Fraa Valdris.

 
Den 18de Januar.
 
Takk fere de gamle Aare, ”Fedraheimen”!
 
Me hava mønge, so arbeida fere eit ungt o lukkele Norig, mønge, so arbeida me slek Eldhug o Kjærleike, at de e heilt fengjande; men de, so alle erø einte um ska vera eit Folks dyraste Eignalut, Morsmaale, de gjeva dei uss inkje. Me hava mønge, so koma me goe, ja reint framifraa norske Tanka, men dei stasa dei soleise te, at dei bli sjaaandes ut te vera komne engorstane nealands ifraa. Endaa me tykkja, me kjennast ve dessa Tankadn aa tykkja dei erø Kjøt taa vaaro Kjøt aa Bein taa vaaro Bein, ljøte me lell titt o jamt klype uss baade i Hud aa Høld o fraaga uss, so han ”Jeppe” laut fraaga se, den Ti dei hadde drøkke han full: ”E de eg, ell e de inkji eg!” Stundo erø me komne so burti Villa, at me tru, me erø vørtne Barona alle ihop, stundo meine me so Kjeringe i Eventyre, at me erø ein ”artig Fugl.” Du, Fedraheimen, hadde Mot te taka Stege fult ut ifraa fyrsto; du som kje berre slumpandes me engon norsk Tankin, du ha baade tenkt aa tala so ein Nordmann. Eg veit væl, at du korkje treng ell bryr de um, at nokon rosa deg; men de va ein bra Mann, so sa detta um deg, eg tytte Mann tala sannt o eg lyt faa Løve te takka deg før ditt Arbeid før de norske Folke i di Aare, so no ha gangi.
 
Mange Maalmenner vøre i Haust so sutefulle fere Maalsaken si Skuld; me heroppe gjekk suttra aa tuttra aa skremde inan, attistan me ha hatt Orsak te tralla aa synge. Maalsake ha alder her uppi Bygdo, trur eg, gjort større Framsteg en skjele no iaar. Eg viste no kji de før idag. Sjaa her kost e fann de ut. Eg kjenne um Lag tølv Skulemeistara. Fere Jol eit Aar sia va de berre tvo taa dei, so tala sitt Morsmaal i Skulen; no e de kje mindre en fem, so bruke Bygdemaale baade te Kvardas aa Helgars o den sette, sjauande, ottande aa niende bruke de ogso dagele i Skulestøgun men alder te Eksamen aa ”andre høitidelege Leiligheder”; berre try taa dessa tølv knote aa haaske, so alle gamla Kjeringa erø heilt undrige paa ko lærd ein Skulemeistar kann vera i desse Tio. Istan fere dei tvo vetoge Læraradn, me hadde eit Aar i Jolo sia, hava me no fem heiltupp vetoge, fire te hava faatt atte de meste taa Vete seno o erø paa go Veg te faa atte alt. ”Tale ljuge kji”, segjer Ordtøkje; men ner Maalsaki ha gjort sopas Framsteg i eit Aar, daa trur eg kji, me hava Orsak te suttra o bera uss ille. – Læraren vaar e ogso ein taa dei, so iaar vørto rettige atte, o eg lyt faa fortelja, kost de gjekk fere se. Eg hadde jamt hatt aat ’o, fere di han haaska so støtt; men han svara meg rae: ”I Skolen, hvor man ska have for seg Guds Ord, lyt man bruge eit finare Maal!” o so krøta o knota han, so Ungadn søto me gapandis Kjæft aa einstirde aa undrast paa, ko de va før noko rart, Læraren garta um. Men ner dei sløppo heimatt, bar de laust me Herming, daa sveiste dei me Lepo aa vrengde me Munne aa garta so løglegt, at jamvæl øldroge Folk laut storskratta: de veste va, at dei tytte alvorligne Ting, so dei slettes inkje skulde herme me,vørto løglegne i hass Munn. Ifjor Vet ei Gong raakte eg te ganga innpaa Skula te hono, aa sjaa! han garta Valdris, ekta Valdrismaal, te Ungo. Den, som tok te undrast, de va eg, o Bødne viste snautt, um dei skulde tru sine eigne Øyro; men den, so undrast mest va vist Læraren sjøl. Tankadn hass komo no klaart o lett, de va baade Meining o Orden i Katekisatione hass, de eine va hekta i de are, de gjekk alt so lint aa mjukt, so ein skulde kjøyre i ei Vøgn paa ein flat Veg, aa Bødne fanga Orde, for dei hadde dotte taa Tungun hass; før hadde Katekisation hass vøre so ein Gjeitedans; de va Høpp fraa Stein aa te Stein, taa ein liten ein uppaa ein stor aa so nie engor djup Høla – hit aa dit, i Krøss aa i Krikkl. De va kje vist veta, ko han kom te segja, ner han tala eit Maal, han hadde lært lite aa inkje taa. Eg ha høyrt um ein Mann, so hadde ei tysk Vaskarkjering; so vilde han fortelja henne, at han hadde gløymd atte Skjurta si heime, men attistan sa han, at han hadde ete ho upp. ”Aa stakkar, e du so nødig daa!” svara hona. Han hadde slumpa se fram Læraren vaar ogso før; inkji so no, de han meinte, de sa han. ”Nei, e du virkele norsk Lærar vørtin?” sa eg, daa han slepte Ungadn eit Bil. Aa eg so trudde du va ein ”artig Fugl.” Men kost i heile Verden – ha du hatt eit Syn, Gut, ell kost ha de seg, at du ha kasta den framande Trollhamen?” ”Les detta!” svara han aa flidde me nyaste Avisa. Der sto de daa um ”dei 36,” so kravde, at Læraren skulde garta Bødne sitt Maal i Skulun. Eg vart sæl, so sæl, eg kann kji tala um, ko sæl eg vart. Eg veit, Læraren ogso vart sæl; de va noko de o hava 36 Stortingsmenns Ord paa, at Bygdarmaale kji berre va gøtt nokk, men at de va de einaste, so skulde talast i Skulerome. Men sælast vørte nokk Bødne, stakkara, aa de trengdist kji truge dei aat Skulun no; dei kappast um koma; no lærde dei noko no, de vart Liv i Skulestøgun. Sia ha Læraren vaar tala sitt Morsmaal baade heime aa burte, han e ein glup Lærar, men ein Ræddhare taa veste Slage. Daa han fekk høyra, at de va noko Skuleautoriteta her i nørste Enda paa Norig, so vøro imot, at Læraren garta Norsk te norske Læresveina, va han paa vilja vørte ein ”artig Fugl”, att. Likevæl ha eg faatt han te bie, te dess han ser, kost de gjeng Maalsaken i Tinge i Vetr. Tapa ho der, e eg viss um, at kji berre han, men meste Torin taa heno Læraro vilja taka att te knote Dansk. Kost de daa ska ganga me Bødno, so no ha faatt høyrt sitt Morsmaal, e meir en eg kann segja. De bli væl sama Krauninge so de før va, ner dei skulde aat Skulun. Aa ko hjølpe de, um summe gaa aa lesa seg baade øre o ville, ner dei ingjen Ting læra. Men kann Stortinge aa Styre leta Bødne vekse upp i Faakunna? De kann byggjast Skulestøgo, de kann køstast ut i tusenvis te Skulo, de e alt inkji te Gagns, de e so aa kasta Peingadn i Sjøen, so lengji eit framant Maal ska talast i Skulerome. De, so sita der inni Kristian, de, so ha Dansk te dikka Morsmaal aa vørte gøtt upplærde, de kunne me dikka beste Vili snautt skjøne, ko otrule lite Gagn Bondebødne hava taa Skulegøngun seno, ner deiris Morsmaal ska vera landlyst or Skulestøgun. De leve Tusental utover Lande me flinke, ferme Bødn: dei vilde gjedne aa kunna gøtt læra, dei kunna bli goe Kristne aa goe Børgara, kunna bli te Heir aa Æra fere sitt Følk, men de framande Maal stengji Vegen, kvæve i Hundrevis me unge, friske Liv. Eg e berre ein simpel Mann i ein Avkrok taa Lande, eg meina kji paa mæle meg i Klokskap me dei Høgherro derinne, so skrive imot Bygdamaale i Skulun, men de lyt eg segja, at hatt dei røynt de, eg ha røynt i Maalvegen, hatt dei sett Stakkarsungadn gange i Skulun Dag ette Dag utta aa bli mætare, hatt dei sett dei gamle Foreldro ganga derheima slite, lie ilt o svelte, før at Bødne deires kunne faa vera i Skulen o lære lite meir, en dei sjølve lærde, hatt dei høyrt, ko saart dei utsletne gamle ha sukka, ner dei daa lell tesist ha sett, at Bødne kji komo lenger en dei sjølve komo, hatt dei ogso sett, ko tjukk Faakunna i Bygd aa Dal e, aa kodan grueleg Skae ho gjere – daa trur eg, dessa sama Herradn skreiv o tala likeso varmt fere Bygdamaale i Skulun, so dei no tala aa skrive imot de. Slekt ette Slekt ha vøkse upp i Faakunna, ha tenkt o livt i Faakunna, ha døytt i Faakunna, Slekt ette Slekt ha maatt gange i si Grav utta aa faatt de minste Greie paa Live – dei ha grove i Mølden, ete, søve te Endin kom. Ska de halde paa so, ska de spirande Live hjaa vaar Bondestand kvævast lenger? Nei, me Bønda vona de, nei me venta, nei, me bea o krevja, at Storting aa Styre ska gjeva uss ei Log um, at Bødne vaare ska faa høyra sitt Morsmaal i Skulestøgo. So mange taa dei, so raa, erø imot Bygdarmaale, at ingjen Lærar kann ell vil tala de lengje, est de kji e ei Log, so segjer, han ska.
 
Ei slik Log e de me ynskja o krevja.
Gui kor o ein maatte vega sine Ord væl før han røsyta!
De e ei stor Sak. –
 
Einar T. Solsæt.
 

 

Frå Fedraheimen 08.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum