Um Passatvindarne og et Spursmaal

 
Um Passatvindarne og et Spursmaal, som
heng ihop med dei.
II.
 ”Stillebeltet”.
 
Me hev ovanfyr talat um 3 ”stille Belte”, eit paa ikr. 30 o Nordbreidd, eit paa ikr. 30 o Sud- breidd og eit strakst nordanfyr Midlina. Det er detta siste, som er best kjendt, og naar me brukar Namnet ”Stillebeltet”, so meiner me stødt detta attmed Ækvator. Sudkanten av detta Beltet ligg eit Par Gradar nordanfyr Ækvator, Nordkanten røkk um Sumaren upp til 10 o Nordbreidd. Detta gjeld daa berre fyr Atlanterhavet; i Stillehavet ligg det nokot meir imot Sud, so Midlina gjeng igjenom det endaa um Sumaren. Av di Stillebeltet skil millom Nordaust- og Sudaustpassaten, og det vil gjerna halda seg paa Nordsida av Midlina, so hev Sudaustpassaten eit større Rom aa blaasa yver enn Nordaustpassaten. Stillebeltet er kjendt fyr sitt skiftande Vedrlag. Lange Tak kann der vera reint stilt; men rett som det er, so bryt det laust eit trollutt Vedr, Rok og Skolregn, Tora og Ljoneld, so Sjømannen fæler fyr aa ferdast der. Venteleg er det mange taa dei, som hev leset um detta, som undrast paa, korleids det heng ihop med detta Stillebeltet. Strakst nordanfyre bles den jamne Nordaustpassaten – og strakst sunnanfyr den jamne Sudaustpassaten. Kvi møtest daa ikkje desse tvo jamne Vindarne i Stillebeltet og slær seg ihop til ein jamn Austanvind? - Me maa strakst segja fraa, at Vitskapen ikkje er fullt klaar yver detta Emnet held. Den seinste Freistnaden, eg hev set gjord til aa greida det ut, er ifraa ein av vaare eigne Vitskapsmenn, den gamle Professoren i fysisk Geografi, Sexe. Han hev no sagt Farvæl til Universitetet; men endaa kjem det rett som det er eit og annat Stykket fraa honom, synande ei Aand, som Aari ikkje hev magtat aa veikna. No nyst hev han paa sin vanlege tenksame Maate dryft det Emnet, som me no hev fyr oss; Stykket hans finst i ”Archiv for Mathematik og Naturvidenskab” I Bd. 2dre Heftet, og det er Tankarne hans, me her i stutte Drag vil leggja fram.
 
Spursmaalet er: Kvat er det, som held Austanvinden burte fraa det stille Beltet, og kvat er det som gjer all den Vindstilla, som raar der so tidt?
 
Me maa daa fyrst merkja oss det, at dersom dei Luftmengder, som strøymer inn fraa Nord og Sud, dersom dei, strakst dei kom inn i Stillebeltet, fekk same Svivingsfarti mot Aust som Jordflata, so vilde Austanvinden vera døyvd i detta Belte. For naar Folk paa Jordi, og Lufti ikring dei, hev same Farti mot Aust, so kann det ikkje kjennast nokot austlegt Drag i Lufti, men berre eit nordlegt og sudlegt. Og no kann det verkeleg tenkjast ymse Ting, som strævar til aa auka Svivingsfarti i dei innstrøymande Luftmassar og faa dei til aa fylgja Jordflata.
 
Geografarne hev fyrr trutt, at naar Austanvind ikkje var merkjande i Stillebeltet, so var Grunnen den, at Lufti paa detta Stellet stig tilvedrs. Men detta kann ikkje vera rett. For h e v Lufti mindre Svivingsfart mot Aust enn Jordflata og altso bles med eit Drag fraa Aust, so maa detta Austandraget kjennast like godt, anten ho so stryk breidmed Jordflata hell stig tilvedrs hell kjem sigande beint ned. I dei tvo seinste Tilfelle vert det liksom naar du spring fort i Regnvedr; um Regnet fell loddrett ned, so tykkjest du likevæl hava det beint imot deg. Det, at Lufti stig tilvedrs, kann altso – ikkje øydeleggja Austanvinden i Stillebeltet.
 
So hev Geografarne tenkt som so: Naar Lufti kjem strømande fraa Nord hell Sud nedmot Midlina og dermed gjeng yver Stelle, som sviv med større og større Fart, so vil den Luftmengd, som flyt nærast Jordflata, gnidkast imot den og soleids rivast meir og meir ned imot Aust. At denne Gnidkingi i nokon Mon aukad Svivingsfarti aat Lufti, det er tvillaust; men at ho berre taa detta skulde faa same Farti som Jordflata er ikkje rimelegt; i kvart Tilfelle synest det greidt, at Gnidkingi ikkje kann naa upp aat dei Luftmengder, som flyt høgre upp. Og dessutan er det Lufti yver Havflata, me her hev mest aa gjera med, og so jamnt og glatt som Havet er, so kann det ikkje verta so faarlegt til Gnidking. Detta syner seg og paa di, at Passatvinden ikkje set vidare Sjø.
 
Nei, her maa vera nokot annat, som dreg Lufti med seg mot Aust i det stille Beltet, og detta andre – meiner no Sexe – skulde ikkje det kunna vera dei Eimarne (Vanddampe), som stig uppifraa Havflata der nedikring Midlina?
 
Den sterke Varmen i Stillebeltet gjer, at der heile Aaret stig ei stor Mengd med Eimar upp ifraa Havet og blandar seg inn i Luftkrinsen. Desse Eimarne hev sjølvklaart den same Svivingsfarti i seg mot Aust som den Havflata, dei stig upp ifraa. Dermed maa dei – fyr Skuld ”Staheiti” – stræva etter aa draga Lufti uppyver Havet med seg mot Aust og soleids verta ei Magt som vil freista aa døyva det austlege Draget i Passatlufti der nedmed Ækvator. – Men kann no desse Eimarne vera sterke nok til aa døyva heile det austlege Draget, som sit i Passaten, naar han kjem ned aat Stillebeltet?
 
At det sit mykje ”Staheit” i slike uppstigande Eimar, det kann me sjaa paa Fjordarne og Innsjøarne vaare um Vetren, naar det bles Landvind; endaa um Vinden bles, so det kvin i Kvistom, so er det likevæl berre med liten Fart, at Eimarne sig i Veg burtyver Vatstromerne. Det er tydelegt, at desse Eimarne maa hava i seg mykje ”livande Kraft” til aa stampa imot all onnor Rørsla i Lufti og like eins til aa riva med seg, naar dei er i Fart. Dessutan skal me merkja, at Lufti maa vera mykje tunn i det stille Beltet og difyr best lettare aa raa’ med. – Det er soleids trulegt, at dei Krafter, som her er skildrad, er sterke nok til aa gjeva Passatlufti same Svivingsfart som Jordflata, - og daa kann det ikkje lenger vera Tale um Blaastr ifraa Aust.
 
Men, spyr du, so gjeng væl den Luftstraumen, som kjem fraa Nord, Vegen sin fram beint imot Sud, og den, som kjem fraa Sud, Vegen sin fraa beint imot Nord, so at det midt i Stillebeltet møtest ein rein Nordanvind og ein rein Sunnanvind utan nokot austlegt Drag i seg? – Sjømannen veit ikkje aa fortelja um nokot slikt, og Grunnar fyr detta ligg ikkje helder langt undan. For naar t. D. Luftstraumen nordan fraa sig fram imot Sud, so vert Jordflata vidare og vidare i Umkrins, og Lufti finn dermed større og større Vidder aa breida seg ut paa; men daa minkar Farti med same. Det er like eins, som naar eit Elvefar vidkar seg ut, so vert Farti i Straumen mindre. At Lufti, etter kvart som ho flyt sudpaa, møter ei meir og meir eimande Havflata, maa og gjera mykje til aa minka Farti hennar etter Meridianen (”Middagslina”). Og at ho meir og meir legg Vegen sin tilvedrs, naar ho kjem sudpaa, det gjer væl sitt, det med, til aa saktna Farti. Det er soleids ikkje nokot Under, at Nordanvinden og Sunnanvinden og er burte i Stillebeltet. Alle dei Krafterne, som kallar fram det støde og jamne Vedret i Passatbelti, dei er soleids reint døyvde her; Luftheimen hev mest Hug til aa vera i Jamvigt; men det finst likevæl Krafter, som braadt og loglaust bryt fram og øydelegg Jamvigti rett som det er. Dei store heite Fastlandi husar fullt upp av slike Uvedrsmagter.
 
Vats-Eim stig det no upp all Staden paa Jordi, um enn ikkje i so stor Mengd nokon Stad som i Stillebeltet. Dei maa daa og allstaden hava dei same Verkningar; dei strævar altid aa gjeva Lufti same Fart mot Aust som Yverflata og aa seinka alle Luftrørslur, som ber paa onnor Leid. Dermed maa dei ofta gjera Vindstilla, der det bles Vind, og setja seg imot Uppkoma av Blaastr, der det raar Vindstilla. Um Sumaren eimar Vatnet mest, og paa same Tid er det og minst Rørsla i Lufti. Tru ikkje det fyrste i nokon Mun kann vera Orsak til det siste; - Sjøvind og Landvind bytest med kvarandre i Døgret um Sumaren. Sjøvinden syner seg utpaa Morgonen i klaart, varmt Vedr eit Stykkje fraa Strondi og stemner sakte inn mot Land; me ser Sjøen smaakrusad eit Stykkje utpaa, men det gjeng overlag smaatt, han vinn ikkje innaat Landet; Vatnet ligg d e r stavstillt som fyrr; Sjøbrisen stend liksom utanfyre og stampar og strævar - kvat er i Vegen? det skulde væl aldri vera den sterke Eimen fraa Fjordarne og Bugterne innmed Landet? – For nære ved Land er Eimingi størst.
 

 

Frå Fedraheimen 29.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum