Aal svart og Aal kvit.

 
(Æventyr fraa Telemarkji.)
 
Dæ var ein Mann og ei Kjering som hae tvo Sønir; dei voks upp og blei store, raske Kjempur, den eldste heitte Aal svart og den yngste Aal kvit.
 
Som dei var væl vaksne, daa døe Mor deires, so reiste Far deires av skulde leite ette Hestanne te Likfæri. Han kom inn i Skogjen, gjekk altfort, men ingji Hestar fann han, og inkje totst han finne utor Skogjen hell, seiste blei han saa trøytt, han sette seg paa ei Tuve. Som han der sat, høyrde han dæ nous neri Tuva, og saa sae dæ neri Tuva: ”Goe Gjestir hellaa ingjo”, sae dæ. Dermæ datt han neri Tuva og kom inn i ei Stogu; der sat dæ ei Gjyger, ei Trollhekse, og ho hae ein Son, heitte Gjermund. Mannen bau ”Godag”, og Kjeringji svara ”Gud signe”, og bau ’n sita paa Stabben; saa sae ho dæ te Sonen sin: ”Legg paa Varmen Gjermund” sa ho; Gjermund saa gjore. Som dæ tok te brenne, blei dæ varmt fe Mannen og han vilde tukke seg ifraa, men han slapp ikkje upp att, han var klomma fast. ”Legg paa Varmen Gjermund”, sa ho att; Gjermund saa gjore. ”Bevars væl”, sae Mannen, ”de maa kje leggje paa meir, de bli saa varmt, eg brenner meg upp.” ”Legg paa Varmen Gjermund,” sae ho, ”aa der skaa du sita, utas du vi hava meg”. ”Hossi kann eg hava deg, de er uraadeleg fe meg de”, sa Mannen. ”Ja saa kann du sita, te du brakar som ein turr Husko; legg paa Varmen Gjermund”, sae ho. ”Ja fyrr eg skaa sita her og brenne meg upp, fyrr skaa eg taka deg daa”, sae Mannen. Ja so blei dæ godt og væl, so slapp han av Stabben.
 
So laga dei seg te og reiste, og Gjermund fygde mæ, so kom dei dit Mannen var heime, men daa kann du vita, dæ blei Sut paa Søninne, naar dei fekk slik ei Stjukmor, og range var dei mot hennar, som venteleg var. Saa lei dæ eit Bil, saa sae ho, ho vilde sjaa te Systranne sine, ho hae tri Systrar; og saa ba ho Aal svart um aa fygje seg. Ja, han var ikkje slik han kunna vera bland Fremmindfolk han, sae han, han var saa undeleg laga, sae han, naar han leet att Augunne, so vakte han, og naar han gloste, saa sov han. Ja dæ fekk vera dæ sama, han maatte vera mæ. Ja saa reiste dei, og Gjermund au blei mæ. So fygde Broren utfe Dynni, og der tro han eit Stig, Aal svart. ”Naar dette Stigje er fullt av Blo”, sae ’n, ”er eg dø, og daa maa du leite ette meg.”
 
Saa kom dei te Systeri. Som dei hae fengje Mat aa Drikk, saa kasta Aal svart seg ne paa Sengi, og han var trøytt, saa han somna straks. Gygeri dytte te Systeri, og so sat dei saa kurende still og tagde seg, te Aal svart tok te aa vakne og gloa kring seg. So tok dei te aa svalle: ”Hjarte Syster koss likar du Gifta di?” sae ho. ”Aa jau eg likar ho ganske godt, naar berre desse Stjuksøninne ikkje var, og veslast er naa Aal svart”, sae ho, og han er ikkje laga som andre Folk hell han, for naar han let att Augunne, saa vakjer han, og naar han gloser, saa søv han.” ”Aa eg veit Raa”, sae Systeri, ”eg hev ein Stut, som er saa sinna; naa skaa eg faa ’n te aa slagte den, saa bli han slagta sjav fysst.” Ja dæ Raae var godt og væl. Um Morgonen saa skura Aal svart paa, at dei skulde reise. ”Aa eg lyt fysst faa deg te aa slagte ein Stut eg” sae Gjygersysteri. ”Nei dæ kann Gjer- mund gjera”, sae han. ”Raata koss Gjermund, hot er han te, han kann ikkje drepa ei Lus tissmeir ein Stut”, sae Stjukmori. Ja han skulde prøve. Systeri for ut te Fjose, Aal svart fygde tett ette; ho løyste Stuten og slepte ’n ut, han stelte seg attmæ Veggjen og drog Svære, og Stuten fekk ikkje førr Skallen gjenom Fjosdynni, førr han hoggji av ’n Hovue, saa dæ kanta paa Marki. Gjygeri og Systeri takka og let væl, saa godt dei konna, men dei totst dæ var saa ille, at de var færige te sige ne. So reiste dei derifraa, og om Kvelden kom dei te den andre Systeri. Aal svart var trøytt; mæ dæ same dei hae fengje Mat, lae han seg paa Sengji og somna straks. Gjygeri dytte te Syster si, saa sat dei bare saag paa einann’ og tagde seg, te Aal svart vakna. ”Hoss likar du Gifta di”? spurde Systeri. Jau ho lika ho saa væl, var dæ bare ikkje dessa Stjuksøninne, og Aal svart han var naa den veslaste han. ”Aa eg veit Raa eg”, sa Systeri, ”eg hev ein Gris, som eg skaa bea ’n um aa slagte; den vaagar eg han ikkje skaa sleppe fraa”. ”Ja var dæ saa væl”, sae Gjygeri.
 
Um Morgonen skura Aal svart paa, at dei skulde reise. ”Aa eg lyt faa deg te aa slagte Grisen min fysst”, sae Systeri. ”Nei dæ kann Gjermund gjera”, sae han. ”Raata koss Gjermund”, sae Gjygeri, ”du veit, hot han er, han kann ikkje drepa ei Lus tissmeir ein Gris”, sae Gjygeri. Ja saa skulde han prøve paa. Gjygersysteri gjekk te Grishuse, og slepte Grisen ut, Aal svart fygde tett ette og sto ferug mæ Svære, og Grisen fekk bare Skallen ut ørlite Grand, førr han svarpa te ’n, saa han laag dau mæ dæ sama. Dei laut bare laate væl og takka, men dei daana mest av Sut og Sinne. Saa reiste dei, og um Kvelden kom dei te den tree Systeri; der va dæ fælt saa gildt mæ Mat og Drikk; Aal svart for aat Sengji mæ dæ sama og somna straks. Dei hine sat saa kurre og sae ’kje eit Or.
 
Daa han saa vakna, tok dei te røe: ”Hjarte Syster, koss likar du Gjifta di”? spurde hi. ”Aa eg likar ho best eg kann, var dæ ’kje desse Stjuksøninne, og veslast er Aal svart”, sae Gjygeri. ”Kann du ikkje faa Ende paa honom daa”? spurde Systeri. ”Nei dæ er ingjo Raa”, sae ho, ”naa hev dei prøva baae Systranne mine, men dæ var ingjo Raa dæ.” ”Ja eg veit bære Raa eg”, sae hi, ”naar du reiser, skaa du leggje att Hanskjen din, saa skaa du sende Aal svart attende ette ’n, saa skaa eg stande bak Dynni eg og skvette Eiter paa’n, daa skaa du vera sikker”. Ja dæ Raae var fælt gromt.
 
Um Morgonen skura Aal svart paa, at dei skulde reise; ja dei reiste straks; daa dei var komne eit Stykkje paa Vegjen sae Gjygeri, ho hae lagt att Hanskjen sin: ”Aa kjære spring tebakars ette ’n du Aal svart”, sae ho. ”Dæ kann Gjermund gjera”, sae han. ”Aa du veit Gjermund, hot dugjer han”, var dæ likt han skulde reise te bakars. Ja han skulde daa gjera dæ likevæl, Aal svart, saa reiste han tebakars, steig av Hesten og skvette te Forstogdynni saa hardt, at Forstogdynni for mot Eiterskaali og Eiterskaali mot Systeri te Gjygeri, og ho datt dau ne mæ sama. Han inn ette Hanskjen og rei av Gare: ”der er Hanskjen din”, ropa han te Stjukmor si, og ho let saa fælt væl, men daa visste ho ’kje koss ho skulde gjera.
 
Aal vilde skonde heimatt, og rei fraa dei andre, saa kasta Gjygeri Villske paa ’n, saa kom han inn i ein stor, tykk Skog, og han konne ikkje koma utor Skogjen, han rei der radt te dæ blei Kvelden. Saa sto han av Hesten og nørde upp Varme og lae seg te sova. Som han hae legje lite Grand, saa kom ei Jomfruge saa fin at – ja ho var saa fin, at han ikkje hae sett finar, og ho hae eit Haar saa langt at – og saa vent, dæ totst vera som sponne Gull. ”Tak eit Haar av mitt Hovud”, sae ho, ”og knyt ikring din Hest og din Hund og ditt Svær og din Hals, dæ er saa vent aa sjaa paa”, sae ho. Han var so styven han saa gjore. Som han dæ hae gjort, tok ho te vakse, saa ho blei større enn alle Skogatoppar, og ho var saa stygg og fæl, at han blei rædd og tok te skrike: ”Min Hest, min Hund, mitt Svær, kom og hjelp meg”. ”Mitt Haar helle”, sae ho, og dermæ drog ho te og strøypte alle saman.
 
Rett som dæ var, kom Stigje heime fullt av Blo, Broren sala ut Hesten sin og reiste av Gare; saa kom han au te same Skogjen og rei umkring te dæ blei Kvelden, saa nørde han upp paa same Staen, der Broren hae vore, der fann han Haare. Daa dæ lei noko, kom same fine Jomfruga mæ dæ lange vene Haare sitt. ”Tak eit Haar av mitt Hovu og knyt dæ ikring din Hest og din Hund og ditt Svær og din Hals, dæ er saa vent aa sjaa,” sae ho. Han kasta Haare paa Varmen. Som ho daa tenkte han hae knytt dæ ikring seg, tok ho te vakse og blei saa stor, ho sto ivi alle Skogatoppar og saa fæl og stygg, saa han blei rædd og tok te skrike:
”Min Hest, min Hund, mitt Svær, kom og hjelp meg”! ”Mitt Haar helle”, ropa ho. ”A ditt Haar ligg paa Elde”, sae han, og dermæ blei ho saa sinna, at ho sprakk og kanta. So vilde han burt og sjaa koss ho var laga, og saa fann han eit Honn unde kvar Arm. So stakk han Fingen i dæ eine Honne; Hui gjekk av. ”Dæ kann ikkje bli verre enn dæ er” tenkte han, og saa stakk han Fingen i dæ andre; daa gjekk Hui paa atte. Saa tok han dette Honne og smurde paa Bror sin og Hesten og Hunden, og daa blei dei livandes att alle saman. Men daa dei skulde te forfara denne Jomfruga, saa var dæ Trollheksa. Daa var dei kvitt Stjukmor si. –
 
Snip Snap Snute, saa er Æventyre ute.
 

 

Frå Fedraheimen 01.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum