Til dei røysterettuge i TelemarksFylke.

 
Det er no ikkje so lengje att til her skal vera Val paa Stortingsmennar, og daa er det vel paa Tidi aa halda Augo opne, so me ikkje endaa ein Gong sender avstad politiske ”Døbbar,” som dukkar seg for kvar Gong, det rykkjer i deim, det sama um ovantil elder nedantil. Daa eg i visso ikkje trur, at dei Stortingsmennar, me heve no, naar eg tek unda ein elder kanske to, hev Folkemeiningi med seg, vert so Spursmaalet um aa finna nokle med større Dug og varmare Hug istaden for deim, og eg vonar, me ikkje tarv leita so lenge for aa faa Folk, som med Æra vil fylla Romet deira. Helst er det no ein Mann, eg vil beda Folk om aa mana fram, ein Mann, som fulla fyrr er kjend i Stortinget, og som der heve synt, at han baade hev Dug og Vilje til aa føra godt Verk fram. Denne Mann veit eg au i alle større Spursmaal fullt ut stend paa det frilyndte Parti, utan at han difyr er Rovediltar aat Jaabæk. Han skynar, det er meir det gjeld um enn nokre Kronurs Etterløning til utslitne og avdanka Embættsmennar, medan me finn oss haldne i eit Riksstyre, som suslar burt Pengar i Millionvis. Den Mannen, eg meiner, er Sakførar Halvor Bentsen i Kraakerøy. Vil Folket i Fyrevegjen beda honom om aa bjoda seg til Val paa Landsbygdi, hev eg hugheil Von um, at han vil gjera det. Han vil aldri, trur eg, avslaa Folkemeiningi i det Stykket. Eg vil derfor beda deim, som gjerna ynskjer Sakførar Bentsen til Stortingsmann for Telemarks Fylke, um anten gjenom Blad elder ellest lata honom faa vita det. Umframt Bentsen treng me mindst ein ny Stortingsmann til, men den vaagar ikkje eg meg til aa peika ut. Eg trur daa, han helst er aa finna i øvre Telemarki. Fyrr eg sluttar, vil eg hava sagt, at Rinde lyt me halda paa.
Lauvlid 21/ 179. Jon Lauvstad.
 

 

Frå Fedraheimen 01.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum