Utlandet.

 
Tydskland. Me hev fyrr fortalt, at Baron Heeremann av Centrumsflokken i det prøysiske Folkething hev sett fram Forslag um, at Thinget skal mana Regjeringi til aa setja dei prøysiske Umbod i Sambandsraadet fyre, at dei skal røysta imot Logframlaget um Riksthingets Magt til aa refsa Medlemerne sine. Forslaget vart umtingat i Folkethinget Torsdagen den 23de Januar. Dei Nationalliberale og Framstigsflokken vilde ikkje vera med paa Forslaget, truleg fyrdi det kom fraa Centrum, og dei sette fram slikt Forslag til motiverad Dagsordning: ”Idi at Folkethinget forkastar Forslaget aat Thingmannen von Heeremann, uttalar det 1) at dei Aabyrgslor, som no er, fyr Talefridomen, den friraaduge Skiping av Forretningsgangen og Tukti yver Medlemerne er det usleppande Grunnlaget baade fyr den prøysiske Statsforfattning og fyr Riksforfattningi, og 2) at det skal hugheilt yverlatast til Riksthinget aa verja dei Rettende, som tilkjem det etter Forfattningi, imot det i Sambandsraadet framførde Forslag.” Denne Dagsordningi vart vedteki; Centrum og dei Konservative røystad imot. Socialistlogi hev den 18de Januar voret i Kraft i 3 Maanadar. I den Tidi er det forbodet: 47 Blad, 194 Samlag, 229 Bøker og Flogskrifter, det er tilsaman 470 Forbod. Eit av dei sidste Forbod er stilat imot eit Blad med Namnet ”Bismarck”, som det tydske Socialistsamlaget i London gav ut; det var Meiningi, at det skulde koma i Staden aat Bladet ”Freiheit”, som Socialdemokraten Most fyrr hadde utgjevet.
 
Frankrike. Det er likt til, at Mac Mahon kjem til aa ganga utor Tenesta. Dei radikale Kløyvingar av Thingfleirtalet hev voret hardla misnøgde med Dufaures Programm og Utfallet av Avrøystingi i Thinget den 20de Januar. Dei tykjer, det var ei Audmykjing fyr det republikanske Parti, at det ikkje kunde faa drivet igjenom sine Krav, serleg paa Amnesti (Gløyming, Forlating) fyr deim, som var med i Kommuneuppreisti, og paa Utreinsking av Republikens Fiendar utor Embættsstandet. No hev Dufaure likevel voret mykje fusare til aa gjera Vinstre til Vilje, enn ventande kunde voret, og fyr alt mykje strengare, enn Mac Mahon likad, mot dei Embættsmenner, som ynskjer Republiken Forderv og Undergang. Av slike finnst det mange i ser i Heren. Daa Dufaure sette fram Krave paa, at forfattningsfiendlege Embættsmenner skulde faa Reisepass, so fann Mac Mahon seg i, at Domarstandet og andre Embættsgreiner vart reinskade, men han negtad reint ut aa vera med paa aa setja av nokon av dei høgre Herførarar. Han maatte yverlata til andre Andsvaret fyr aa avlaga Heren, sagde han. Det var den 28de. Um Kvelden samraadde Ministrarne seg med Formennerne og Nemndemenner av Thingfleirtalet. Desse sagde, at Thingfleirtalet ikkje vilde kasta Mac Mahon, men taka imot hans Avskil, og dei manad Ministeriet til aa standa paa, at han skulde skriva under. Dufaure talad deretter ved Mac Mahon og synte honom Fylgderne, um han negtad aa skriva under paa Avgjerdi: men Mac Mahon stod paa sitt. Den 29de gjekk med Raadleggjingar, og etter Telegramm, som kom hit den 30te, var det haldet fyr trulegt, at Mac Mahon kom til aa takka av, og at so Thingi vilde koma ihop i Samstemna til aa velja ein ny Riksformann. Det er rimelegast, at Grévy vert vald; Dufaure skal ha bedet seg fri. – Etter Yverslaget yver Rikspeningen fyr 1880 er Utgifterne sette til 2,754,432,600 Franks, og Inntekterne til eit Par Millionar meir.
 
Det sidste Telegramm um Pesten gjeng ut paa, at Tiderne fraa Astrakan – ogso private - lyder trøystelege, og at Regjeringi hev tilskipat dei kraftigaste Fyregjerder.
 

 

Frå Fedraheimen 01.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum