Notisar

 
Kristiania, den 31te Januar 1879.
 
Embættes-Utnemningar. Umfram deim me nemnde i fyrre No., vart i Riksraadsmøtet den 25 Jan. utnemnde: Cand theol. J. F o g t h til Adjunkt ved den høgre Skule paa Trums og Cand. jur. F. B. Beichmann til (6te) Politifullmegtug i Kristiania.
 
Np Apothekarar. T. O. Alstad i Sverdvik, A. F. Grøn paa Orkedalsøyri, Apothekar i Frederikshall K. A. Knutsen i Oslo, og Apothekar i Gjøvik A. M. Lund paa Grüneløkka Kristiania.
 
Kongen reiser i Ettermiddag (31) fraa Stockholm og kjem til Kristiania i Morgon (Laurdag) Kl. 10.45 F. M. Hans av Glücksburg skal vera med.
 
Ogso i Sverig vert det drivet Politikk paa Preikestolarne. No, daa Landmannspartiet er komet att fjølgmenntare enn fyrr, sa’ Pastorsadjunkt Leuwgren i si Riksdagspreika: ”Vaar Gud, vil du ikkje døma deim? For i oss er ingi Magt mot denne store Hop, som kjem imot oss; me veit ikkje, kvat me skal gjera, vaare Augo ser berre til deg.” Det, Presten sa’, forstod fleire Tilhøyrarar, som um han ventade, at Gud sjølv skulde koma og taka Styret. Men kvat hev me daa gjort vaar gode Konge, at han vil leggja Spiren fraa seg,” høyrdest ein av Aalmugen sukka.
 
Eggeskal er gode aa blanda i Maten aat Høns, Ender og andre Fuglar. Dei maa knusast smaa. Kalvar og Svin hev og godt av dei. Den kolsure Kalken gjer sterke Bein hjaa Fuglarne og derattaat To til Eggeskal.
 
I ”Fædrelandet” hev ein Vilhelm Auberg teket seg til aa skriva um Bruuns ”Folkelige Grundtanker”. Han trur, at ein einskild Folkehøgskule – ikkje Chr. Bruuns – ber Skuld fyr, at Ein og Annan hev trutt, at dei rører det Menneskjelege saman med det Guddomlege paa desse Skular, paa Grunn av den Bruk, som det hev voret sagt dei gjer av den gamle Gudelæra. – Det er no ogso ein Maate av taka Saki paa. Me er ikkje av deim, som hev meint, at Folkehøgskularne lærer Gutarne til fyr Aalvor aa tru paa Oden, Thor elder Ty. Men endaa kann ”den gamle Gudelæra” gjera ymist Nytte ved aa faa Gutarne til aa agta seg fyr – Loke.
 

 

Frå Fedraheimen 01.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum