Drottseten (i Stockholm) Kierulf hev fengjet Serafimerordens-Krossen

 
Drottseten (i Stockholm) Kierulf hev fengjet Serafimerordens-Krossen. Han var med og gav sitt Jaminne til, at det vart negtad Kapt. Prahl aa bera si Uniform. Likeins Riksraadarne Vogt og Holmboe. Den norske Regjering i Kristiania hadde derimot gjevet Innstilling fyr, at Prahl, liksom alle andre Officerar, som hev fengjet Avskil i Naade sidan 1814, fekk Løyve til aa bera den Munduren, som er fureskriven fyr hans ”Charge.” Fuit Ilium! Fyrr var det Sedvane, at Riksraadar protesterade til Protokolls, naar den andsvarslause Konge vilde taka ei Raadgjerd, som ikkje tottest deim aa vera riksgagnleg. Og Menn med Æra i Livet gjeng ifraa Riksstyret, naar ein konstitutionel Konge mot deira Raad vil driva sin Vilje igjenom. - Hr. Prahl tek Saki tungt. Han skriv i eit Brev: ”Sidan 1809 i December hev eg boret Uniformi; ho er som støypt um meg; eg er fyrst daa i mitt rette Lag, naar eg hev henne paa . . . Negtingi var for saar. Det laag fyr meg, Gamle, ein hugnadsleg, ja glad Tanke i, naar Livets, Kamp er endad, og dei jordiske Leivingar skulde fordast til Gravi, at detta daa skulde gjerast med eit: ”Gjev Agt! Præsenter Geværet!” ved den Likkista, som ein av Landets eldste Officerar fær si siste Kvild i. – Min Hug er krenkt; dei hev visst aa raama meg paa ein saar Stad.”
 

 

Frå Fedraheimen 01.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum