Høyems Skulebokomslag

 
Det ser ut til, at det er mange, som er rædde Høyems Skuleboksamlag, fyrskuld det at Høyem ikkje skriv Aasensk. Han kunde draga Folk med seg, meiner dei væl.
 
Men me tarv ikkje vera so rædde. Folk er ikkje so lette aa draga med. Hev ikkje Aasen samlat oss, so samlar ikkje Høyem oss. Dessutan som det stend i fyrre Bladet vaart: i den fyrste Tidi vil han gjeva ut ei Bok, som ikkje er aat Skulen, men berre til Lesning aat Læraren.
 
Endeleg finn me, at naar Høyem tøygjer seg so langt, at han fyr det fyrste lempar seg sjølv etter Aasen so godt han kann, og fyr det andre lovar aa gjeva ut Skulebøker paa Aasensk og, dersom dei kjem, so hev ikkje me Rett til aa vera so stive. Det er godt, at nokot vert gjort her. No, daa Lærararne tek til aa tala Bygdemaal i Skulen, maa dei hava Hjelp, og det snart, og det gjer daa væl ikkje so fælt mykje fraa elder til, um Stavemaaten ikkje altid er den beste. Me maa kunna draga litegrand tilhopes, me Maalmenn, um me nokot Sinn vil vona aa faa vaart Lass fram.
 

 

Frå Fedraheimen 08.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum