I Vestlandsposten skriv Prest L. Oftedal

 
I ”Vestlandsposten” skriv Prest L. Oftedal um Lærarmøtet paa Jadren i Joli um Maalsaki og Nationaliteten bl. A.: ”Liksom me med Gleda hev lagt Merkje til, korleids Møtet var samansett (av Lærarar og ei Mengd Bønder), soleids hev me ogso fylgt dess Forhandlingar med Forvitna. Det hev visstnog i lenger Tid voret kjennt og paaskynat, at det ”seminaristiske Væsen,” dei kallar, som ofta gav seg eit litet hugnadslegt Uttrykk i Knot og unaturleg Tilskaping, meir og meir hev gjevet Rom fyr eit friare Standpunkt hjaa Lærararne; men det hev likvel sin store Interesse aa gjeva Gaum etter, at dei no ogso officielt vaagar aa laussegja seg fraa Knotet, soleids som dei med stor Styrke og Samhelde gjorde under Dryftingi av det andre Spursmaalet ved detta Møtet (um Maalsaki). Liksom me finn, at Rørslurne i nationalt Stemne i dei seinare Aarti hev sin fulle Rett, anten dei negativt møter oss i Laussegjing fraa alt det, som ikkje hev si naturlege Rot i Folkelivet vaart, elder det meir positivt møter oss i Attervending til det, som er vaart eiget, soleids godkjenner me ogso det trottuge Arbeid aat Lærararne fyr aa gjeva Undervisningi eit større Livsinnehald ved aa byggja henne paa det heimlege Grunnlag.” Me gled oss sjølvsagt kvar Gong, me ser ein Prest som vyrder det Nationale. Me vil ikkje takka Hr. Oftedal; han gjer berre det, som er kvar Nordmanns Skylda, anten han er Prest, Fut, Riksraad elder Bonde; men daa Prestarne hev Skulen i si Hand, kann dei gjera meir enn Andre, og difyr ynskjer me oss sjølve til Lukka med aa ha fengjet ein Medarbeidar i Hr. Oftedal, som hev mykje aa segja baade som umtykt Prest og som Bladskrivar.
 

 

Frå Fedraheimen 01.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum