Fraa Mandalsdalen

 
Fraa Mandalsdalen. Snjo og Kjøl hev me no, og Føret hev voret godt; men det verste er, at her er so flaut; andre Aar, naar Ein gjekk paa Vegen, kunne Ein treffe Folk i Flokkevis, som kjøyrde sine tunge Lass af Timber, Stav og Props, men i Aar er det berre ein enkelt Sleng.
 
I Trudomsvegen er her meire Liv, um Ein likevæl maa segja, at det inkje er so klaart, som Ein kunde ynskje det. Naar det i Lesarmøte bli sagt slike Ord som: Eg skulde ynskje, at Kjole aa Krage var riven af Preistarne, aa at Kvindfølkje maa ganga paa Prekestolen i deira Plass, so lydest det nokot mykje ”frikirkeligt”. Det er ogso so, at naar Preika er slut om Sundagen, stolar Lesarne strakst inn i eit Hus paa Kjyrkjegarden, og der begynder dei daa aa syngja aa preika. Det er helder inkje so sjeldan, naar Ein er sjuk elder i Trong til Retleiding i andelege Ting, at han daa vender seg til ein hell annan Lægpreikar aa inkje til Presten. Det er difyre inkje aa undrast yver, at tri af Dalens fjore Prestar søkte seg burt, aa Ordet segjer, at den fjore vil au reise, naar so falle kann. Prestarne kan inkje have det godt her under slike Tilstand; dei maa vel gjera Gjerdi si sukkande, aa det er inkje gagnlegt fyre oss. Det skal au segjast, at det er gode Prestar, som no skal reisa fraa oss, aa me er inkje alle glae i aa mista dei. Det visar seg her, at det er eit sandt Ord, naar dei segja at eit Merkje paa Pietistarne er, at dei agta Samlingarne sine Høgare enn Gudstenesta i Kjyrkja.
U. Ø.
 

 

Frå Fedraheimen 08.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum