Troll-Draumen.

 
 (John Lie.)
- - ”Aa høyri naa paa meg Smaabonn snille,
Ei Vise eg kvea vi.
Eg eigaang blei teken i Bergi inn,
Der gjekk de so underlig ti.
Men ennaa felle Regn,
Aa Blomen blømer i Dalo.
 
De sill’ ingjen mane Skome-Gygri,
Ho æ fulla arge aa vonde,
Den de gjore – fyr sanno aa seia –
Ti Ulukka munne han stunde.
 
So lengi eg liver eg tregar de,
At eg va so galen ein Gut,
Aa lærde dei stygge Troll-Ore,
Som manar Trollo o’ Nut.
 
Ho Skome-Gygri meg synkvervde,
Skodd yvi Saali laag –
Eg visste ’ki um eg va vak hell drøymde,
Eg skjynna ’ki de eg saag.
 
”Naa ska eg syne deg Heilag-Olav.
Mi hev han i Berge-Slot,
Han, som mi fyrre va hjarterædde,
Naa æ han ti Glis aa Laatt.
 
”Aa Krossen den æ mi ’ki lenger rædde,
Di Folk inki paa ’n trur,
Mi laast som lesa aa bea ti ’n,
Men lær, naar mi okkon snur.”
 
Eg tenkte mæ meg: di arge Gyger,
Mit Svær sill’ gjeva deg Løn!
Men inki eg vann aa mæla Ori,
Aa gløymt eg hae mi Bøn.
 
Ho tok meg, den stygge Skome-Gygri,
Aa leidde meg inn i Berg,
Aa Trolli urdi paa alle Kantar,
Aa so den svarte smaa Dverg.
 
Der glima av Gull paa alle Leiir,
So de meg i Augo skar, -
I Høgsæti, i Glime-Stolen,
Der sat so diger ein Kar.
 
”Vælkomen Mann ifraa Nora-Lande
Ti Drykkin baa’ ein aa tvaa!
Skjænki han, Sveinar! de æ so Gama
Aa spyrje der Tidend ifraa.”
 
Ӯ du den heilage Olav Kunge,
Eg helsar deg væl aa lengi!
Væl so live i Nora-Lande
Baade dei Drosir aa Drengjir.
 
”Aa Skogjen vekse baa sterk aa store,
Aa Aakranne bere Konn,
Vollinne klær seg i Gras aa Blom,
Aa Hjuringen hjalar i Honn.
 
”Prestanne messar i Silke-Serk,
Aa Folki de site lyer,
Offrar sin Pening, aa gjer si Bøn,
Aa trutt dine Logjer fygjer.
 
”Sterke Hermenn i Striden gjenge
Mæ Løva i Skjold aa Merki,
Naar dei slær paa den breie Bila,
Daa rymer de heile Herki.”
 
”Takk fyr Helsing aa Tidend goe,
Du gjæveleg Unger-Svein!”
Svara meg Kungen aa sukka so tungt,
De gjekk meg ti Merg aa Bein.
 
”Vreias ’ki paa meg Herre Kunge!
Eg tikjer de ser meg ut,
At Kungen tek upp mi Tidend goe
Ti Kvia aa Hjartesut.”
 
Kungen han riste paa Hovui,
Aa so han munne meg svara:
”Eg syter ’ki yvi di Tidend goe,
Men yv’ at de inkje ska vara.
 
”I Syn eg ser yvi Heimen vie
Der kjeme dei Tiir laake,
Ættinne veikjest, aa Løve-Merki
Bli hakka av Ravn aa Kraake.
 
”Hakka aa trakka i Sauren ne,
Aa Bila rustar i Jor,
Burti æ Minni um gjæve Feggjar
Lik Snjoren som dreiv ifjor.
 
”Dei stinge aa sneier mæ Smaa-Snubbur
Kvorare som Hund aa Katt;
Trulause, motlause, merkelause
Dei kjenner seg ingensta att.
 
”Gjerdi som Ætti æ veik aa rædde,
Ori smeite aa smyg,
Saangji domnar, Strengjinne breste,
Aa Soga gjer ’ki kot lyg.”
 
Sosso han tala, aa Taarinn’ tippa,
Aa titt han i Maali skolv, -
De for meg so underleg gjenom Hugen,
Va ner’ eg ha sigi i Golv.
 
”Svar meg heilage Olav Kungi!
Aa naar ska detti skje?”
Ropa eg ut mæ Graat i Maali, -
Daa steig han av Stolen ne.
 
Tok meg i Haand aa tala so:
”Du fær fara heimatt i Fre!
Men inki heve eg Lov ti seia,
Naar detti altsamen ska skje.”
 
Daa kom eg ihug mitt Fadervaar,
Eg mumla de fyr meg sjav, -
Daa skjynna eg alt ihop va Trollskap,
Aa ynskte de ne i Kav.
 
Aa Moti mona, eg vann aa mæle:
”Du stygge Trolle-Brand,
Statt ’ki aa spotte mæ Heilag-Olav,
Aa so mæ mit vene Land!”
 
”Du æ ’ki den heilage Olav Kunge,
Du æ de argaste Troll;
Krist gjeve, eg ha mitt goe Svær,
Eg sille deg hogge i Soll!” *1)
 
Skome-Gygri ho skar me Taanno –
Ho va væl den Spe-Kungens Mor, -
Men Kungen tottest ’ki vonde vera
Trass i mine hare Or.
 
”Eg vreias ’ki paa deg, du veit ’ki bæri,
Bøyg du dine Bein i Ro;
Dei, ette deg kjeme, lyt gjeva Gaum,
Fysst dei ser i Merki e . . . . . . .”
 
Her va Blai avrivi, so Enden paa denni merkjelege Visa va burte; fyr de syntes tydeleg at ho hae vori inki liti lenger.
 
Denni Visa hev alli fyrr vori prenta, aa de va eit reint Høve, at ho kom fyr Dagsens Ljos. Detti gjekk soleis til:
 
Asbjønn Tveitaasen het ein Mann, som va so mykje um Sogur, Visur aa Eventyr. Eg har mi største Gama i honom. Aa som han kunna fyrtelja! Han blei gamal, men livde i stor Armo paa de seiste. Kjeringi honoms, Gro, liver ennaa etti.
 
So va de eigaang eg va der hjaa Gro. Ho klaga si arme Nou, mest fyr Kaffi aa Tobak, fyr ho va fyrilli ti drikke Snus. Eg mintes Asbjønn stakkar, aa fyr honoms Skull, fyr aa heidre hass Minne, tok eg upp ei Mark aa gav Gro. Ho blei so gla, at ho mest uvita. So sa ho:
 
“Ja inki veit eg noko gott aa gjera deg.” Ho sto tenkte eit Bil.
 
”Men kansi, du æ so mykje ti lesa du, aa so gla i gamle Bøkar. Her ligg ei heil Røys etti’ Asbjønn – Gud signe han! – Eg ser alli i dei. Du konn’ kansi tikje Moro aa sjaa i dei?”
 
”Ja, de va væl.”
 
Ho kaam mæ nokle gamle fillutte, svarte Bøkar. Eg ti aa sjaa i dei. Der va ”Tistran og Indiana”, syndlege rivi; ”Keiser Karl” likeso; nokle Bla av ”Gjest Baardsens” berømmelege Liv - aa so burtette.
 
Eg blei leidd, aa ville ti aa kasta heile Mukka ifraa meg. Men so blei eg var ein Skind-Tull. Kot tru æ i den, tenkt’ eg, aa rulla ’n upp; aa daa va der inni ein gamal skriven Vise-Fugge.
 
Eg ti aa lesa. Der va mange Visur eg kjende, men ou mange som eg alli hae høyrt. Men blandt dei merkjelegaste tyktes meg den aa vera, som eg naa sender ut i Verdi.
 
Ja, so takka eg Gro fyr Vise-Fuggen, stappa ’n i Lumma, aa bou Farvæl.
 
So va de i Sumar, daa denni vælsigna ”Merkje”-Vesja, aa denni ”Skot”-Svæa va paa Vangji, de vi seia daa dei ”sette Nullen i Flaki aa skout paa svensk,” som ’n sa han Knut Tarjeison heruppi.
 
Ja, som sagt, de va i Sumar, so noko paa Haustkanten, eg gjore ein Reik ne ti Øyann ein Dag.
 
Detti æ so ein Plasse, som ligg inn mæ Aalmann-Vegjen, aa difyr vankar der mykji Folk, Karar aa Kvendi; dei ska inn aa kvile aa faa seg ein Kopp Kaffi, maa vita. Fyr Kjeringi der, Sigrid, ho æ vidkjend fyr aa laga ein Kaffi so goe, som dei snoudt kjenner ’n nokon annan Stad.
 
Naa ja, eg gjeng inn, aa helsar. Der va fleire Folk denni Dagjen hell javnan, av di Dyrskui sill’ vera andre Dagjen her i Moland. Aa so va de mange, som va paa Vegjen dit.
 
Avisunne mine laag paa Bori, fyr paa Øyann æ som eit liti Posthus au, daa Posten fyr heile Veums Anneks bli nelagde her, aa so sender Sigrid ’n utyvi Grendi ti dei rette Eigarar.
 
Ho aa Knut, Mannen hennars, æ ein rein Velsignad fyr heile Veums Anneks. Dei ”ekspederar” myki fortare hell Regjeringi aa desse orgjetne ”Komitearne” inn i Kristian. Aa inki gjer dei Manne-Mone (”Persons Anseelse”).
 
Nokle hae lesi i Avisunne, aa de va i ein Bulder i Stoga.
 
”Kot F- sei’ du’?” sa’ Olav Aasmork, - ”hev’ dei rivi Løva oto Flaki?”
 
”Ja de va væl! Aa so vi dei slaa bare svenske Pening; dei norske mæ Løva paa ska ki gange lenger,” sa Olav Flaten.
 
”Æ du rivande galen!” sa Knut Timru, ”ja so æ de ”tydeleg” likt ti at dei vi gjera Svenskar av kon alle ihop.”
 
”Men d’æ ’ki nok mæ de”, sa Olav Flaten atte, - , so maa mi ’ki lenger skrike Hurra paa norsk, hell skjote paa norsk, nei svensk ska de vera, svensk, Gutar, hellaa dugjer de ’ki noko!”
 
 *) i Soll = ”sønder og sammen”.
 
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 01.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum