Klokka gjeng stødt. Han saag etter ei gomol Husklokka, som var utsliti.
 
Konstitution. Byskrivar Christie fer styra Borgarmeister-Embættet i Throndheim, medan Strøm er paa Storthinget.
 
Tollen er, som Ein veit, gjenget hardla ned i det seinste Bilet. Brennevins- og Maltavgifti hev dermot vakset. I Sept.-Decbr. 1877 gjorde desse Avgifter 1,073,940 Kr. og 854,937 Kr. I dei same Maanadar 1878 dermot 2,212,092 Kr. og 1,261,882 Kr. Det vart tilverkat 2,324,544 Pottar Brennevin i Sept. – Decbr. 1877, men 4,058,885 Pottar i dei same Maanadar 1878.
 
Hollendingarne heldt den 23 Januar 300- Aarsfest fyr deira nationale Sjølvstende. Det var 23 Jan. 1579, at dei 7 nordhollandske Landskap i Utrecht under Vilhelm den Tagalle stifte Riket.
 
Ei Husmannskona i Jylland do nyleg og leivde etter seg 50000 Krunur. Ho gjekk klædd verre enn ein Tiggar. I sin Ungdom hadde ho drivet med Handel.
 

 

Frå Fedraheimen 29.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum