Brevsendingar.

 
Morgedal, Telemark (Brev).
 
Ungdomen her samlast ein Kveld i kvar Vika til Ordkast og Song. Nokre eldre Menn er sumtid med, men tigjer fyr det meste. Til Emne tek me daa helst Politik og andre aalmenne Spursmaal, som ligg oss paa Hjarta. Snart er kanskje eit litet haandskrivet Blad ventande. Me treng sanneleg aa faa Tame i aa skrive Morsmaalet vaart, og daa ikkje Staten vil læra oss det, fær me lære oss det sjølve.
 
Paa seinste Møtet samtalad me ”um Storthingsmennann kons” (fyr Bratsbergs Amt). Mange baade eldre og yngre uttalad seg i den Sak. Det vart sagt, at Bratsbergs Amt hadde klene Ærendsmenn paa Thinget no, væl so klene som nokot annat Amt i Landet. Rinde var den einaste, som det kunde vera Tale um aa velja uppatt. Daa Sakførar H. Bentsen fraa Kraakerøy hadde upplyst, at han vilde flytja inn i Bratsberg, so var det rimelegt aa røysta paa honom. Han hadde voret Thingmann fyrr og vist kvat han dugde til. Taraldsen vilde ingen halda paa; i hans Stad var Aslak Haukom mest talad fyre. Men istadenfyr Eika vart det uppnemnde fleire. Bjørn Brekke, Olav Sandland, Olav Sveinson og Lensmann Bjørnson vart haldne Talur fyre. So røystad me skriftleg paa Thingmenn. Daa fekk Aslak Haukom 16 Røyster, Olav Sveinson 13, Olav Sandland 11, Bjørn Brekke 10, Bentsen 8, Bjørnson 8, Taraldsen 5, Rinde 4, Thommesen 1. Etter detta kom altso A. Haukom, O. Sveinson, O. Sandland og B. Brekke til aa verta Thingmenn. Men daa desse alle er fraa øvre Telemarki, er det ikkje rimelegt, at det gjeng igjenom. At Bentsen og Rinde ikkje fekk fleire Røyster, kom seg av, at Ungdomen kjende so litet til dei og difyr heldt seg til dei andre, som her var meir kjende. Eg, som skriv detta, vil helst setja upp desse til Thingmenn: Olav Sandland, Aslak Haukom, Bentsen og Rinde. Eg vil ikkje skriva meir um detta denne Gongen, men eg bed alle Mann i Bratsberg, at dei tek til aa tenkja paa detta no. Me Telemarkingar, som segjest vera so langt framme i Upplysning, skulde vel altid kunne finna Thingmenn, som me var tente med. Eg skulde ynskja aa sjaa nokot meir um detta paa Prent, og so skulde eg i Millomtidi bu meg paa aa koma med nokot meir.
 
Ein Morgedøl.
 
Kanskje andre Blad og vilde taka inn detta?
 

 

Frå Fedraheimen 08.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum