Utlandet.

 
 Vonerne fyr Mulebandlogi vert mindre til kvar Tid. Den nationalliberale Kløyvingen hev sagt ifraa, at han vil setja seg imot alle Freistnadar, som utanifraa vert gjorde fyr aa fastsetja Forretningsordningi aat Riksthinget, for det er nokot, som berre kjem Riksthinget sjølv ved. Det er ogso uppgjort ei Kunngjerd, som held fast denne Meiningi, og som hevdar, at Aabyrgslorne fyr Talefridomen er Grunnlaget fyr Riksskipnaden. Denne Kunngjerdi er underskrivi av Lasker, Miguel, Hänel, og Virchow; det merkelege ved ’a er det, at det er fyrste Gongen dei Nationalliberale og Framstigsflokken er i Samlag att paa lang Tid.
 
Den endelege Fredsemja millom Ryssland og Turkiet er enno ikkje underskrivi; Tingingi millom Lobonov og Karatheodory Pasja held stendigt paa, og det heitest fraa Dag til Dag, at ho skal verta underskrivi ”imorgon”. Eitt Vandemaal, som laag i Vegen fyr Fullføringi av Berlinsemja, er daa likt til aa vera undanrudt, meddi det ser ut til, at Albaningarne ikkje lenger vil setja seg imot, at Podgoritza vert yvergjevet til Montenegro.
 
Fraasegnerne um Pesten i Ryssland er av dei Tidender, som vert mest paaagtade av alle no um Dagen. Det er det leide med desse Fraasegnerne fraa Ryssland, anten dei er officielle elder private, at dei ikkje er rettugt til aa lita paa. Snart heitest det, at det er Tyfus, snart at det er orientalsk Pest, snart at Folk døyr i Flokkevis, snart at det er berre ender og ein, som ryk med, snart at Sotti hev breidt seg vidt utyver, snart at ho held seg innan dei fyrst fengde Bygder i det sudøystre av Landet. Som rimelegt kann vera, hev det ryske Styret gjerna viljat gjort Faaren til aa vera so liten som moglegt; men Utlandet hev ikkje voret vidare hugat til aa tru dei Tidender, det hev sett ut. Det viser seg bl. a. av den Panik, som Pesttidenderne hev vekkt paa Børsarne i Wien, Berlin og Hamburg, og av dei kraftige Fyregjerder, som den austrikske og prøysiske Regjering finn seg nøydd til aa taka imot Faaren. Me tek inn nokre Telegramm: W i e n, 25de Januar. I Folkethingsmøte idag vart det spurt, um Pesten i Ryssland. Riksraadsformannen svarad, at etter Fraasegner fraa Utriksministeriet raader i 6 Distrikt ved Volga-Elvi og paa Øyarne der ei Farsott, som aalmennt er haldi fyr Pest, men ikkje officielt er nemnt fyr det. Fyregjerderne aat den ryske Regjering hev til dessa haldet Sotti innanfyr dei Stelle, der ho er uppkomi. Gjetordet um, at Pesten hev brotet ut i Zarizin og Nisjnei-Novgorod, er ugrunnat. Sotti hev ikkje naatt utum den ryske Avstengjingsgarden. Innanfyr denne Garden, som er sett ikring, hev Sotti seinare voret mindre forherdug. Til større Trygd er det og sett ein Avstengjingsgard ikring Zarizin. Det er ingen yverhengjande Faare fyr Austrike. Men likevel vil Regjeringi taka sine Fyregjerder, og ho tingar alt med Ungarn og Tydskland um sams Framgangsmaate. Vidare Tiltak synest det ikkje no aa vera Grunn til. Det er moglegt, at Sotti ikkje kjem ut yver noverende Grensur. – W i e n, 25de Janr. Bland dei Avtal; som er gjorde paa den austriksk-ungarske Raadstemna um Pesten, er desse dei vigtugaste: Lækjarar skal sendast avstad til aa gjera Etterrøknad og gjeva Fraasegner. Dei tydske og austrikske Diplomatar og Konsular i Ryssland skal senda Tidend kvar 5te Dag. Dei austrikske Forbod av 1878 mot Innførsla av visse Varur fraa Ryssland skal og gjelda fyr Tydskland. Reisande Folk fraa Ryssland kann ikkje koma inn i Tydskland annat enn med embættsleg paaskrivet Pass um at dei ikkje hev voret i mistenkt Grend dei sidste 20 Jamdøger. Avtali inneheld Raadgjerder um Tilsyn og Reinsking av Vogner o. s. b. – W i e n 25de Janr. ”Pol. Corr.” fortel: Nemndi um Pesten hev sluttad sine Raadlegjingar. Det vart avtalad Forbot mot Innførsla fraa Ryssland av ureint Linklæde og Lakan, brukte Klæde, Graavarar, Læder, halvgarvat og semskat Skinn av Geit og Saud, Blaasor, Tarmar, Haar, Burst, Fjør, Kaviar, Fisk, Saleptabalsam. Utan Reinsking maa ikkje innførast Ull, Brev og Papirpengar. Farty fraa ryske Hamner stend under Helsetilsyn. Etter Avtali skal dei vedtekne Grunnsetningar ogsaa kunne tillempast paa Sendingar fraa Kvislerne av Nedre-Donau.
 

 

Frå Fedraheimen 29.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum