Ein Fritenkjar.

 
Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
XIV
 
 (Framhald.)
 
Lause Paastand utan Teven av Grunn, umyndige Tankerengjingar utan Namnet til Kritik, ei Faakunna um dei simplaste Sanningar i Vitskapen um Natur og Aand, som var utan Maate, - og so alt lagt fram i Guds eiget Namn som evig urikkeleg Sanning. Og der stod han og gol ein heil Klokketime. Tilslut kom daa og den vanlege Jammersong yver denne vonde Tid, som gjorde Upprør mot Gud og den av honom innsette Riks-og Raadsmagt, og som dyrkad Djevelen endefram i den ”frie Tanke”. Hauk sat og leid vondt under alt detta. Han skjemdest yver aa høyra slikt boret fram fyr vituge Folk. Det var ikkje eit Ord av det Presten sagde, som ikkje eggjad upp heile hans Kritik; ja Mesteparten av det saarad sjølve hans Kjensla fyr det Sanne. Han saag upp til Altaren og kjende mest som ein Medynk med denne arme Profeten fraa Nasareth, som daa altid skulde verta forraadd av sine eigne. Det var greidt: den gode Presten gjekk ut ifraa, at han talad fyr eit Publikum av Grasnaut. Og som Hauk saag seg ikring fyr aa koma etter, kvat Folk det var, so gaadde han, at det mest alt ihop var ei uhorveleg Samling av Vrak. Gamle, blaagule Kjeringar, som saag ut som dei var komne uppatt or Lik-Kista, Møykjeringar, som var reint utor Giftingi, unge Gjentur, som var stygge, sjuke, skakke elder krylvaksne, Mannfolk paa Krykkjur, bringesjuke, utlivde, fulle av Hoste og Verk, Gamlingar, som var ferduge, Ungdomar som var øydelagde . . . alt ihop stygt, sjukt, dauddømt, vonlaust, ei Samlign fyr eit Hospital! Men var der Ein, som var frisk og livskraftig, daa saag han ikkje just ut som han var komen hit fyr Guds Ords Skuld . . . Hauk sat i den myrke, kalde Kyrkja og fælte. Han kjende seg som i ein Lik-Kjeldar. Nei, ved alt som var sannt og godt: h e r var ikkje Livet! Og daa han gjekk ut, og høyrde Orga spila eit Utgangspræludium med Thema fraa ein tysk Opera, daa lo han. Han snøggad seg ut. Og aldri hadde eit fullt Drag av Guds frie friske Luft smakat honom betre. Han kjende seg som vaknad av ein fæl Draum.
 
Som han gjekk heim, takkad han i sitt Hjarta ”alle gode Magter,” fyrdi han ein Gong var komen laus fraa denne Daudingheimen, so han ikkje lenger stod i Samfund med den. Og han tottest kjenna det som ei heilag og dyr Skylda aa vera med og berga Folket ut or denne tyngjande og talmande Trolldomen. Han saag paa Kyrkjefolket, som dei tuslad fram der gjenom Gata med lutande Hovud og seinføre, trøytte Steg, og han hadde vondt av dei. Han totte dei var liksom sjuke Folk, som var komne upp i Henderne paa Runekallar og Signekjeringar og ikkje hadde Magt til aa løysa seg ut att. Aa, den som kunde senda litt Sol innyver all denne Trolldomen, so Trolli gjekk i Stein og Folk slapp frie! – I det same minntest han Ragna. Ragna -! ho gjekk og innestengd der i denne Notti! Ho med sin fine Tanke og sin reine, varme Hug laag og nedtyngd og kvævd i denne ”gudelege” Skodda. Alt hans Blod kom i Kok. Han skulde og maatte berga henne. Ho, Kongsdotteri, den friske, fagre Møy, skulde ut or Fjellet. Ho skulde ikkje sitja derinne og frjosa i kalde Glassalar, naar Soli giddrad herute, og Blomarne angad og alle Fuglar song; nei! ho skulde ut, ut i Dagen, der ho hadde heime, ut aa kjenna Guds svale Luft strøyma friskande um sine Vangar, - og han, han, han sjølv vilde vera Riddaren! Her hjelpte ikkje Snakk. Han tok henne, ho var hans. Ho elskad honom, og han elskad henne; ingen, og ingenting, hadde Rett til aa leggja seg imillom her! Han sprang, meir enn han gjekk. Men rett som det var, stod han. Kor visste han, at ho elskad honom? Hans hadde sagt det. Men Hans var ein Tosk! han forstod ikkje slikt! ”Og eg sjølv . . . var for ærleg til aa spyrja.” - -
 
Detta slog ned alle hans Eventyrdraumar, og han gjekk tung og uroleg inn. Men der laag eit litet fint Brev paa Bordet. Han treiv det, fekk liksom Hjarteklapp, og reiv det upp: Der stod:
 
”Hr. Eystein Hauk.
Eg er skamfull, for eg hev drygt so lengje med aa svara paa det De skreiv. Men det kunde ikkje bera til fyrr. No trur me alle, at det ikkje er De, og det var hyggjelegt, at so var. Men eg burde visst det.
Ragna Vangen.”
 
Han lo høgt av Gleda og heldt eit Leven, so Gjenta kom inn og spurde, um det var nokot! ”Himmelens Vink!” skreik Eystein, gjekk Golvet rundt i lange Steg og lo. Gjenta forstod ikkje detta og gjekk. Men Hauk sette seg og skreiv Friarbrev. ”Hev eg fyrst Gjenta paa mi Sida,” tenkte han, ”so bles eg aat alle, og aat alt! – Ho og eg, me skal nok koma utav det. Eg skal læra henne det, eg veit sjølv, og so skal ho nok eingong takka meg fyr sin Fridom!”
 
 
 XV.
 
Slik tærande, daaresjuk Elskhug som den, Eysteins Brev gav Vitnemaal um, hadde Ragna knapt drøymt. Ho kom liksom upp i eit nytt Liv, daa ho hadde leset Brevet, kjende seg trygg, roleg, byrg, kjende heile denne stolte, ville Gudinne-Gleda, som kvar Kvinna kjenner, naar ho forstend, og ho hev Elskaren sin heilt ut i si Magt, - men kjende og samstundes denne varme, kjærlege, uendelege medynksfulle Trong til aa gjeva seg heilt igjen til denne Mannen og gjera honom s æ l, han som soleids gav seg heilt upp til henne. Kor ho var glad og sterk. Ho brydde seg ikkje um det, som stod i Vegen, ja ho kunde ynskt, at der var ein sterkare Motstand so ho kunde fenget ein større Kamp fyr sin Elskhug og sin Ven; og ho forstod so godt alle desse gamle Segner og Songar um væne Møyar, som gav Livet fyr sin Kjærleik. Men Kampen kom nok, tenkte ho, um enn paa ein annan Maate, og i den Kampen vilde ho med uendeleg Gleda leggja heile sitt Liv.
 
Herre Gud, det var stort, det var verdt aa liva, naar Ein fekk liva heilt fyr det, - fyr den, som Ein elskad mest av alt og alle. –
 
Ho fortalde Moer si um Brevet; Moeri gav henne ein Kyss og lovad aa tala til Presten. ”Nei! eg talar med honom sjølv!” sagde Ragna med straalande Augo og ein Smil som ei Valkyrja. Moeri saag paa henne med store Augo, vaks liksom ved Synet, forstod Dotter si og smilte. ”Ja ja, gjer det,” sagde ho; ”du er sterkare enn eg.”
 
Ragna gjekk til Faer sin. ”Her hev eg Brev fraa Hauk,” sagde ho, ”so som eg hev ventat. Og no kann eg ikkje annat . . . enn som eg fyrr hev sagt.” Presten seig ihop i grøteleg Modløysa -: kjem det like væl, sukkad han. ”Og du bryr deg ikkje um, at du gjev din gamle Faer Hjartesorg paa hans gamle Dagar?” sagde han.
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 08.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum