Ein Fritenkjar.

 
Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
XII.
 
  (Framhald.)
 
Ho var ikkje lenger bljug, men saag paa Faer sin med store, uppglødde Augo: ”Ja, Faer, det vil eg vaaga. Riva meg fraa honom kann eg ikkje, og det var visst helder ikkje rett. Eg vil fylgje honom, og beda fyr honom, og læra honom paa nytt aa elska sin og min Gud . . . Eg veit eg gjer ikkje Synd med detta. Eg hev lovat meg det sjølv fyr Guds Aasyn, og daa fekk eg Fred, og vart so underleg sterk.” Presten kjende seg mest raadlaus. ”Du svermar, Barn,” sagde han. ”Du trur som alle Kvende, at du kann hugvenda ein Mann med Kjærleik og Husvarme; men det gjeng ikkje so lett. Mannen hev det paa ein annan Maate, han. Han læt seg yvertyda av Grunnar, ikkje av Kjenslur. So lengje eg raar fyr deg, so lengje maa du ikkje tenkja paa aa faa ein Mann, som negtar di og mi Tru; det var aa selja seg til livslang Strid og Usæla. Merk det, Barn, det er mitt siste Ord.” Ho skalv der ho stod. ”Er eg ikkje ditt Barn, naar eg gjer detta?” kviskrad ho. Han kvakk ved Tanken, men svarad so fast han kunde: ”Nei.” Ho snudde seg og gjekk. ”Ein maa lyda Gud meir enn Menn,” sagde ho stilt og uppglødt. Presten stod som fjetrad. ”Er ho komi innpaa slikt, so er ho i Stand til -!”
 
 
 XIII.
Um Vikstad er aa melda, at han fekk ikkje den Posten han hadde søkt. Han var innstillt og godtsom viss paa aa faa ’n; men som Saki just skulde fyre i Stiftsdirektionen, kom der eit Brev fraa Presten Vangen. Der stod, at Presten no hadde lært Vikstad aa kjenna fraa ei ny Sida, so han kunde ikkje lenger vitna so godt um honom som fyrr. Vikstad var eit urolegt, villt Hovud, utan Agt fyr det 4de Bud – men den, som bryt eit Bud, hev brotet dei alle -, og snaudt med det rette Syn paa Kristendomen i det Heile. ”Eg ynskjer ikkje,” sluttad Brevet, ”aa gjera Mannen nokot til Meins; men eg held det fyr mi Skylda som Prest og Kristen aa leggja fram den heile Sanning, slik som ho er.” Daa den gamle Presten var ein vyrd Mann i Stiftsdirektionen, gjorde detta, at Vikstad ikkje fekk Posten. Han vart som toreslegjen, daa han høyrde detta. Og der vart stor Undring allestad, der Soga vart kjend. Det vart skrivet nokot um ’a i eit Par Blad. Men snart dovnad ho av og vart gløymd.
 
Vikstad vart fleire Gonger kallad upp aa Prestekontoret. I Fyrstunde var han hard og arg; sidan bøygde han seg og bad um Tilgjeving. Han saag han hadde faret galet, sagde han. Ei Tid etter tok han til og gjekk paa Balles Bibellesningar og Bønesamlingar. Dei sagde, han hadde vortet ein gudeleg Mann.
 
Men baade Presten og Kapellanen dreiv hardt paa med Politik i denne Tid, og alle Lærarar vart fyresagde aa leggja serlegt Lag paa det 4de Bud og Hustavla i sine Skular.
 
 
 XIV
Eystein Hauk gjekk inni Byen i denne Tid og var mindre enn glad. Han freistad fyrst med hardt Arbeid, vilde prøva aa gløyma. Men det vart verre og verre. Sorg og Saknad aukad paa og saug fyr Bringa som ei Sott.
 
”Du er so underleg i denne Tid, Hauk,” sagde Kandidat Breide, som Hauk heldt fyr sin beste Ven. Og so var det ikkje lengje, fyrr Breide visste alt. ”Seg meg no godt Raad,” sagde Eystein.
 
”Ja,” svarad Breide, det skal eg. ”Eit Ord so godt som tusund: Dersom du ikkje ser deg Raad med aa vinna yver denne Elsken, so tak deg ein god, væl-ladd Pistol, set Pistolen rett inn millom Tennerne, legg Peikefingren paa Avtrekkjaren – og drag til! – For det er det einaste kloke, du daa kann gjera.”
 
”Ja-ja, ja-ja,” sukkad Hauk vonlaus.
 
”Du finn Vilkori stenge? – Godt! Naar du kann vera so galen, at du fer av aa huglegg ei kgl. norsk Prestedotter, du, som vil vera ein Framgangsmann, og det ein ærleg ein, - so kann du ikkje krevja dei likare.”
 
”Nei nei! du hev Rett! du hev Rett! det er just det, som er Ulukka!” jamrad Hauk med Andlitet i Henderne.
 
”Ja, eg hev Rett,” meinte Breide. ”Ein Mann i detta Landet, som ikkje hev den ”rette Tru”, maa finna seg i aa vera heimlaus. Han er utstøytt av Samfundet og hev ikkje Rett aa draga nokon med seg. Men aa gifta seg med ei Prestedotter, - det var aa draga heile det trongsynte Samfunds Hat og Illska og Forkjettring og Inkvisition like inn i si eigi Stova. Det var aa gjera heile Livet sitt til ein einaste skjerande Misklang. Alt det du elskad, maatte ho hata og vera rædd; alt det ho elskad, var fyr deg - Lygn. Det vart eit Rike i Strid med seg sjølv. Det vart Helvite.”
 
Hauk tagde eit Bil. So sagde han liksom nokot bljug: ” – Ho hev slik ein klaar, sterk Panne og slike sanne, ærlege Augo. Eg hev stundom tenkt, at det vilde vera ein Vælgjerning aa draga henne ut av den myrke Prestestova...ut i friskare Luft, ut i Livet...og so læra henne aa tenkja.”
 
”Altso umvenda henne -?” flirde Breide.
”Stakkars Gut. Du kann læra ein Saud ganga paa tvo og ein Bjørn aa dansa Halling; men læra eit norskt Kvinnfolk tenkja, - nei. Vaart kjære Samfund hev sytt fyr det. Kvinnfolket vaart kann ikkje meir Logik enn Katten. Vitet deira er likso forunderlegt som Chignonarne, dei gjeng med, og Tankarne deira er som ein tysk Polka. Den Mannen, som kann faa Kona si til aa forstaa, at 2 + 2 = 4, han er ein Meistar; og lenger røkk han aldri. – Minst med ei Prestedotter.”
 
”Ja men ho er ikkje ei vanleg Prestedotter! Eg talad lengje med henne der uppe, og ho hadde Vit! Ho forstod meg!” ”Sakte, sakte, Gut! Fyre Brudlaupet forstend Kvinna alt, og helst det, som er rart og rav galet; - det er etter Brudlaupet eg meiner; for daa vert ho seg sjølv att.”
 
Hauk kjende seg i Grunnen upprørd, men visste litet aa svara, for han hadde tenkt det same sjølv. Og han var rædd, at Breide skulde gjera Narr av ’n. Difyr tagde han, og gjekk. Men den Tanken at Ragna var av eit reint annat Slag enn andre Kvinnfolk, og at ho visst vilde kunna læra det ikkje andre Kvinnfolk kunde, - den beit seg fast.
 
Men so var det Presten.
 
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 01.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum